Nyheter

Vaksinenasjonalisme kan koste dyrt – både for helse og økonomi

Fordelinga av koronavaksinar på verdsbasis går altfor sakte. Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein er bekymra for konsekvensane, også for oss her heime.

Noreg har i eit år leidd den globale pandemidugnaden, ACT Accelerator, saman med Sør-Afrika. Dette er det viktigaste globale tiltaket for å skaffe likeverdig tilgang til vaksinar, medisinar og testutstyr. Men framleis manglar halvparten av pengane, 22 milliardar dollar (rundt 187 milliardar kroner) for å nå vaksinemåla for 2021.

Ullstein seier at dei gode nyheitene om effektive vaksinar blir overskygde av at det er for få vaksinar i verda. Han fryktar vaksinenasjonalisme.

– Det går for sakte med å fordele vaksinane rettferdig. Faren ved at landa i verda ikkje investerer nok i å kjempe mot pandemien globalt no, er at vi får nye mutasjonar som kan true effektiviteten av vaksinane mot covid-19. Dermed kan vi bli tvinga til å stengje ned på ny, seier Ullstein (KrF) i ein skriftleg kommentar til NTB.

Uklokt å tenkje lokalt

Han meiner er svært uklokt å berre tenkje lokalt når ein skal kjempe mot pandemien.

– Sjølv om land vernar sine eigne borgarar ved å sikre seg sjølv vaksinar, kan det på sikt hjelpe lite viss viruset får halde fram med å sirkulere i andre land slik at det oppstår nye mutasjonar vi ikkje har vaksinar mot, seier han.

– Handteringa av pandemien i det internasjonale samfunnet må ikkje bli ein alles kamp mot alle. Situasjonen er vanskeleg for alle, og akkurat no er det for få vaksinar i alle land. Fleire stader aukar òg smitten, seier Ulstein.

Lønnsamt med god fordeling

Ullstein peikar på at ei rekkje rapportar understrekar dei makroøkonomiske gevinstane ved å sikre global fordeling av vaksinar og testar.

Ein studie lansert av Det Internasjonale Handelskammer (ICC) viser mellom anna at rike land vil bere over halvparten av enorme økonomiske tap dersom utviklingsland ikkje får tilgang til vaksine.

I tillegg til det økonomiske argumentet for å sikre global fordeling av vaksinar, er det òg eit viktig biologisk argument. Ekspertar åtvarar mot faren for stadig nye virusvariantar.

Fare for mutasjonar

Ved ukontrollert smitte i store delar av verda, aukar risikoen for nye mutasjonar, som igjen aukar faren for at dei noverande vaksinane ikkje verkar.

Ein rapport frå Bill and Melinda Gates Foundation inneheld utrekningar som viser at mange liv vil bli redda dersom vaksinane blir likt fordelte globalt samanlikna med dersom dei blir fordelte til høginntektsland først.

Produksjon av vaksinar

Ulstein meiner at overføring av kunnskap og teknologi vil vere avgjerande for å kunne produsere vaksinar verda over.

– Vi må finne ledig produksjonskapasitet. I tillegg må legemiddelindustrien sikre lisensiering, slik ein ser at til dømes AstraZeneca har gjort til Seruminstituttet i India. Vi må òg sikre større openheit om kva land som har bestilt vaksinar, kor mange og til kva pris, seier Ulstein.

På lengre sikt er det òg viktig å sjå på korleis ein kan sikre større grad av føreseielegheit for vaksineproduksjonen og finansiering.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter