Nyheter

Rapportar avdekkjer overgrep og korrupsjon i SOS-barnebyer

Rapportar har avdekt overgrep, korrupsjon og misbruk av innsamla pengar i SOS-barnebyer. Organisasjonen innrømmer at dei ikkje har levd opp til løfta sine.

Organisasjonen informerte onsdag fadrane sine om at SOS-barnebyer internasjonalt  nyleg har fått resultatet av to eksterne rapportar som har  avdekt at dei ikkje har levd opp til løfta sine om å sikre barn vern, og rett og mest mogleg effektiv bruk av midlane.

Rapportane viser at enkeltsaker knytt til overgrep, korrupsjon og misbruk av innsamla midlar, ikkje har vorte handterte i samsvar med dei internasjonale retningslinjene og prosedyrane til SOS-barnebyer.

Sakene strekkjer seg frå 1990 og fram til i dag, skriv Klassekampen, som først skreiv om saka.

– Djupt beklageleg

Ifølgje avisa konkluderer rapporten frå det norske advokatfirmaet Wiersholm med at leiinga har «unnlatt å tro på ofrene, beskytte dem og grundig undersøke de beskyldningene som har kommet».

– Dette er djupt beklageleg og alvorleg for oss som har omsorg for barn og forvaltar gåver og tilliten til givarar. Og ikkje minst er det alvorleg for dei som har vorte ramma, skriv generalsekretær Sissel Aarak i SOS-barnebyer Norge i ein e-post til fadrane.

I alt 22 konkrete saker er undersøkt. Enkelte av sakene vore kjende for SOS-barnebyer Norge i lang tid, men ifølgje Aarak er det først no at det har komme fram at sakene ikkje har vore handterte godt nok.

Det store sviket

– Granskinga dokumenterer alvorlege manglar og brester i leiing, kultur og styringssystem i SOS-barnebyer internasjonalt. Det store sviket ligg i at varslarar ikkje har komme fram og vorte behandla slik vedtektene og rutinane våre tilseier, seier Aarak på deira eiga nettside.

Der skriv organisasjonen at senatet i SOS-barnebyer internasjonalt i april vedtok ein handlingsplan både for å gjere opp for urett som er gjort – og ikkje minst hindre at skjer igjen.

Blant tiltaka er eigne regionale ombodsmenn, eit erstatningsfond og ein uavhengig kommisjon som skal komme med tilrådingar til strukturelle og organisatoriske endringar.

Vil gjere det som trengst

– No har vi fått grundig og samla kunnskap om desse sakene og vil gjere det som trengst for å rydde opp, seier senator i SOS-barnebyer internasjonalt og leiar for styret i SOS-barnebyer Noreg Erik Garaas.

Han seier medlemsland over heile verda er svært bestemde på at desse sakene ikkje skal få øydeleggje for den jobben dei gjer med å sikre at fleire barn får den omsorga dei treng.

– For den jobben er større enn nokon gong, seier Garaas.

SOS-barnebyer er ein internasjonal hjelpeorganisasjon med hovudkontor i Austerrike. Den norske greina av organisasjonen er éin av åtte som har ønskt ei gransking.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter