Nyheter

Sju av ti i Oslo vil forby elsparkesyklar på fortau

Til saman 68 prosent av dei spurde i ei undersøking vil ha eit forbod mot å køyre elsparkesykkel på fortaua i Oslo.

Gjennomsnittet for heile landet er 52 prosent, ifølgje ei undersøking YouGov har gjennomført for Trygg Trafikk og Tryg Forsikring.

– Frå ein forsikringsståstad er vi ekstra bekymra når nær halvparten av ulykkene skjer i rusa tilstand. Det kan bli ein kostbar smell for den det gjeld, særleg viss ein har påført skade og er uforsikra, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Nattestenging

Overlegar ved Oslo skadelegevakt la tysdag fram statistikk over skadar med elsparkesykkel. 55 prosent av dei som skadar seg i helgane i Oslo, var alkoholpåverka. Legane tilrådde at sparkesyklane blir stengde for utleige på natta, noko fleire tilbydarar har bestemt seg for å gjere.

Må reknast som motorvogn

Regjeringa har innført ei forskrift der det er sett ei fartsgrense på 6 kilometer i timen for elsparkesyklar på fortau og ei bot på 3.000 kroner om fleire køyrer på éin sparkesykkel. Gode intensjonar, men lite fruktbart, meiner Trygg Trafikk.

– Det var heller ikkje lov å køyre fleire personar på elsparkesykkelen eller å køyre i høg fart på fortau før. Skal det vere ei reell endring, meiner vi elsparkesykkel må omklassifiserast til ei form for motorvogn. Det er ein meir korrekt definisjon. Det vil òg gjere det lettare å innføre anna regulering, som promillegrense og krav om hjelm, seier kommunikasjonsrådgivar Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter