Nyheter

Kva veljartype er du?

VALGOMAT: No lanserer Vårt Land vår eigen valgomat. Vi ser vi på valet med eit litt anna blikk og prøvar å seie noko om kva slags verdiar du har, og kva type veljarar som delar desse verdiane.

Byradikalaren

Audun Lysbakken

Du heiar på kortreist mat, men utover balkongtomatar er ikkje landbruk noko for deg. Du held deg mest i byen. Du brenn for miljø og klima, for internasjonal rettferd og for mindre ulikskap. Du meiner dei rikaste har altfor mykje makt i samfunnet, og du blir kraftig provosert av å sjå milliardærar sutre over høge skattar, samstundes som arbeidarane som har skapt rikdomen for dei, tener for lite til å komme seg inn på eigedomsmarknaden.

Partialternativ: SV, Raudt og MDG

Klassisk urbansosialist

Bjørnar Moxnes

For deg er 1. mai den viktigaste dagen i året. Er du godt vaksen, deltok du kanskje på studiesirklar om Marx i din ungdom. Er du av den yngre garden følgjer du AOC på insta. Men engasjementet ditt mot urettferd er det same. Du bryr deg om klima og miljø, men samstundes let du deg ikkje lure av såkalla grøne kapitalistar som snakkar om miljø, men eigentleg er mest opptekne av å flytte norske industriarbeidsplassar til lågkostland.

Partialternativ: Raudt og Arbeidarpartiet

Miljø-advokaten

Hulda Holdtvedt

For deg er miljø og klima viktigare enn alle andre saker. Ideologiske kollokvium har du lite tid til. Skal vi løyse klimakrisa må vi handle no, og då må vi bruke dei verkemidla vi har. Det viktigaste er at vi kuttar utslepp og tar vare på naturen. Du er sjølvsagt også oppteken av saker som internasjonal rettferd og ulikskap, men kva hjelper det å løyse desse sakene, dersom jorda bli uleveleg for generasjonen som kjem etter oss?

Partialternativ: MDG og SV

Gerhardsenungdomen

Eigil Knudsen

Du representerer den gamle skulen. Du er oppteken av fagforeiningsarbeid og står gjerne på barrikadane for skikkeleg arbeidsfolk. Du bryr deg sjølvsagt om miljøet, men ville ikkje vere med på akademisk skrivebordspolitikk som berre fører til at norske industriarbeidsplassar blir lagt ned og flytta ut av landet. Du er praktisk orientert og har lite tolmod for svevande prat. Du vil ha reine ord for pengane!

Partialternativ: Ap og Raudt

Urbanisten

Heidi Nordby Lunde

I det daglege trivast du best med brusteinsgater og myldrande folkeliv rundt deg, men du kan nok også trivast godt på topptur i Lofoten. Du er oppteken av å ta vare på miljøet, du tek sterk avstand frå rasisme og du elskar Pride. Du er kanskje ikkje så veldig oppteken av ideologi, men du ønskjer deg eit samfunn der folk er mest mogleg fri til å ta sine eigne val, utan at staten skal blande seg så altfor mykje inn.

Partialternativ: Venstre, Høgre og MDG

Tradisjonalisten

Michael Tetzschner

Kultur seier noko om historia vår og om verdiane våre. Og enkelte verdiar er viktige for å halde samfunnet saman, til dømes det å ha ei kjensle av plikt. Den kjensla blir øydelagd når staten i for stor grad skal blande seg i alt. Å ha pengar, til dømes, medfører ei plikt til å forvalte pengane til det beste for samfunnet. Men når staten vil skatte oss i hel og ta over ansvaret for forvaltinga – då blir vi alle mindre ansvarlege menneske.

Partialternativ: Høgre og KrF

Gladliberalisten

Mathilde Tybring Gjedde

Du er ein entusiastisk tilhengar av privat innovasjon. Du var ein av dei første til å ta i bruk elsparkesykkel, og du er heilt sikker på at nytenkande gründerar kan gjere langt meir for å redde oss ut av klimakrisa enn all verdas politiske langtidsplanar. Dommedagsprofetar har det vore mange av opp gjennom åra, men sjå kor bra det har gått! Gje privat næringsliv dei rette incentiva, så let det meste seg løyse. Hurra for framtida!

Partialternativ: Høgre og Venstre

Marknadsentusiasten

Sivert Bjørnstad

Det er ikkje det at du er så oppteken av pengar, men du bryr deg om kva pengar kan gjere. Dei kan skape nye arbeidsplassar. Pengar sett i arbeid på riktig måte, gjer livet betre for deg og meg i framtida. Dei fleste kan lukkast dersom dei står på. Vi skal sjølvsagt ta vare på dei som ikkje kan jobbe, men vi skal ikkje sy puter under armane på arbeidsføre folk som ikkje gidd å komme seg opp om morgonen. Pengar er størkna sveitte!

Partialternativ: Høgre og Frp

Bygdesosialisten

Hege Lothe

For deg er distriktspolitikk eit demokratispørsmål. Du blir provosert over at røystene til vanlege folk ute i bygdene ikkje blir høyrde når avgjersler om deira liv blir tekne. Venstresideideane er ikkje mindre aktuelle i bygda enn dei er i storbyane. Du stiller gjerne opp i fakkeltog for det lokale fødetilbodet, eller i bunad for å protestere mot nedlegging av statlege. Bygdestemmer er lenger borte frå makta, så dei må rope høgare!

Partialternativ: SV og Ap

Industriromantikaren

Bjørnar Skjæran

Spør du Blindern-eliten i Oslo så er petrokjemi, oljeindustri og fiskeri nærast for skjellsord å rekne. Men samstundes er det nettopp slik industri som over skattesetelen betalar løna deira. Den viktigaste oppgåva framover er å skape trygge arbeidsplassar over heile landet. Dei som trur vi kan leve av å selje grafisk design til kvarandre på Grünerløkka, kunne trengt seg ein tur ut i landet for å sjå korleis ekte verdiskaping ser ut.

Partialternativ: Ap og Raudt

Ordføraren

Hadia Tajik

For deg er det viktigaste trygg styring og at hjula blir haldne i gong. Ryggrada i det norske samfunnet er gode offentlege tenester, og trass i det enkelte på høgresida lèt som, så er ikkje det noko som kjem av seg sjølv. Du er brennande oppteken av godt fungerande kommunar, blant anna fordi det er ute i kommunane at kampen for å ta vare på natur og for å stoppe klimaendringane skjer. Nokon må ta ansvar for å løyse problema i samfunnet.

Partialternativ: Ap og Sp

Byggaren

Ola Borten Moe

Du vil ta tilbake verdiane som byane stel frå distrikta, og skape nye moglegheiter i heile landet. I Oslo-området klagar dei på at vegane og toga er fulle, og bustadmarknaden er sprengd. Men har dei tenkt på at om ein brukte litt meir pengar på å bygge vegar, jernbane og kultur i resten av landet, og litt mindre på den eine budsjettsprekken etter den andre i hovudstaden, så ville folk også ønskje å flytte ut og lette presset på Oslo?

Partialternativ: Senterpartiet og Ap

Bygdeoptimisten

Alfred Bjørlo

Det er ikkje den ting ein ikkje kan få til ute i distrikta, med lokal skaparkraft. Det er mange som trur bygdefolk er trauste og litt konservative. Men det er ikkje du. Du er minst like oppteken av å løyse klimaproblemet som økohipsterane på Grünerløkka, og du vil gjerne trekke teknologiarbeidsplassar til kommunen. Breiband til bygdene kan høyrest ut som ei klisjé, men med raskt internett kan framtidas teknologibedrifter ligge kor som helst.

Partialternativ: Venstre og KrF

Bunadshøgre

Silje Hjemdal

Du meiner 1. mai er ein god dag for hagearbeid, og perfekt for å male flaggstonga. Sjølv om du kanskje ikkje er bonde sjølv, så kjem verdiane dine frå sjølveigande bønder. Dei klarte seg utan hjelp, så lenge dei fekk vere i fred og ikkje hadde betrevitande styresmakter hengande over seg. Sånn er det framleis – det er ute i distrikta verdiane blir skapt, medan byråkratar i Oslo gjer kva dei kan for å trenere med avgifter og reguleringar.

Partialternativ: Høgre, Frp og Sp

Klimakapitalisten

Ida Lindtveit Røse

Du veit at klimakrisa er høgst reell, men du veit også at det er i kriser at nye idear og nye moglegheiter blir til. Rundt på kvart nes er det ivrige gründarar og risikovillig kapital klar til å utvikle nye, utsleppslause løysingar innan alt frå landbruk til skipsfart. Derfor er god næringspolitikk og god klimapolitikk to sider av same sak. Staten si viktigaste oppgåve må vere å rydde bort hinder for innovasjon og vekst – ikkje å skape dei!

Partialternativ: Høgre, Venstre og KrF

Hestehandlaren

Marit Arnstad

For deg finst det ingen viktigare eigenskap i politikken enn sunt bondevett. Politikk er ikkje ei teoretisk øving – det handlar om levekåra til folk. Det er ikkje det at du ikkje bryr deg om miljøet – tvert imot, du er oppteken av det som lever rundt deg. Men det er altfor enkelt for byfolk som tar trikken til jobben å snakke om bensinprisane. For dei er det rein skrivebordsteori. For deg, og for arbeidsplassen din, er går det direkte på botnlinja.

Partialternativ: Sp, Frp og KrF


Ta testen og finn DIN veljartype




Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter