Nyheter

Plassen føre Notre-Dame blir stengt – fare for blyforureining

Høge konsentrasjonar av blypartiklar på plassen føre Notre-Dame-katedralen i Paris gjer at styresmaktene stengjer plassen for publikum.

Rundt 300 tonn bly smelta då ein brann øydela taket på katedralen for to år sidan. Partiklar av det giftige metallet vart spreidd ut over store delar av byen. Fleire område, inkludert somme skular, vart sperra av medan rydding og reinsing gjekk føre seg. Barn og gravide vart oppmoda til å ta blodprøvar.

Nokre veker etter brannen vart plassen føre kyrkja frå 1200-talet opna igjen, med løfte om at det skulle takast hyppige prøvar.

– Resultatet frå dei seinaste testane viser at somme delar av plassen har høgare konsentrasjonar av blystøv enn det som er vanleg i Paris, seier politiet i hovudstaden i samband med at plassen blir stengd igjen. Dei opplyser at plassen vil bli gjenopna etter at han er reinsa på nytt og prøvane igjen viser normale verdiar.

Spiret kollapsa og store delar av taket vart øydelagt for to år sidan, men iherdig innsats frå brannmannskapa gjorde at store delar av bygningen overlevde brannen.

Blyproblema har forseinka arbeidet med å rydde branntomta og setje i gang restaureringsarbeidet. President Emmanuel Macron ønskjer å opne kyrkja igjen før Paris er vertsby for sommar-OL i 2024.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter