Nyheter

Dyttar tidleg ultralyd-tilbodet ut i tid

BIOTEKNOLOGI: Helseminister Bent Høie (H) varslar at tidleg ultralyd ikkje blir eit tilbod til alle gravide neste år. To private klinikkar har fått løyve til å tilby blodprøven NIPT.

«Konklusjonen er at det er kapasitets- og kompetanseutfordringer med å tilby tidlig ultralyd til alle gravide i 2022», skriv helseministeren i eit brev til Stortinget.

Arbeidarpartiets Tuva Moflag, talskvinne for bioteknologi, er reagerer på tempoplanen til regjeringa og Høie.

– Regjeringa fekk ein marsjordre av Stortinget i fjor, men brukar unødvendig tid på å gjennomføre ordren, seier ho til Vårt Land.

Overkjørte Solberg-regjeringa

I mai i fjor gjekk Arbeidarpartiet, SV og Framstegspartiet saman og overkjørte Solberg-regjeringa då ny bioteknologilov blei klubba gjennom.

Dei fleste lovendringane, som var oppmjukingar, trødde i kraft allereie 1. juli 2020. Mellom anna blei blodprøva NIPT, som kan avdekkje kromosomavvik, lovleg i Norge, og alle gravide skulle få tilbod om tidleg ultralyd.

Det siste året har biotekalliansen Ap, SV og Frp ved fleire høve etterlyste høgare tempo i arbeidet med å rulle ut tilboda.

allianse

Ber Høie om status

I eit skriftleg spørsmål til helseminister Høie ber Aps Moflag om statsråden kan gjere greie for «hva som er status på endringene som ble gjort av Stortinget i bioteknologiloven» – og om statsråden har «fått på plass tilbudene og rettighetene som følger av endringene».

Bak hennar spørsmål ligg det ei frykt for at KrF får trenere utrullinga. Moflag viser til at det KrF-leiar og statsråd Kjell Ingolf Ropstad sa til NRK etter vedtaka i Stortinget: «(...) kommer ikke jeg til å jobbe for at dette skal bli så raskt innført som Stortinget ønsker.»

---

Bioteknologi

  • Bioteknologieloven blei liberalisert i fjor.
  • Tidleg ultralyd og blodprøven NIPT skal bli eit tilbod til alle gravide.
  • Tidlig ultralyd i første trimester kan saman med ein NIPT-test indikere om fosteret har Downs syndrom eller dei dødelege tilstandane trisomi 13 og 18. NIPT er ein analyse av fosterets arvestoff i ein blodprøve frå den gravide.
  • I dag får alle gravide et tilbud om ultralyd i andre trimester.

---

Strevar med levering av utstyr

Høie understrekar i svarbrevet at «regjeringen har fulgt opp alle lovvedtak og anmodningsvedtak om endringer på bioteknologifeltet fra Stortinget», men at det var naudsynt å utgreie tilboda, noko som ikkje var gjort i «forkant av Stortingets vedtak».

Statsråden peikar på at det trengs både etterutdanning av helsepersonale og fleire jordmødre og legar for å kunne gje tilbod om tidleg ultralyd til alle gravide – og meir medisinsk-teknisk utstyr.

Helseministeren opplyser at dei fire regionale helseforetaka har fått i oppgave å starte opplæring og kompetansehevende tiltak «slik at tilbudet om tidlig ultralyd til alle gravide kan komme på plass i hele landet i 2022», skriv Høie, før han legg til at helseforetaka har meldt inn at «det er utfordrende å få gitt opplæring/utdanning av jordmødre og leger i alle regioner» – og at det er «usikkerhet rundt leveransesituasjonen i markedet for bestilling av ultralydapparater og laboratorieutstyr for å analysere NIPT».

Statsråden oppsummerer slik: «Konklusjonen er at det er kapasitets- og kompetanseutfordringer med å tilby tidlig ultralyd til alle gravide i 2022. Det vil variere hvor tidlig i 2022 sykehusene kan gi tilbud til alle gravide, men tilbudet vil komme på plass i løpet av året.»

lovvedtak

Tilbod til alle gravide

Regjeringa har også fått kritikk for å ha brukt lang tid på å gje private tilbydarar høve til tilby svangerskapsprøven NIPT. Det offentlege tilbodet om NIPT er framleis under arbeid. Difor reiser norske gravide til utlandet for NIPT-prøven.

NIPT gjer det mogleg å til dømes avdekkje kromosomfeil som Downs syndrom tidleg i svangerskapet. Då bioteknologiloven blei endra i fjor, sa Stortinget at tidleg ultralyd og NIPT skal bli eit tilbod til alle gravide.

18 søknader, to har fått ja

Helsedirektoraret opplyser til Vårt Land at sidan det blei mogleg for private klinikkar å søkje om å få tilby NIPT 1. april, har det kome mange søknader.

«18 private virksomheter har søkt om godkjenning. Søknadene behandles fortløpende, og per i dag er det to virksomheter som har fått godkjenning», skriv direktoratet i ein epost.

Vårt Land ser av brev og e-postar som går mellom direktoratet og søkjarar at fleire søknader er mangelfulle. Helsedirektoratet etterspør særleg kompetanse og samarbeidsavtalar med laboratorier som skal analysere blodprøvene frå dei gravide.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter