Märtha Louise og Lilli Bendriss har danna TV-selskap

Prinsesse Märtha Louise og TV-personlegdommen Lilli Bendriss har starta opp eit eige medieproduksjonsselskap ved namn Dragonflies AS i Son i Viken.

Prinsesse Märtha Louise har startet opp et medieproduksjonsselskap. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Prinsesse Märtha Louise har starta medieproduksjonsselskap. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Publisert Sist oppdatert

Lilli Bendriss er mellom anna kjend frå TVNorge-serien Åndenes makt, der ho har vore med sidan starten.

Selskapet har ein aksjekapital på 70.000 kroner og har oppgitt at formålet er å drive med «utvikling, produksjon, forvaltning innen TV, film, øvrige digitale flater og andre medier samt tjenester innen selvutvikling og alt som står i forbindelse med dette», skriv Moss Avis.

– Dette er eit nystarta medieproduksjonsselskap som i hovudsak skal drive med akkurat det, skriv Carina Scheele Carlsen, som er styreleiar og manager for prinsessa, i ein e-post til NTB.

I tillegg til Märtha Louise og Lilli Bendris er Mari Manzetti oppgitt som styremedlem.

(©NPK)