– Sjå her, grapefrukt og nypoteter fra Israel.
Men Ivar Johansen er sikker i sak. Frukt og grønt frå Israel legg han aldri i handlekorga. SV-veteranen frå Oslo bystyre, 32 år, er aktiv Palestina-ven. Difor boikottar han israelske landbruksvarer. Nokre gonger klistrar han på Palestinakomiteens boikottmerke på varene han finn. I dag var han tom for merke.
I skuggen av koronapandemien har tre departement, Utanriks, Næring og Landbruk, arbeidd med å få på plass den reviderte landbruksavtalen mellom Israel og Norge.
[ Bama presses av kunder. Har strenge regler for Israel-import ]
1. mars var avtalen praktisk politikk. I ein e-post til Landbruksdirektoratet skriv Landbruksdepartementet: «(...) trer den oppdaterte landbruksavtalen mellom Norge og Israel i kraft 1. mars. Vi ber om at Landbruksdirektoratet informerer om dette på sine hjemmesider.»
Direktoratet melder på heimesida: «Avtalen legger til rette for økt handel mellom partene og Israel er tilbudt forbedret markedsadgang inn til Norge på for blant annet frukt, grønt og blomster. I tillegg etableres det en kvote for kalkunrullade.»

Lovnad i regjeringsavtale
Då KrF steig inn i Solberg-regjeringa i 2019, var Frp framleis med. I den politiske plattforma fekk Israels-venene KrF og Frp gjennomslag for lovnader: «Leggje til rette for eit styrkt forskings- og utviklingssamarbeid, handel, turisme og kulturutveksling med Israel. Regjeringa ser ikkje på boikott av Israel som eit bidrag til dialog, forståing og ei fredeleg utvikling i Midtausten».
Statistisk sentralbyrå melder at verdien på Norges import frå Israel stig til nye høgder. I 2017 blei det importert varer og tenester frå Israel til Norge for 836 millionar kroner. I fjor enda summen på vel 1,3 milliardar kroner. Året før var han på 990 millionar.
[ Her er milliardærane som skal hjelpe KrF og Venstre over sperregrensa ]
---
Handel med Israel
Norge har hatt ein frihandelsavtale med Israel sidan 1992. Landbruksavtalen er ein del av denne.
Den samla importen frå Israel til Norge var rekordstor i 2020, hadde ein verdi på 1,313 milliardar kroner.
---
Matvarer med bismak
Men fleire likar ikkje smaken på israelske matvarer. I ein e-post til statsminister Erna Solberg (H) og daglegvarekonsernet Coop skriv ein opprørt potetkjøpar, i mai, midt under krigen mellom Hamas og Israel:
«Mens rakettene hagler, dreper folk og setter hus i brann, finner Coop det passende å annonsere for Nypotet fra Utvalgte Land. Og da ikke noe ringere utvalgt land enn Israel. Det kunne vel ikke være en mindre passende tid å promotere et produkt fra Israel enn i dag. Det gjelder enten Israel eller motparten i den krig som nå pågår, har mer rett enn den annen.»

Følgjer retningsliner
Miljøsjef Knut Lutnæs i Coop fortel at denne kunden – og dei andre som klagar på Coops sal av israelske varer – får til svar at det er kommersielle omsyn som avgjer.
– Coop kjøper inn varer ut frå pris og kvalitet og sesong. Når kundane våre ønskjer gode nypoteter om våren, er Israel først ute. Når kundane ønskjer gode appelsiner i visse sesongar, ja, så kjøper Coop frå Israel.
Lutnæs understrekar at Coop følger retningslinene frå norske styresmakter og FN, noko som betyr at israelske varer ikkje kan kome frå israelske busetjingar på Vestbreidda.
Han varslar ikke auka import frå Israel sjølv om landbruksavtalen legg til rette for dette, for Coops kundar «vil helst ha norsk frukt og grønt».
[ Kommentar: Hvorfor hates jøder på grunn av Israel? ]
Oppmoda til boikott
I mai ba artisten Don Martin kundane til Oda – tidlegare Kolonial – om å leggje press på i nettdaglegvarebutikken for å få fjerna israelske varer:
«(...) be dem fjerne de Israelske varene fra butikken deres. Vi er ikke interessert i å spise søtpoteter dyrket i stjålet jord. Vi vil ikke ha dadler som har fordrevet palestinere fra deres hjem. Vi vil ikke ha nypoteter som har kostet noen livet», oppmoda han på eigen Instragram-konto.
Kort tid etter var det ikkje mogleg å kjøpe frukt og grønt frå Israel i Oda. Men Louise Fuchs, kommunikasjon- og berekraftsdirektør, avviser at selskapet gav etter for forbrukarpress:
«De tre produktene som nevnes har vært inne i sortimentet hos Oda i kort tid, noe som er normalt på denne tiden av året, og ble erstattet av andre produkter, fra andre land, som følge av helt ordinære sortimentsvurderinger», skriv ho i ein e-post til Vårt Land.
Fuchs understrekar at ingen av landbruksvarene Oda sel kjem frå israelske busetjingar på Vestbreidda eller frå israelske industrisonar, og heller ikkje frå israelske selskap som produserer i desse områda.
Eg vil minne folk om at Israel er ein okkupantstat, og at dei bør handle andre varer enn israelske.
— Ivar Johansen, SV-politikar og Palestina-ven
Brukar klistremerke
Ivar Johansen forklarar kvifor han nokre gonger brukar klistremerker som oppmodar til boikott når han handlar:
– Eg vil minne folk om at Israel er ein okkupantstat, og at dei bør handle andre varer enn israelske. Det handlar om å gjere medvitne val, seier Johansen.
Han meiner forbrukarboikott er eit effektivt og ikkje-valdeleg verkemiddel i kampen for ei rettvis løysing for palestinarane som ønskjer ein eigen stat.
Godt nøgde
I Norsk-Israelsk Handelskammer er dei godt nøgde med den nye landbruksavtalen.
– Avtalen har stor verdi. Han vil fremje auka handel med landbruksprodukt – Norge vil kjøpe meir, og det er bra for dei israelske varene er av svært god kvalitet, seier Elijah Elystrand, som er styremedlem i Handelskammeret.
Han registrerer at israelsk frukt og grønt ikkje fell i smak hjå absolutt alle, men peikar på at importen til Norge aukar, år for år.
– Det betyr at fleire likar det dei kjøper, seier Elystrand.

Lysta må styre
I Landbruksdepartementet sit KrFs Olaug Bollestad som statsråd. Ho er også medlem i gruppa av stortingsrepresentantar som ber namnet Israels venner. På spørsmål frå Vårt Land om ho no, på bakgrunn av landbruksavtalen med Israel, oppmodar forbukarane til å etterspørje og kjøpe meir frukt og grønt frå Israel, svarar Bollestad i ein e-post:
«Jeg oppfordrer ikke norske forbrukere om annet enn å støtte norsk matproduksjon gjennom å nyte norske kvalitetsprodukter fra vårt eget jordbruk. Så må den enkelte kjøpe det de har lyst på og som er tilgjengelig i butikken»
– Kva seier du til dei som boikottar israelske varer for å støtte saka til palestinarane?
«Boikott er ikke et godt virkemiddel. KrF fikk gjennomslag i Granavolden-plattformen for å legge til rette for styrket forsknings- og utviklingssamarbeid, handel, turisme og kulturutveksling med Israel. Under denne regjeringen har handel og samarbeid med Israel økt. Konflikten mellom Israel og palestinerne må løses gjennom dialog.»