Nyheter

Amnesty gir Navalnyj tilbake statusen som samvitsfange

Den fengsla opposisjonsleiaren og Putin-kritikaren Aleksej Navalnyj får tilbake statusen som samvitsfange, stadfestar Amnesty International.

Amnesty International tok tidlegare i år denne nemninga frå Navalnyj på bakgrunn av tidlegare utsegner som organisasjonen såg som hatefulle.

No får han statusen tilbake, stadfestar Amnesty Internationals generalsekretær i Noreg, John Peder Egenæs overfor NTB.

– Eg kan stadfeste at det stemmer, og at det kjem ei fråsegn frå det internasjonale sekretariatet vårt snart, skriv Egenæs i ein SMS til NTB.

Ein støttespelar av Navalnyj sa ifølgje CNN tidlegare fredag til canadiske lovgivarar at han hadde fått beskjed om at Amnesty ville gi Navalnyj status som samvitsfange igjen.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter