Nyheter

Kamp om kort skuleveke – elevar mistar fridag

UTVIDAR SKULEVEKA: I ein av fire kommunar går dei yngste elevane på skule fire dagar i veka. No blir timeplanen lagt om. Til sterke, lokale protestar. – Fleirtalet i kommunestyret høyrde ikkje på foreldra, seier Heidi Kalhovd i Evje og Hornnes.

«Du tullar! Går ikkje alle elevane på skulen fem dagar i veka? Må ein forelder vere heime kvar onsdag, altså tvinga til å jobbe redusert stilling?»

Utsagnet er frå ein familie som nettopp hadde flytta til Folldal kommune. Dei var slett ikkje budde på at kommunen praktiserte firedagars skuleveke. Ordfører Kristin Langtjernet (Ap) hugsar møtet:

– Dei tok det som sjølvsagt at skuleveka var på fem dagar. Og det forstår eg.

Snart skal alle elevar i Folldal møte på skulen fem dagar i veka. Skuleåret 2021-2022 blir eit prøveår. Saka blei fremma for kommunestyret i fjor haust, men utsett etter sterke lokale protestar. Då ho kom opp på nytt i vinter, vedtok fleirtalet at også første- og andreklassingane må bu seg på utvida timeplan.

Kristin Langtjernet.

Betre læring og likestilling

– Kvifor det, ordførar?

– For det første: Betre læring, for når alt på læreplanen skal inn på fire dagar, blir det tette dagar for dei yngste elevane. For det andre: Fem dagars skuleveke fremmar likestilling. I dag er det i hovudsak mødrene som er heime på onsdagane når elevane har fri. For det tredje: Skal me få til folketalsvekst må arbeidslivet i kommunen tilby fulle stillingar til dei som vurderer å flytte hit. I dag har mange i Folldal, særleg kvinner, reduserte stillingar for å kunne vere heime med første- og andreklassingar.

– Kvifor?

– Tradisjon, fortel Langtjernet.

Ordføraren forstår at mange foreldre reagerer på å miste det som blir omtala som «goddagen» eller «kosedagen», men peikar på at fordelane med fem dagar er store.

Når alt på læreplanen skal inn på fire dagar, blir det tette dagar for dei yngste elevane.

—  Kristin Langtjernet, ordførar i Folldal kommune

Ein av fire kommuner

Stortingets utgreiingsseksjon har med hjelp frå statsforvaltarane (dei tidlegare fylkesmennene) undersøkt omfanget av firedagarsskulen i norske kommunar. Kartlegginga fann stad i skuleåret 2019-2020.

Rapporten avdekker omfanget:

«(...) i de kartlagte kommunene har omtrent hver fjerde kommune en eller annen form for 4-dagers skoleuke på minimum én skole, ett skoletrinn eller deler av skoleåret.» 301 av 356 kommunar svarte.

Kartlegginga viser at «i 218 av de 301 kartlagte kommunene er det 5-dagers skoleuke for alle elevene i de kommunale skolene. I 83 kommuner er det 4-dagers skoleuke i én eller flere kommunale grunnskoler på ett eller flere trinn.»

Det er store, fylkesvise skilnader. 9 av 25 kommunar i Agder, 18 av 38 i Vestland og 14 av 34 i Troms og Finnmark har ei skuleveke på fire dagar. Kommunar med firedagars skule har eit fellestrekk: 43 av dei har færre enn 5.000 innbyggjarar.

Stortingets utgreiingsseksjon melder at utviklinga går i éi retning: Det blir færre og færre kommunar som vel å halde på fire dagar.

Gjekk mot foreldre

Evje og Hornnes i Agder er mellom dei som har skrota firedagars skulen for dei yngste elevane. Heimkommunen til KrFs partileiar og landets barne- og familieminister, Kjell Ingolf Ropstad, vedtok i mars at frå skuleåret 2022-2023 må alle møte på skulen fem dagar i veka.

– Slaget er tapt. Fleirtalet i kommunestyret høyrde ikkje på foreldra, fortel Heidi Kallhovd.

Småbarnsmora organiserte ein underskriftsaksjon saman med ei anna mor for å få lokalpolitikarane til å halde på firedagarsskulen. Men fleirtalet i kommunestyret valde å følgje innstillinga frå administrasjonen:

Av omsyn til «barn med spesielle behov, flyktningefamilier, barn som opplever skolen som en viktig og stabil arena, og likestilling, inkludering og mangfold velger kommunedirektøren å innstille på 5-dagers skoleuke for 1. og 2. klasse».

Slaget er tapt. Fleirtalet i kommunestyret høyrde ikkje på foreldra.

—  Heidi Kallhovd, mor til elev i småskulen i Evje og Hornnes kommune

Mødrer er heime

Før vedtaket i kommunestyret gjennomførte Evje og Hornnes ei spørjeundersøking mellom foreldre til barn i alderen fire-sju. 140 husstandar blei inviterte til å seie sitt, men 40 prosent svarte ikkje.

Av dei som svarte, ville nesten 70 prosent ha dagens ordning medan 20 prosent ba om fem dagars veke. Heidi Kallhovd meiner kommunestyret burde ha lytta til foreldre-fleirtalet.

– Dei yngste elevane har godt av ein fridag, ein dag med mindre stress der ein kan vere heime saman med foreldra, seier ho.

– Kva er mest vanleg i Evje og Hornnes; mor eller far heime?

– Det er flest mødre, men også nokre fedre.

Er eit verdispørsmål

«Mange av de samme faktorene som gjør at kvinner velger å være hjemme eller arbeide deltid, er også drivere for ønske om fire dagers skoleuke», skriv forskinginstituttet Norce i ein rapport om lokale konsekvensar av firedagars skuleveke, og peikar på at firedagarsskulen er eit «verdispørsmål for mange kvinner (og menn)».

Saman med Statsforvaltaren i Agder kartla Norce i 2019 tilhøva i kommunane Sirdal, Hægebostad, Vegårshei og Evje og Hornnes. Om likestilling, velferd og vekst skriv Norce: «Det kan skape utfordringer for hvordan Sirdal, Hægebostad, Evje- og Hornnes og Vegårshei kommuner skal formidle sitt likestillingsprosjekt, da det vil rokke ved grunnleggende verdier hos mange og en nedarvet kultur som har eksistert i kommunen over lang tid».

Ordninga med firedagars skuleveke støttar opp under «tradisjonelle normer og tradisjoner, som kjønnsrollemønster og deltidsarbeidet, og gjør det ekstra vanskelig å velge arbeid full tid», skriv Norce.

Marius Jermstad

Fleire må på heiltid

I Holtålen kommune i Trøndelag nikkar kommunedirektør Marius Jermstad til konklusjonane i Norce-rapporten.

– Me må kome dit at barnehagelærarar, lærarar og sjukepleiarar arbeider fulle stillingar, og ikkje berre 80 prosent, for å ha fri kvar onsdag, slik det er i dag.

I Holtålen er motstanden mot femdagars skulen sterk. I ei meiningsmåling gjort av FAU ved ein barneskule ville berre 17 prosent av foreldra ha fem dagar, medan heile 83 prosent ville halde på fire dagar.

På rådhuset har kommunedirektøren skrive ferdig saksframlegget til kommunestyret der han greier ut om kvifor timeplanen må utvidast for dei yngste elevane. Men:

– Saka blir utsett eit år. Men eg er sikker i sak, dei minste elevane i Holtålen må bu seg på å gå på skulen i fem dagar.

Han grunngjev utsetjinga med den sterke motstanden.

---

Skuleveke

  • Ein av fire kommunar har firedagars skuleveke i ei eller anna form for dei yngste elevane.
  • Kommunar med firedagars skuleveke er små kommunar målt i folketal, under 5.000 innbyggjarar.
  • Kommune etter kommune vedtek å gå over til fem dagars skuleveke.
  • Fem dagar fremmar særleg likestilling og heiltidskultur, viser forskingsrapport.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter