Nyheter

Bollestad gir håp til kyrkjeasylantar

KYRKJEASYL: Familien Collin Johnson har budd sju år i kyrkjeasyl og har fått seks avslag frå Utlendingsnemnda (UNE). No opnar KrF-nestleiar Olaug Bollestad for å gi dei amnesti.

– Ja, det er klart at vi er der no, at for nokon er det aktuelt å få amnesti.

Dette seier KrF-nestleiaren til Vårt Land under eit besøk hos familien Collin Johnson, som har vore i kyrkjeasyl i Finnsnes kyrkje i Troms sidan 2014, etter å ha vore i mottak sidan 2009. Seinast i mars i år avviste UNE ein søknad om omgjering av tidlegare avslag for familien.

Bollestad understrekar at det ikkje er snakk om å gje noko generelt amnesti, men at ho ønskjer å sjå på om det er enkeltsaker kor regelverket slår urimeleg og urettferdig ut.

– Dette er ein familie på tre. Dei snakkar språket, dei er ikkje her for å utnytte eit system. Du sit ikkje i mottak i fem år og i kyrkjeasyl i sju år for moro skuld. Det er tydelegvis ei stor bekymring for å bli sendt tilbake. Kva meir skal vi då gjere for å skape eit verdig liv? Då må vi evne å gje ein form for amnesti som sikrar at desse folka kan få eit verdig liv.

Vi må evne å gje ein form for amnesti som sikrar at desse folka kan få eit verdig liv.

—  Olaug Bollestad

---

Kirkeasylantar

  • Familien Collin Johnson kom til Noreg i 2009. Dei er redde for å bli forfølgde, fengsla og torturert dersom dei reiser til Sri Lanka.
  • Ein av sønene i familiane sit i dag i fengsel på Sri Lanka. Ein annan son har fått opphald i Kanada.
  • Familien har søkt asyl i Norge, utan å få medhald. Familien har sete i kyrkjeasyl i Troms dei siste sju årene, etter først å ha vore fem år på vanleg mottak.

---

– Det må vere mogleg å gå inn i enkeltsaker

Regjeringa som Bollestad er landbruksminister i har så langt vore avvisande til å gå inn i saka til familiane som sit i kyrkjeasyl i Noreg, og har foreløpig ikkje bidrege med noko avklaring på korleis denne og andre kyrkjeasylsaker skal handterast. Dette trass i eit sterkt engasjement i saka, blant anna frå biskopane i Nord-Hålogaland og Oslo.

– Vi jobbar med dette heile tida. Og så er det nokre av desse sakene som er veldig vanskelege, fordi det er enkeltsaker med spesielle historier. Spørsmålet er om vi som samfunn evner å sjå enkeltmenneska bak, seier Bollestad.

Landbruksminister Olaug Bollestad besøker familien Collin Johnson som har sittet i kirkeasyl i FInnsnes kirke siden 2014.

Dilani Collin Johnson

Kan bli forhandlingstema i ny regjeringsplattform

– Justisminister Monica Mæland viste tidlegare i år til at Stortinget har bestemt at regjeringa ikkje skal blande seg inn i enkeltsaker. Er det eit prinsipp du meiner må stå?

– I utgangspunktet har eg forståing for eit slikt vedtak, men samtidig så lagar vi lover og system som handlar om enkeltpersonar og enkeltsaker. Då må vi evne som politikarar å sjå dei gongane folk stangar hovudet mot taket i årevis. Er det då rett at vi skal sitte med eit firkanta regelverk? Vi må sjå dei menneska som er bak firkantane.

Vi må sjå dei menneska som er bak firkantane.

—  Olaug Bollestad

– Er dette noko KrF vil ta med inn i ein eventuell ny regjeringsplattform etter valet i haust?

– Sist vi forhandla fram ein plattform på Granavolden, så fekk vi inn ei ordning for eldre som har sete lenge i landet vårt, og det same for dei som har konvertert til kristendommen. Det vil vere naturleg å også diskutere dette. Det er eit engasjement i partiet vårt på dette.

Sa ikkje i frå om tilknytning til opprørarane

Familien Collin består av Antonipillai Johnsen Collin, Merry Anjala Johnsen Collin og dottera Dilani Johnsen Collin. Avdelingsleiar i Utlendingsnemnda Ingun Halle skreiv tidlegare i år til Vårt Land at UNE meiner det er trygt og forsvarleg for familien å returnere til Sri Lanka.

Både familien sjølv og støttegruppa som er etablert for dei i Finnsnes meiner dei har framlagt tydeleg dokumentasjon for UNE om at dette ikkje er tilfellet. Eit avgjerande punkt i saka skal ha vore at familien ikkje oppgav då dei kom at dei hadde tilknyting til den tamilske opprørsrørsla Dei tamilske tigrane (LTTE).

Landbruksminister Olaug Bollestad besøker familien Collin Johnson som har sittet i kirkeasyl i FInnsnes kirke siden 2014.

Dilani Collin Johnson

– Det verste er å bli stempla som løgnar

Bollestad meiner det er urimeleg at det å la vere å gje alle opplysningar i dei første asylavhøyra automatisk skal hefte ved søkarane gjennom den vidare saksgangen.

– Vi må forstå at her kjem det folk med store ryggsekkar. Dei kjem gjerne frå land der ein ikkje kan stole på styresmakter og politi, og mange seier at til dømes at dei fryktar at tolkar kan operere som spionar for regimet dei flyktar frå. Då kan vi ikkje stemple dei som løgnarar. Det er jo det dei seier — det verste er å bli stempla som løgnar.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter