Nyheter

Eks-forsvarssjef om norsk bidrag i Afghanistan: «Ein suksess»

KAOS: I 2012 brukte dåverande forsvarssjef Harald Sunde orda «mission accomplished» om det norske bidraget i Afghanistan. Dei orda står han ved i dag.

– Situasjonen i Afghanistan er overraskande. Men ikkje heilt uventa, no som vestlege styrker går ut av landet med ei så kort tidsfrist, seier Harald Sunde til Vårt Land.

Sunde var norsk forsvarssjef frå oktober 2009 til november 2013. Han leia Forsvaret i fire av dei 20 åra Noreg hadde styrker i Afghanistan. Han hadde også ei sentral rolle i planlegginga av den internasjonale innsatsen i landet.

Det var aldri noko mål om å skyta og drepa flest mogeleg Taliban-soldatar.

—  Harald Sunde

Etter at Taliban tok over makta i Afghanistan tidlegare i august, er det kaos mange stadar i landet. Noreg sender no fleire spesialsoldatar til hovudstaden Kabul.

Med tanke på det me no ser: Var krigen i Afghanistan eit feilsteg?

– Eg er mot omgrepet «krigen i Afghanistan». Det er unyansert. Det samanliknar den militære operasjonen i Afghanistan med krigar som første og andre verdskrig. Dei var okkupasjons- og fridomskrigar, medan dei militære operasjonane i Afghanistan ikkje hadde krigens hensikt. Det var aldri noko mål om å skyta og drepa flest mogeleg Taliban-soldatar, seier Sunde.

Kallar norsk bidrag i krigen ein suksess

Frå 2005 til 2013 hadde Noreg eit særskild ansvar for tryggleiken i Faryab-provinsen nordvest i landet. Då norske styrker skulle trekke seg ut og overføra ansvaret til afghanske styresmakter i 2012, var Harald Sunde optimistisk på vegnar av regionen.

d

I eit intervju med NTB i 2012 sa Sunde at Afghanistan vil «aldri fullt tilbake til det gamle Taliban-styret» og han bruka omgrepet «mission accomplished»:

– Dette er «mission accomplished». Vi har gjort ein betydeleg og heiderleg innsats for det afghanske folk. Eg har sjølv vore her eit utal gongar, og sett endringar til det betre, sa Sunde i intervjuet med NTB.

Sjølv om landet har store utfordringar med analfabetisme og på mange måtar ligg hundreår bak oss, har afghanarar også fått kunnskap og forståing.

—  Harald Sunde

Han står ved desse formuleringane i dag.

– Eg kan seia det same i dag. Omgrepet «mission accomplished» brukte eg medviten. Me gav leiren i Faryab som me hadd bygd, vidare til dei afghanske styrkane. Det var det me var der for. Norske soldatar skulle skapa sikkerheit som la grunnlag for politiske institusjonar i området. Det var ein suksess, seier Sunde og legg til:

– Det at afghanarane ikkje klarar å halda på sikkerheita, er eit anna spørsmål. Det er eit bedrøveleg faktum. Men det hadde ikkje vore noko alternativ at framande styrker skulle stå i Afghanistan i evig tid.

Trur på moderate krefter i Taliban

Frå flyplassen i Kabul kjem det bilete av desperate afghanarar som prøver å flykta frå landet.

Tidlegare forsvarssjef Harald Sunde er likevel optimist på vegner av landet, også den dag i dag.

– Då eg besøkte Afghanistan som forsvarssjef møtte eg mange små barn som i dag er 20-30 år. Dei har fått sjå ei anna verd enn det gamle Taliban-styret. Dei har sett fridom, mogelegheiter, dei har blitt kopla på verda. Sjølv om landet har store utfordringar med analfabetisme og på mange måtar ligg hundreår bak oss, har afghanarar også fått kunnskap og forståing. Jentene er komne på skule. Nesten alle i Afghanistan har ein mobiltelefon. Dei ser resten av verda, og det bringar håp og lengsler for ei anna framtid.

Sunde var med i planlegginga av den internasjonale innsatsen i Afghanistan og leia ei planavdeling i NATO som spela ei nøkkelrolle då den internasjonale ISAF-innsatsen skulle utformast.

No peiker han på at det kan finnast moderate krefter også innanfor Taliban.

– Det er viktig å finne gode politiske løysingar, for militær makt er aldri svaret. Ein må få med det pashtunske folk på løysingar.

---

Krigen i Afghanistan

  • I oktober 2001 hjalp USA og andre vestlege land ein allianse av krigsherrar og opprørarar til makta i Kabul.
  • Grunnen var at al-Qaida, som sto bak terrorangrepa 11. september, hadde base i det då Taliban-kontrollerte landet.
  • USA og Nato hadde på det meste over 150.000 soldatar i Afghanistan.
  • Krigen skal ha kosta minst 160.000 menneske livet sidan 2001, mellom dei minst 43.000 sivile.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter