Jan Bøhler tek eit oppgjer med Frp

VALKAMP: – Skilnaden mellom meg og Frp er at dei vil stoppa innvandringa, medan eg vil få til ei god intergrering og sjå menneska, seier bokaktuelle Jan Bøhler.

Jan Bøhler og Trygve Slagsvold Vedum lanserte mandag boka «Nær folk» på Kafe Steinbra i Groruddalen. Foto: Gorm Kallestad / NTB
MENN MED BOK: Jan Bøhler og Trygve Slagsvold Vedum under lanseringa av boka «Nær Folk» i Groruddalen.
Publisert Sist oppdatert

Sola varma då Jan Bøhler lanserte boka «Nær Folk» i Groruddalen i Oslo på måndag. Senterpartiet sin listetopp i Oslo bar ein grøn caps med skrifta «trygg by», medan partileiar og medforfattar Trygve Slagsvold Vedum stilte i grøn t-skjorte med skrifta «Hele Norge».

– Her på Grorud har eg spela fotball sidan eg var fem år. Dette er mitt kjerneområde. Hyggeleg at de kjem opp her, sa Bøhler til dei mange frammøtte journalistane.

I boka tek Bøhler opp fleire av sine hjartesaker rundt innvandring og integrering. Han skriv om kampen mot tvangsekteskap, gjengkriminalitet og sosial kontroll.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP