Nyheter

Utvalde får opphald, andre må bli att

TALIBAN: Stortinget sa ja til norske soldatar i Afghanistan i 20 år. Men ikkje alle hjelparane får bli med til Norge når Forsvaret gjer retrett. Vel 360 afghanarar har fått opphald, som kvoteflyktningar.

Oppbrot pregar krigsrista Afghanistan. Mange pakkar og reiser heim. USA og NATO trekkjer ut dei siste soldatane.

Afghanarar som fryktar framrykkande Taliban fordi dei har gått i teneste hjå NATO-styrkar, ber om å få slå følgje. Tyskland har gjeve reiseløyve til 3.000. Storbritannia snart det same.

Norge seier fleire må bli att. Dei har ikkje arbeidd for Forsvaret i det siste.

siger

Trudde på siger etter tre månader

To dagar før nyttårsafta i 2001 rådde stor optimisme på statsrådskontoret i Forsvarsdepartementet:

«Etter tre måneder ser jeg ikke bort fra at Afghanistan selv, i samarbeid med land i regionen, kan ta ansvaret for sikkerheten», lydde analysen Høgres svært USA-venlege forsvarsminister, Kristin Krohn Devold, gav til NTB.

Tidlegare same månad hadde Stortinget, minus SV, sagt ja til at Norge skulle sende soldatar til den USA-leia krigen mot al-Quaida og Taliban.

soldatar

Ville vere med i krigen

Bondevik-regjeringa ville vere med på laget som skulle nedkjempe terroristane som gjekk til åtak på USA 11. september same år. Seinare kom også SV med i Afghanistan-folden, som medlem av Stoltenberg-regjeringa, som trappa opp Forsvarets innsats mot opprørsgruppa Taliban.

I 20 år har Stortinget sagt at det er viktig at Norge deltek i kampen mot internasjonal terrorisme. Difor skulle Norge ha soldatar i Afghanistan.

Etter tre måneder ser jeg ikke bort fra at Afghanistan selv, i samarbeid med land i regionen, kan ta ansvaret for sikkerheten

—  Kristin Krohn Devold, forsvarsminister, i 2001

Blei i Afghanistan i 20 år

På lange oppdrag i framande land knyter Forsvaret til seg sivile yrkesgrupper, særleg tolkar, reinhaldarar og sjåførar. I alle land som husar internasjonale soldatar er det rift om slike jobbar. Dei sikrar lange engasjement og trygg løn.

26. juni 2021 var Norges kampoppdrag i Afghanistan over. Statsminister Erna Solberg, frå same parti som Kristin Krohn Devold, stod på Gardermoen og tok i mot siste kontingent spesialsoldatar.

Ho var særleg oppteken av ei gruppe:

Til Norge som kvoteflyktningar

«Jeg vet at mange er bekymret for sikkerheten til lokalt ansatte afghanere som har vært tilknyttet den norske innsatsen. Regjeringen har sagt at vi vil ta vare på dem, og jeg er glad for at de lokalt ansatte som har bistått Forsvaret som tolker og renholdere, samt familiene deres, nå har ankommet Norge.»

21. juni landa det eit chartra fly på Gardermoen i all løynd. Ombord var fire afghanske tolkar og to reinhaldarar, med familiar. Totalt 47 personar, får Vårt Land opplyst i Forsvarsdepartementet.

oppdrag

Dagen etter at dei 47 sette føtene på norsk jord, sende forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) ut ei kunngjering:

«Vi vil ta vare på lokalt ansatte som har jobbet for norske sivile eller militære myndigheter og som av den grunn kan få en utsatt sikkerhetssituasjon.»

Afghanarane som blir henta til Norge kjem på kvota for årlege kvote- eller overføringsflyktningar.

---

Afghanistan

  • Norge hadde soldatar i Afghanistan i 20 år, frå 2001 til 2021. Dei siste kampsoldatane kom heim i juni.
  • USA og NATO hadde på det meste 150.000 soldatar i landet, men klarte aldri å nedkjempe Taliban
  • Forsvarets oppdrag i Afghanistan kosta totalt 11,5 milliardar kroner.

---

Regjeringa opna for uthenting

3. juni sende justisminister Monica Mæland (H) ut ein instruks til Utlendingsdirektoratet – om «Overføring til Norge av lokalt personell som har vært ansatt av Forsvaret eller Norges ambassade i Afghanistan ved avslutningen av Resolute Support Mission (RSM)» - som er namnet på NATO-operasjonen som blir avslutta 11. september.

Instruksen seier at også sivilt tilsette afghanarar ved Norges ambassade skal få tilbod om Norge.

Fryktar Taliban drep dei

Men omtanken frå Solberg-regjeringa omfattar ikkje alle sivile som har arbeidd for Forsvaret.

«Jeg og 13 andre har jobbet for Norge i perioden 2006 til 2014, en jobb som har satt oss i fare og gjort oss livredde for å bli tatt eller henrettet av grupper i opposisjon til den afghanske regjeringen», skriv ein afghanar i eit ope brev til norske styresmakter i byrjinga av juli – det blei publisert i Forsvarets forum.

Til Vårt Land seier mannen at han og dei 13 andre no fryktar å bli drepne av Taliban. For etter å ha arbeidd for utanlandske styrkar blir dei definerte som spionar og svikarar.

Kjem saman med familien

Forsvarsdepartementet fortel til Vårt Land at tolkar har fått opphald i Norge i fleire rundar før det kom eit fly i juni.

Totalt er det snakk om 85 tolkar med familiar – eller totalt 315 personar med store og små.

Legg ein til dei 47 som kom i juni, kjem talet opp i 362 menn, kvinner og barn som har fått tilbod om Norge som nytt heimland. Berre nokre få har takka nei.

Tidlegare har afghanarar også søkt om opphald i Norge av tryggingsomsyn, og fått avslag.

Generalråd: Hent alle til Norge

Sverre Diesen var general og forsvarssjef i Norge i åra 2005-2009:

«Jeg tror ikke at Taliban er spesielt opptatt av om folk har vært tolker eller sjåfører. De kommer neppe til å vise noen nåde, uansett», seier han til Forsvarets forum.

Diesen har eitt råd: Gjev dei opphald i Norge.

Robert Mood, generalløytnant og tidlegare hærsjef, er endå tydelegare:

«Vi gikk på et nederlag i Afghanistan, de som samarbeidet med oss valgte vår side. Du etterlater ingen på slagmarken», skriv han i Forsvarets forum.

Afghaneren jobbet for Norge i åtte år, får ikke beskyttelse.

Tyskland hentar ut familiar

Tyskland hentar no ut afghanske tilsette med familier.

– Eg vil at me skal gje dei som har hjelpt oss så mykje, ein reell utveg, seier Tysklands statsminister Angela Merkel til nyhendebyrået DPA.

Så langt har kring 3.000 fått lovnad om Tyskland. Av desse har om lag 490 arbeidd for det tyske forsvaret eller tysk politi. Resten er familie. Storbritannia har opna dørene for 1.300, men seier det vil kome fleire, kanskje så mange som 3.000.

Taus forssvarssjef

Dagens forsvarssjef, general Eirik Kristoffersen, hadde i perioden 2002-2014 mange og lange oppdrag i Afghanistan som spesialsoldat. Han ønskjer ikkje å kommentere saka, fortel Forsvarets talsmann til Vårt Land.

Saka om kven som skal få sleppe inn i Norge ligg på bordet til regjeringa Solberg.

I Aghanistan melder den brutale, islamistiske opprørsrørsla Taliban at dei rykkjer fram på alle frontavsnitt.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter