Nyheter

Jan Bøhler tek eit oppgjer med Frp

VALKAMP: – Skilnaden mellom meg og Frp er at dei vil stoppa innvandringa, medan eg vil få til ei god intergrering og sjå menneska, seier bokaktuelle Jan Bøhler.

Sola varma då Jan Bøhler lanserte boka «Nær Folk» i Groruddalen i Oslo på måndag. Senterpartiet sin listetopp i Oslo bar ein grøn caps med skrifta «trygg by», medan partileiar og medforfattar Trygve Slagsvold Vedum stilte i grøn t-skjorte med skrifta «Hele Norge».

– Her på Grorud har eg spela fotball sidan eg var fem år. Dette er mitt kjerneområde. Hyggeleg at de kjem opp her, sa Bøhler til dei mange frammøtte journalistane.

Eg har alltid vore oppteken av integrering. Sånn «nei til innvandring» har ikkje vore mitt spor.

—  Jan Bøhler

I boka tek Bøhler opp fleire av sine hjartesaker rundt innvandring og integrering. Han skriv om kampen mot tvangsekteskap, gjengkriminalitet og sosial kontroll.

– Eg vil jobba for å trygga nærmiljø og at barn og unge ikkje blir utsett for kriminelle nettverk, seier Bøhler til Vårt Land.

Om Grorud: – Eg har mange gode vener her

Bøhler har markert seg som ei streng stemme i integreringspolitikken, men flaggar i intervjuet med Vårt Land tydeleg avstand til Frp.

– Eg har alltid vore oppteken av integrering. Sånn «nei til innvandring» har ikkje vore mitt spor.

– Har du opplevd å blitt klistra til eit slikt spor?

– Nokon har prøvd på det, det synest eg er veldig urettvist. Eg bur i eit område der mange har innvandrarbakgrunn. Det er mine naboar, eg har mange gode vener her. Det er skilnaden i tilnærminga til meg og Frp: Frp er opptekne av å stoppa innvandringa. Eg meiner det viktige er å få til ei god integrering og å sjå menneska, seier Bøhler.

Ut mot fraksjoneringskultur i Ap

Nøyaktig tre veker før valet kjem duoen Bøhler/Vedum med boka «Nær Folk». Den trekk linjene mellom «den lille mann i Groruddalen og den lille mann i Bygde-Norge».

Boka famnar vidt, og sveipar innom draumane om å flytta NRK sitt hovudkontor til Groruddalen og utstrekt kritikk av New Public Management (NPM). Dette er eit styringsverktøy der ein bruker marknadsprinsipp i offentleg styring.

Det vekte merksemd då Jan Bøhler hoppa over frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet i fjor haust.

I boka kjem Bøhler med krass kritikk av sitt tidlegare parti. Han meiner partiet undervurderer kontakten med grasrota, og skildrar ein «fraksjonerings- og posisjoneringskultur» i partiet. Han skriv mellom anna:

«De politikarane jeg virkelig husker, er de med integritet. De som aldri er redd for å stå for noe, som alltid uttrykker meningen sin, helt ærlig. Den motsatte politikertypen – de folka som bare tenker på sin personlige karriere i partiet – kan veldig fort bli jattere»

Senterpartiet går til val med Arbeidarpartiet som føretrekt regjeringskamerat.

– Bør eit slikt parti få makt i Noreg?

– Eg prøver å vera ærleg om mine erfaringar rundt dei diskusjonane me hadde rundt statleg eigarskap, NPM og heleforetaksmodellen. Det står det litt om i boka, seier Bøhler.

Vedum målar seg mot 2017-resultatet

Sjølv om sola skein under boklanseringa, trugar mørke målingar Senterpartiet. Siste året har partiet bikka 20 prosent på fleire målingar, men i august har Sp vore nede på 11-talet.

Også i Oslo, der Bøhler er listetopp, går det trått. Oslo Sp får 2,8 prosent i siste lokale måling. Det er ikkje nok til å få Bøhler inn på Stortinget.

d

For to veker sidan la FN fram ein ny, knusande klimarapport. Partileiar Vedum ser ikkje noko samanheng mellom rapporten og målingane.

– Eg meiner me har den beste klimapolitikken. Me har ambisiøse mål om kutt, men me har litt andre løysingar enn dei andre partia, seier Vedum til Vårt Land.

– Har du vore flink nok til å få fram Sp sin klimapolitikk, når de gjer det så dårleg på målingar?

– No må ein hugsa på at me er det einaste av dei fire store partia som går fram sidan 2017. Men ein kan alltid bli betre, sjølvsagt, seier Vedum.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter