Nyheter

Samla partiet på vindkraft og oljepolitikk

KLIMASTRID: Vindkraft og oljestopp skapa stor debatt under SVs landsmøte. Partiet enda med å opna døra på gløtt for framtidig vindkraft på land, men droppar oljeslutt-dato.

— Me har lytta til vindkraftmotstanden og plassert oss veldig tydelig på den sida som er kritisk til vindkraft på land. Men me har også lytta til klimaaktivistane og fagrørsla, som er opptekne av å skaffa nok fornybar energi. Eg meiner me har ein plan som tek i vare begge.

Slik oppsummerte SV-leiar Audun Lysbakken landsmøtes landing i det betente vindkraftspørsmålet, då han møtte pressa søndag ettermiddag.

Partiet klara å samla seg rundt vanskelege klimatema som oljestopp, vindkraft og elektrifisering av sokkelen.

SV landa på:

  • Nei til storskala vindkraft på land og bunnfast havvind nær kysten. Partiet opnar for småskala vindkraft på industrialiserte område.
  • Å støtta utvikling og utbygging av flytande havvind.
  • Gå vekk frå oljeslutt-dato, men sikra at fornying av oljelisensar er i tråd med 1,5 gradarsmålet.

Vindkraft splitta partiet

— Det kostar å samla eit parti, sa Torgeir Knag Fylkesnes til SVs landsmøte søndag morgon.

SV-nestleiaren har leia redaksjonskomiteen. Den har hatt i oppgåve å sy saman kompromiss som samla dei ulike delane av partiet.

I landsstyrets innstilling til arbeidsprogram sa eit klart fleirtal nei til vidare utbygging av vindkraft på land. Det har splitta partiet, og redaksjonskomiteen la fram eit kompromiss-forslag.

I kompromisset seier SV berre nei til storskala utbygging. Dette fekk fleirtal med knapp margin.

Torgeir Knag Fylkesnes var før avstemminga open på at dette sit langt inne for mange.

— Det er sjølvsagt vondt for alle SV-arar som har kjempa mot store vindkraftanlegg rundt om i landet. Men dei forstår at det er ikkje prosjekta dei har kjempa mot, som det her er snakk om, sa Fylkesnes.

Samstundes banka SV gjennom ein tekst som er svært negativ til vindkraft på land. Den slår fast at utbygginga har gjeve «svært beskjedne lokale ringvirkninger, og har ikke bidratt til teknologiutvikling eller industriarbeidsplasser i Norge.»

Miljøpolitisk utval ville stryka desse formuleringane, med henvisning til at vindkraft bidreg til kraftkrevjande industri. Dei vart nedstemt.

Får inn 1,5 gradar-krav om olje

Under debatten fredag kveld tok mange delegatar til orde for ein oljeslutt-dato.

— Me kjem til å få meir ekstemver. Klimakrisa er ein eksistensiell trussel. Å nå klimamåla er avgjerande for vår framtid. Eg ber dykk om å kjenna på den same klimaangsten som eg og klimastreikande ungdommer kjenner på, sa Synnøve Kronen Snyen, leiar av Sosialistisk Ungdom.

Ho ba landsmøtet støtta forslag om oljestopp innan 2030. SU enda opp med å bli med på eit kompromiss utan noko sluttdato for olja.

Kompromisset følgjer fleirtalet i landstyret sitt forslag om at Noreg ikkje skal gje nye lisensar til leiting eller utvinning av olje og gass på norsk sokkel.

Dessutan er det teke inn eit krav om at alle søknader om forlenging av utvinningslisensar som strir mot 1,5-grader-målet, skal stansast.

Fylkesnes kalla dette «1,5-gradar-testen»

— All fornying av tillatingar må bestå denne testen, sa han søndag morgon.

I tillegg tek programmet inn formuleringar frå SU om at Noreg har eit historisk ansvar for å både å kutta utslepp i Noreg og bidra til utsleppskutt internasjonalt.

---

Nokre av SV sine vedtak på klima

  • Nei til storskala vindkraft på land.
  • Støtta utvikling og utbygging av flytande havvind.
  • Trappe opp satsinga på regnskog
  • At oljenæringa ikke skal få lov til å drive med lobbyverksemd i norsk skole.
  • Selja Equinor ut av alle utanlandske fossile energiprosjekt.
  • Avskaffa leiterefusjonsordninga.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter