Nyheter

No klarar Tore Remi å vera sint

SÅR: Ein av tre overlevande slit framleis med traumer frå terroren på Utøya. For Tore Remi Christensen har det vore ein tohundreprosent jobb å koma seg vidare.

– Eg er blitt meir sint med åra. Det var liksom ikkje heilt lov å vera sint i starten. Me skulle berre vera glade for at me levde.

Tore Remi Christensen kikar utover ei roleg uteservering i Oslo midt i fellesferien.

For ti år sidan redda han og fem andre livet ved i stå musestille inne på eit lite toalett på Kafébygget på Utøya medan venene deira vart drepne utanfor.

Tore Remi Christensen er ein av dei 495 overlevande etter terroren på Utøya. Kva offentleg tilbod møtte han, når han kunne reisa heim igjen?

Historia hans handlar både om ein proaktiv fastlege og gode hjelparar, men også om tungrodde system ogr som aldri svara på e-post. Og om traume som sit i kroppen lenge etter at faren er over.

Konstant sliten i mange år

– Eg hadde ein suveren fastlege. Måndag 25. juli hadde han rydda tid i kalenderen. Han sørga for sjukemelding og spurte om eg trengde tilvising til psykolog.

Tore Remi Christensen trudde ikkje det. Han hadde jo overlevd og alt. Legen sende inn ei tilvising likevel.

– Det var jo smart, og to veker seinare fekk eg innkalling til psykolog. Det gjekk så kjapt, smiler Christensen og knipsar med fingrane.

I 2011 var Tore Remi Christensen 25 år gamal. Mange detaljar frå dei to første åra etter angrepet, har forsvunne. Han hugsar dei åra som «innmari mykje jobbing».

– Det tok ein del år før eg kjente meg utkvilt igjen. Eg var konstant sliten. Ikkje nok med at ein skal ha ein vanleg jobb – ein skal jobba med seg sjølv også. Det blir som ein 200 prosent stilling.

Utøya-overlevande Tore Remi Christensen.

Lét dei tyngste trauma ligga

I to år gjekk han til psykolog og var på kurs i rehabilitering. Den psykiske oppfølginga gjekk mykje på å handtera kvardagen: Fokus på kosthald, rutinar og fysisk helse. Han jobba med å kjenna igjen korleis kroppen kunne reagera på ulike ting som trigga frykta.

Det var ikkje mykje pustepausar. Til slutt sa det heilt stopp.

—  Tore Remi Christensen

Dei tyngste trauma lét dei ligga. Han jobba lite med dei konkrete opplevingane frå 22. juli.

– Tanken er at dess betre indre struktur du har, dess mindre feste får faenskapen. Men i ettertid er spørsmålet om det er den smartaste tilnærminga.

Etter to år meinte han at han var frisk nok. Psykologen sa han ikkje imot.

Tore Remi hadde så mykje han skulle gjera. Han sjonglerte etter kvart tre deltidsjobbar med lærarstudium i Oslo. Tok på seg verv i studentpolitikken.

Eg skreiv e-post til førelesaren om at eg hadde det vanskeleg og bad om eit møte. Eg fekk aldri noko svar.

—  Tore Remi Christensen

Ba om hjelp frå førelesar – fekk ikkje svar

Det heldt ei stund.

– Det var ikkje mykje pustepausar. Til slutt sa det heilt stopp.

Tore Remi Christensen hoppa av lærarutdanninga i 2018.

– Eg skreiv e-post om at eg hadde det vanskeleg og bad om eit møte. Eg fekk aldri noko svar. Då berre slutta eg å møta opp. Eg skulle ønska at folk i leiinga hadde sett ting litt meir då eg droppa ut av skulen.

Utøya-overlevande Tore Remi Christensen.

Ofte føler Tore Remi at tankane flokar seg til og gjer det vanskeleg å ha oversikt og energi til å koma seg gjennom dagen.

– Eg må heile tida jobba med tankane mine. Eg var veldig flink til det den første perioden etter 22. juli. Men om du ikkje held det ved like, går det til helvete.

Tore Remi er ikkje åleine om å ha det tungt. Ein tredel av dei som overlevde terroren på Utøya slit med symptom på posttraumatisk stressliding (PTSD), 8,5 år etter angrepet. Ein like stor del har behov for nye hjelpetiltak eller forsterking av tiltak.

Det viser Utøya-studien gjort av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Den er gjennomført i fire omgangar, no sist i 2020.

– Eg er mest sint på politikken. Følelsen av at ein ikkje har lært noko

Møtet med det offentlege tenesteapparatet har blitt tyngre med åra for Tore Remi Christensen.

I 2011 kunne han svippa innom det lokale Nav-kontoret i Sande i Vestfold om han hadde spørsmål. No bur han i Oslo og har ulike Nav-konsulentar og slit med å navigera i systemet.

Når han på ny søkte psykologhjelp, måtte han gjennom fleire rundar med ulike fastlegar og tilvisingar.

No har han funne ein psykolog som han har trua på. Saman har dei begynt å jobba med tankane og kjenslene som kom den fredagen i juli 2011.

– No jobbar me mykje meir konkret og meir grundig enn det eg eigentleg likar. Det gjer vondt. Det opnar ein heil haug av kjensler eg eigentleg har lagt lok på.

Ei av kjenslene som dukkar opp, er sinne.

– Eg er mest sint på politikken. Følelsen av at ein ikkje har lært noko.

Som når han les kvasi-intellektuelle menn synse om integrering og ytringsfridom på Twitter. Dei er på så trygg avstand frå det han sjølv har opplevd, synest han.

Utøya-overlevande Tore Remi Christensen.

Ein gledesspreiar med namn Cairo

Men det er også fleire lyspunkt. Tore Remi er spent på den krevjande, men viktige jobben med psykologen som ligg framfor han. Han har begynt på antidepressiva, og føler seg meir som den joviale og blide karen som han var før.

Og: Heime i leilegheita er det ein liten, glad skapning som ventar på han.

– Det er noko i den kjærleiken utan atterhald, i overfallet som møter meg når eg kjem inn døra, seier han og smiler.

På mobilen hans er det eit bilde av den brasilianske terrieren Cairo. Den vesle hunden breier seg nøgd utover hovudputa til Tore Remi, så han knapt får plass sjølv.

Han smiler når han ser det bildet.

– Det smartaste eg har gjort, er å få meg bikkje.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter