Nyheter

Håpar på dyre løfte frå Støre

KAMPMODUS: Torsdag besøker Jonas Gahr Støre garden der namnet hans kjem frå. Bondeopprørarane ber Ap-leiaren om å tetta inntektsgapet mellom bønder og resten.

– Eg kunne eigentleg ha rive denne planen i to.

Tor Jacob Solberg står i holete arbeidsklede på garden sin i Skiptvet i Østfold. I handa har han Arbeidarpartiets opptrappingsplan for jordbruket.

– Me har ikkje trua på denne planen. Ikkje så lenge den ikkje set klare, tydelege tidsfristar for når bønder skal tena det same som andre i samfunnet, seier han.

Dette «me» som Tor Jacob Solberg refererer til, er Bondeopprøret. Det er eit grasrotinitiativ starta av fem bønder, som har vekse til eit opprop som har fått rundt 59.000 underskrifter og ei Facebook-side med 46.000 medlemmer.

Opprørarane jobbar for ein ny kurs i jordbrukspolitikken. Dei krev betre økonomiske vilkår til bøndene og ein ny metode for å rekna ut bøndenes inntekter.

Ønsker ein tidfesta plan

I dag startar Ap-leiar Jonas Gahr Støre valkampen med eit besøk på Støre gard i Trøndelag. Det er denne garden Ap-leiaren sitt etternamn kjem frå.

Planen til Ap er er ei opptrapping av kva me skal gjera, men ikkje kva me skal få.

—  Tor Jacob Solberg, bondeopprørar

Tor Jacob Solberg håpar Støre nyttar høvet til å koma med løfter til bøndene. Våren og sommaren har Bondeopprøret fått fleire gjennomslag. No håper dei å få Ap med på laget.

– Ap seier dei ønsker ei endring, men dei vil ikkje vera konkrete. Det gjer at me ikkje klarer stola på dei, seier Solberg.

Aps opptrappingsplan for jordbruket set mellom anna mål om eit meir klimavenleg jordbruk, styrka sjølvberging og betre dyrevelferd.

Bondeopprøret. Tor Jakob Solberg. Skiptvet i Østfold.

Problemet er ifølgje Solberg og dei fire andre bondeopprørarane: Det følger ikkje med nok pengar til å auka inntektene til bøndene.

– Planen til Ap er er ei opptrapping av kva me skal gjera, men ikkje kva me skal få.

Heilt konkret ønsker Bondeopprøret at Ap skal fastsetja når inntektsgapet skal bli tetta mellom bønder og andre grupper.

– Politikarane har lenge sagt at «gapet skal tettast». Det viktige er å få tidfesta innan når dette skal skje. Viss ikkje, hadde det vore nok om ein kvart år gav bonden ei krone meir i inntekt enn resten av samfunnet.

Tener meir enn sjefen

Tor Jacob Solberg viser Vårt Land rundt på storgarden. Det luktar friskt av møk. Jorda skal gjødslast, og Solberg har fått hjelp av to unge landbruksarbeidarar.

Benjamin Aspelund Jensen (17) og Marvin Holberg (19 år) tener begge meir enn sjefen. Som avløysarar tener dei rett under 200 kroner timen, medan Tor Jacob Solberg tener 125 kroner.

– Eg har lyst å bli bonde sjølv, så det er ikkje heilt bra at eg tener meir enn sjefen, seier Marvin Holberg.

Bondeopprøret. Tor Jakob Solberg. Skiptvet i Østfold.

Tor Jacob Solberg driv jorda på 11 gardar i området, og har både korn, ammeku og mjølkeku. Likevel går det knapt rundt.

– Nyleg hadde eg eit møte med rekneskapsføraren min. Ho råda meg til å få inn billig hjelp på garden så eg kunne ta meg jobb utanom. Eg tener knapt pengar, og har utsikter til å bli minstepensjonist.

Ifølgje Solberg er dette realiteten for mange bønder.

– Bonden tener i snitt reelt ein tredel av ein lønnsmotaker. Og kvar dag legg to bønder ned gardane sine.

Ein sommar med fleire sigrar

Trass den dystre økonomiske situasjonen, kan Solberg og dei andre bondeopprørarane notera seg fleire sigrar.

Sidan oppstarten i april, har grasrotopprøret fått gjennomslag for fleire kampsaker:

  • I mai opna regjeringa for å sjå nærare på korleis ein måler inntekter i jordbruket. Bondeopprøret har kritisert dagens modell for å ikkje ta høgde for gjeldsgrad eller utgifter bønder har til å leiga jord og mjølkekvotar. Det kan få inntektene til bøndene til å verka som kunstig høge.
  • 11. juni bad SVs Torgeir Knag Fylkesnes regjeringa laga ein opptrappingsplan for å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper innan 4 år. Dette kom i næringskomiteens innstilling til jordbruksoppgjeret.
  • 25. juni lanserte Senterpartiet Matløftet 2025. Løftet krev ein forpliktande og tidfesta plan for økonomisk jamstilling av jordbruket og andre yrkesgrupper, med ein tidshorisont på 4 til 6 år.

– Me har også fått støtte frå over 300 ordførarar. Mange av dei kjem frå Arbeidarpartiet, seier Solberg.

Bondeopprøret. Tor Jakob Solberg. Skiptvet i Østfold.

Det får Solberg til å augna håp om at Jonas Gahr Støre vil følga etter. Han viser til SV-bauta Berge Furre, som fekk i stand eit opptrappingsvedtak for jordbruket i 1975.

– Støre har sjansen til å bli vår tids Berge Furre. I 1975 sikra Furre trua på landbruket, der gardane fekk økonomi til å fornya seg. Nesten alle garder som er aktive i dag, har fjøs som vart bygd etter dette vedtaket. No kan altså Jonas Gahr Støre stå på sine forferdres gard og sikra norsk matproduksjon for tiår framover.

Støre: Ikkje alle svar ligg i det som ligg bak oss

Vårt Land møter Jonas Gahr Støre rett før han legg ut på valkampturne i Trøndelag. Han har ingen umiddelbare planar om å bli ein moderne Berge Furre.

– No var det vel slik at Berge Furre aldri kom i regjeringsposisjon med dei ambisjonane han hadde. Eg kan finna vegvisarar i eige parti. Vårt noverande program inneheld den tydelegaste distriktspolitikken sidan 1970-talet.

Jonas Gahr Støre på sitt kontor på Stortinget.

Ap-leiaren vil tetta inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Han vil ikkje tidfesta når det skal skje.

– Det må me koma tilbake til når me sit i forhandlingane med organisasjonane til bøndene. Desse samtalene er berebjelken i jordbruksoppgjeret. Så er det avgjerande er å finna ut korleis ein kan heva inntektene utan at dei ramler ned med ein gong, seier Støre.

Han peiker på at Ap vil sikra bøndene betre inntekt og fritid ved å sikra tollvernet og gjera det lettare for bønder å få avløysar. I tillegg vil han ha på plass ei investeringspakke til bøndene som må bygga om fjøsa til lausdrift.

Jonas Gahr Støre kjem også med eit lite stikk til Sp:

– Me må tenka langsiktig. Då Sp sat i Landbruksdepartementet i vår regjeringstid, gjekk talet på bruk ned. Det er ikkje sånn at alle svar ligg i det som ligg bak oss. Me må også sjå etter svar i det som ligg framfor oss.

Bondeopprøret. Tor Jakob Solberg. Skiptvet i Østfold.



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter