Bollestad gir håp til kyrkjeasylantar
KYRKJEASYL: Familien Collin Johnson har budd sju år i kyrkjeasyl og har fått seks avslag frå Utlendingsnemnda (UNE). No opnar KrF-nestleiar Olaug Bollestad for å gi dei amnesti.
KYRKJEASYL: KrF-leiar Olaug Bollestad besøkte familien Collin Johnson som har vore i kyrkjeasyl i Finnsnes kyrkje sidan 2014. No opnar ho for å gje amnesti.
Erlend Berge
– Ja, det er klart at vi er der no, at for nokon er det aktuelt å få amnesti.
Dette seier KrF-nestleiaren til Vårt Land under eit besøk hos familien Collin Johnson, som har vore i kyrkjeasyl i Finnsnes kyrkje i Troms sidan 2014, etter å ha vore i mottak sidan 2009. Seinast i mars i år avviste UNE ein søknad om omgjering av tidlegare avslag for familien.
Bollestad understrekar at det ikkje er snakk om å gje noko generelt amnesti, men at ho ønskjer å sjå på om det er enkeltsaker kor regelverket slår urimeleg og urettferdig ut.