Nyheter

Stormakter knivar om vaksinar til afrikanske land

KORONA: Kina donerte fire millionar vaksinedosar til afrikanske land. USA svarar med 1,5 millionar eindosevaksiner til sju utvalde land. Men Afrika er vonlaust unna vaksinemål.

dose

3,7 milliardar vaksinedosar er sprøyta inn i armar i totalt 214 land og territorier. Men det er enorme skilnader mellom kontinent.

Malta i Europa tronar øvst på statistikken over fullvaksinerte, med nesten 82 prosent av folkesetnaden.

I andre enden ligg DR Kongo. Her er null prosent fullvaksinert. Kongo har selskap av mange afrikanske land på nedre del av vaksinasjonsstatistikken, viser oversikten frå Global Change Data Lab ved University of Oxford.

Oppsummert: Vel ein prosent av folkesetnaden i Afrikas 54 land er fullvaksinerte.

krav

Trur ikkje mål blir nådd

Tre land har ikkje eingong starta vaksinasjonskampanjen, Burundi, Eritrea og Tanzania, melder USAs smittevernkontor, CDC.

John Nkengasong, direktør i CDC, er nedtrykt på vegne av afrikanske land: Det er nesten urå å nå målet om å vaksinere 60 prosent av alle afrikanarar innan utgangen av 2022.

Men eit delmål har han tru på:

– Me er framleis veldig optimistiske med tanke på å vaksinere minst 25 prosent innan årsskiftet.

---

Korona i Afrika

  • Afrika har 54 land, med totalt 1,374 millionar innbyggjarar.
  • Kontinentet er no inne i den tredje smittebølga.
  • 160.000 mennesker har døydd som følgje av pandemien.
  • Det er påvist 6,3 millionar koronasmitta.
  • Kjelder: WHO, CDC, GCDL

---

Må stole på donasjonar

Hovudforklaringa på at afrikanske land sakkar bak, er todelt: Dei manglar midlar til å kunne kjøpe inn vaksine – og er med det avhengige av donasjonar.

Dei må lene seg på det internasjonale Covax-programmet. Gjennom Covax-samarbeidet skal rike land dele fleire milliardar vaksinedosar med 92 låg- og mellominntektsland. Men storparten, 1,8 milliardar dosar, skal distribuerast først i 2022.

Norge har gjeve 1,7 millionar vaksinar til Covax, og løyvd 1,3 milliardar kroner til vaksineinnkjøp.

Startar produksjon i Sør-Afrika

FNs helseorganisasjon (WHO) seier det afrikanske kontinentet treng 200 millionar dosar dei komande månadane om ein skal klare å vaksinere ti prosent av folkesetnaden innan september.

Afrikanske land får no ei handsrekning frå eit sørafrikansk selskap. Biovac Institute i Cape Town skal starte produksjon av koronavaksinen til Pfizer og Biontech, opplyser Pfizer. Prosjektet i Sør-Afrika er deira første på kontinentet. Målet er å produsere 100 millionar dosar årleg. Men dei første vaksinane blir først klare neste år.

vaksine

Gjev 1,5 millionar eindosevaksinar

Medan WHO og Covax strevar med å vaksinere afrikanarar, skjerpar verdas to leiande, økonomiske supermakter kampen av Afrikas gunst.

Sist veke kunngjorde Beijing at Kina donerer fire millionar vaksinedosar til afrikanske land. Kina har lenge vore ei stormakt i Afrika, og byggjer særleg ut viktig infrastruktur med ein kombinasjon av rause gåver og billege lån.

No svarar USAs president på Kinas vaksineframstøyt, skriv All Africa Report. Joe Biden kunngjorde onsdag at sju utvalde afrikanske land får 1,5 millionar eindosevaksiner. Alle er frå fabrikanten Johnsen&Johnsen.

Tildelinga skjer via Covax og går til:

  • Kamerun: 303.050.
  • Lesotho: 302.400.
  • Den sentralafrikanske republikk: 302.400.
  • Gambia: 151.200.
  • Senegal: 151.200.
  • Niger: 151.200.
  • Zambia: 151.200.

Gjev utan motkrav

The Africa Report siterer ein namnlaus talsmann i Det kvite hus som seier at USAs vaksinedonasjonar til afrikanske land kjem utan krav om motytingar:

– Me har eitt mål med donasjonane, å redde liv. Som presidenten har sagt: USA vil vere verdas vaksinearsenal i kampen mot viruset.

Til no har USA gjeve og lova totalt 25 millionar vaksinedosar til afrikanske land. Kina har totalt gjeve og lova 27,9 millionar.

covax

Får frå rivalane

Den sentralafrikanske republikk, eit av verdas aller fattigaste og mest utpinte land, får dermed vaksinar frå både Kina og USA. Då gåva frå Kina kom i byrjinga av juli, uttrykte helseminister Pierre Somse stor takksemd:

– Takka vere denne donasjonen, som kom i rett tid, er landet bere rusta til å nedkjempe viruset.

Snart får han påfyll frå USA.

Global Change Data Labs oversikt viser at berre éin prosent av landets innbyggjarar er fullvaksinerte.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter