– Han fekk valet, enten er du medlem av Framstegspartiet eller Sian. Begge delar er ikkje mogleg.
Kristoffer Birkedal er leiar i Sandnes Frp. Når Vårt Land kontaktar han med ein førespurnad om ein eldre mann med lang fartstid i Frp som over tid har vore aktiv på Sians Facebook-side – og som utfordrar partileiinga med at han er medlem i Sian, reagerer lokallagsleiaren straks:
– Eg sjekkar om han er medlem, og så kontaktar eg han og gjev han valet.
Vel 30 minutt seinare tysdag ettermiddag ringjer Birkedal opp att:
– Han valde å bli i Sian. Medlemsskapet hans i Frp opphøyrer ved arbeidsdagens slutt.
Birkedal opplyser at han og alle andre lokallagsleiarar i Frp har fått e-post frå partikontoret med klar melding om å rydde opp i saker der Frp-medlemmer også er medlem i Sian.

Tek avstand frå Sian
Medan Frp-leiar Sylvi Listhaug forsvarar bruken av ordet «snikislamisering», set partiet opp ein mur mot Sian:
«Fremskrittspartiet er åpent for alle som støtter vår politikk. Et medlemskap i Sian er ikke forenlig med å være medlem av et liberalistisk folkeparti som Fremskrittspartiet. Det har vi sagt klart og tydelig ifra om», skriv Øistein Lid, assisterande generalsekretær i Frp, i ein e-post til Vårt Land.
I samband med tiårsmarkeringa av terroråtaka 22. juli 2011, blei Frp utfordra frå fleire kantar til å ta oppgjer med og avstand frå ytterleggåande haldningar i eigne rekkjer.
I ein kronikk i Nettavisen skriv Listhaug at Frp tek «avstand fra Sian» og at det «er helt greit å være kritisk til islam, men det blir helt feil å skjære alle muslimer over en kam, som Sian gjør».
[ Politiet vil ikke si hvor mye Sian-beskyttelse koster ]
Utfordra partileiinga
Mannen frå Rogaland, som valde vekk Frp tysdag, skriv på Facebook at han har vore medlem i partiet sidan Anders Langes tid – Anders Langes Parti blei skipa i 1973 og var forløparen til Frp; ALP skifta namn til Fremskrittspartiet i 1977.
Han har over tid ytra seg svært kritisk mot islam og muslimar, ofte på Facebook-sida til Sian. I slutten av juli, etter at Sylvi Listhaug i eit NRK-intervju tok avstand frå Sian, la han ut denne meldinga:
«Det er bare noen måner siden jeg betalte kontingenten til Frp og SIAN. Jeg blir værende i SIAN og forventer eksklusjon fra Frp. Hva nå?»
Hadde mannen kravd å få vere medlem i Sian samstundes som han var Frp-medlem, ville det blitt ei eksklusjonssak, melder Birkedal i Sandnes Frp
På spørsmål om lokallaget sjølv burde ha avdekt saka, svarar Birkedal at dei ikkje har ressursar til å overvake sosiale medier.
Vårt Land har ikkje lukkast med å få kontakt med mannen.

Avdekte Sian-aktivitet
Frp-arars band til Sian kom for alvor til syne i 2019, under kommunevalkampen. NRK avdekte i månaden før valet at 28 av dei som hadde vore aktive i Sians Facebook-gruppe dei siste fem åra, stod på Frps vallister til kommunevalget, og hadde verv eller varaverv i lokallag, fylkeslag eller kommunestyre.
Det var eit stort spenn i kva kandidatane hadde skrive, viste NRKs gjennomgang. Fleirtalet ytra kritikk mot islam i varierande styrke. Nokre hadde også moderert ordskiftet.
Dåverande partileiar Siv Jensen gjekk ut og slo fast at Frp-medlemmer ikkje kunne vere medlem av Sian:
«Jeg har bedt våre fylkesledere om å kontakte dem det gjelder og vurdere sanksjoner. Eventuelle grove overtramp kan i verste fall bety at man mister medlemskapet», sa ho til NRK.
[ Styremedlem trekker seg fra Sian ]
Støttar framleis Sian
Kort tid før NRKs avsløring avdekte Filter Nyheter at Frps listetopp på Nesodden, ordførarkandidat John Brungot, hadde vore aktiv i Sian i fleire år, mellom anna på offentlege demonstrasjonar, og han hadde lagt ut Facebook-innlegg der han omtalte muslimar som «dødsfiender» og «barbarer».
Frp svarte på avsløringa med å gå til eksklusjonssak.
– Men Brungot valde å melde seg ut av Frp før eksklusjonen blei effektuert, opplyser Liv Gustavsen til Vårt Land. Ho er leiar i fylkeslaget Viken Frp.
– Det stemmer, eg melde meg ut før eg blei ekskludert, seier Brungot til Vårt Land.
Han fortel at sidan 2019 har han vore partilaus, men har halde fram som «støttespelar i Sian».
Suspendert frå eit verv, fekk behalde eit anna
Ein av dei 28 Frp-arane NRK fann på Sians Facebook-side, var Ole Hovengen, nestleiar i Drammen Frp og styremedlem i Viken Frp. Fylkeslaget reagerte kraftig på dei mange og krasse innlegga til Hovengen og kalla han inn på teppet. I juni 2019 hadde han også fått ei skriftleg åtvaring, melde Drammens Tidende. Hovengen var ikkje medlem i Sian.
Etter ei lengre saksbehandling vedtok Viken Frp å suspendere Hovengen frå vervet som fylkestyremedlem i seks månader.
– Dermed kunne han ikkje bli attvalt til vervet ved valet i 2020, forklarar fylkesleiar Gustavsen til Vårt Land.
Men Hovengen beheldt vervet som nestleiar i Drammen Frp – noko han er framleis.

Kan debattere på Sian-side
Stortingsrepresentant Jon Helgheim er leiar i Drammen Frp og innvandringspolitisk talsmann i Frp.
– Kvifor fekk Hovengen behalde nestleiarvervet i Drammen Frp då fylkeslaget suspenderte han?
– Suspensjonen skuldast interne forhold mellom Ole og fylkesstyret, og hadde ikkje noko med Sian å gjere, forklarar Helgheim.
Han meiner at tillitsvalde og medlemmer i Frp fint kan debattere på Sians Facebook-side.
– Det har eg gjort sjølv.
«Er ikke suspendert»
Hovengen har ei anna oppfatning av kva som skjedde i 2019: «Jeg er ikke suspendert i verken lokallag eller fylkeslag. Derimot trakk jeg meg fra styret i Viken FrP, på grunn av at jeg ikke fant at vervet var god tidsbruk», skriv han i ein sms til Vårt Land.
I Enhetsregisteret i Brønnøysundregistrene står Ole Hovengen framleis oppført som styremedlem i Viken Frp.