Nyheter

Oslo dryger med Israel-boikott. København seier nei

OKKUPERT LAND: Oslo utgreier boikott av israelske varer frå Vestbreidda. Stortinget er skeptisk til kommunale boikottar. I København har politikarane konkludert.

Utanrikspolitikk er statens oppgåve.

København-ordførar Lars Weiss er sikker i sak. Han representerer Socialdemokratiet, det danske Arbeidarpartiet, som også har regjeringsmakta i Danmark.

København kommune har avvist eit forslag frå Sosialistisk Folkeparti om å boikotte varer produserte i israelske busetjingar på Vestbreidda. Økonomiutvalget, som blir leia av Weiss i kraft av å vere ordførar, sa nei.

Vedtaket seier at «udenrigspolitik er en statslig opgave».

Byråd lova boikott i 2019

Då det Ap-leia byrådet i Oslo blei attvalt i 2019, kom Arbeidarpartiet, SV og MDG ein tydeleg lovnad i den politiske plattforma: «Utrede handlingsrommet som finnes i anskaffelsesregelverket for å ikke handle varer og tjenester som er produsert på område okkupert i strid med folkeretten av selskaper som opererer på tillatelse fra okkupasjonsmakten.»

SVs gruppeleiar i Oslo bystyre gjorde det klart at det særleg er snakk om israelske varer frå Vestbreidda:

«Det palestinske folket har levd under ulovlig okkupasjon i over 50 år. Det er et felles globalt ansvar å bidra til varig fred og palestinernes frihet, derfor er jeg glad for at byrådet nå skal vurdere muligheten for å bruke innkjøpsmakten sin aktivt mot okkupasjonen», sa Sunniva Holmås Eidsvoll til NTB.

I oktober la Lan Marie Berg (MDG), Raymond Johansen (Ap) og Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) fram den nye politiske plattforma til det attvalde byrådet.

Konklusjonen let vente på seg

Snart to år seinare har byrådet framleis ikkje konkludert. Nina Pannu, informasjonsansvarleg i byrådsavdelinga til finansbyråd Einar Wilhelmsens (MDG), fortel Vårt Land i ein epost at saka er under utgreiing:

«Vi jobber fortsatt med problemstillingen om områder okkupert i strid med folkeretten, men det er enda ikke konkludert i saken og det er derfor for tidlig å si noe om hva den endelige formuleringen vil bli.»

Vårt Land fekk svaret sist veke. Onsdag gjekk det raudgrøne byrådet i Oslo av etter å ha stilt kabinettspørsmål. Men alt tyder på at det vender tilbake om kort tid, for det er ikkje fleirtal for eit borgarleg byråd. Dermed vil Ap, SV og MDG halde fram arbeidet med å oppfylle programlovnader.

Snudde om boikott etter press

Forslag om boikott av Israel eller boikott av varer produserte i israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda er fremja i fylkesting, bystyre og kommunestyre i over 15 år.

I 2005 vedtok Sør-Trøndelag fylkesting boikott av varer frå Israel. Og snudde året etter. For Utanriksdepartementet og dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) slo fast at vedtaket var lovstridig: Eit offentleg organ kan ikkje diskriminere mellom leverandørar.

Same år oppmoda SVs leiar til forbrukarboikott av Israel. Etter få dagar måtte Kristin Halvorsen beklage utspelet og utføre sjølvpisking for open scene:

«Som statsråd og finans­minister burde ikke jeg ha tatt til orde for en politikk overfor Israel som ikke er i tråd med norsk offisiell utenrikspolitikk», sa SVs partileiar til NTB.

UD med grundig lovsjekk

I 2016 vedtok Trondheim og Tromsø at kommunane ikkje skal kjøpe varer frå israelske busetjingar på Vestbreidda. Seinare har Hamar, Lillehammer, Vaksdal og Rælingen gjort liknande vedtak.

Fleire har gjort som Hamar, ikkje fatte eksplisitte vedtak retta mot israelske varer, men vedtak som seier at kommunen ikkje skal kjøpe varer frå «okkuperte område».

To fylkeskommunar har også fatta slike vedtak, Innlandet og Viken. «Dette er å ta et samfunnsansvar», seier finansfylkesråd Halvard Ingebrigtsen (Ap) til Viken.no. Deira vedtak blei klubba i mars.

Viken fylkesråd

Etter å ha utgreidd boikottsaka i nesten to år, melde Utanriksdepartementet i 2018 at kommunale innkjøpsboikottar ikkje strir mot Norges «internasjonale forpliktelser på handelsrettens område». Men UD heva ein pekefinger; kommunale boikottar er ikkje tenlege.

Stortinget ut med åtvaring

Dei mange kommunale Israel-boikottane fekk Framstegspartiet til å fremme eit privat lovforslag i april. Partiet ba «regjeringen ta initiativ til en lovendring slik at kommuner og fylkeskommuner ikke skal ha anledning til å utøve lokal utenrikspolitikk.»

Forslaget fall i Stortinget no i juni. Men ein samla utanrikskomité på Stortinget understrekar i innstillinga at «utanrikspolitikken etter Grunnlova ligg under regjeringas ansvarsområde».

Alle parti, minus SV, er også samde om at lokale boikottar er problematiske: «Det kan by på utfordringar dersom staten på den eine sida og kommunar og fylkeskommunar på den andre sida driv ulik utanrikspolitikk».

Vedtak aldri blitt brukt

Fem år etter at Trondheim fatta boikottvedtaket fortel innkjøpssjef Robert Gjerde til Vårt Land at kommunen aldri har gjort bruk av det:

– Ingen leverandørar av varer eller tenester er blitt avviste.

---

Boikott

Boikott er ei fornorskning av det engelske ordet boycott.

Ordet er levert av offiseren Charles Cunningham Boycott.

Boycott var styrar på eit britiskeigd gods i Irland, som blei det første målet for ein «boikott» - ­ingen av dei irske bøndene ville arbeide for kaptein Boycott hausten 1880.

Bakgrunnen var at godseigaren nekta å redusere leigeavtalen han hadde med bøndene, så prøvde Boycott å kaste ut leigetakarane frå godset. Lokalsamfunnet svarte med å fryse ut godsstyraren, ingen ville arbeide for han, korkje inne eller ute på godset, kjøpmennene slutta å handle med han og postbodet leverte ikkje post.

Charles Cunningham ­Boycott blei boikotta.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter