Noreg på botnen i ny kåring
JUMBOPLASS: Vanlegvis toppar Noreg det som er av kåringar over verdas beste land. Men på ei kåring som ser på berekraft, hamnar Noreg på 158. plass av 164 land.
KAOS: Slik såg Noreg ut før korona. Hundrevis av kunder storma butikkene i morgentimene på Oslo Fashion Outlet i Vestby desmeber 2019. Nettopp det store forbruket vårt gjer at Noreg hamnar på jumboplass på ei ny kåring.(Foto: Heiko Junge)
Nordmenn er vane med å hamna på pallen når verdas beste land skal kårast. Noreg gjer det skarpt på likestilling og menneskeleg utvikling, og har nokre av dei lukkelegaste innbyggarane i verda.
Men på ei internasjonal rangering hamnar Noreg på jumboplass: På den såkalla Sustainable Development Index. Nye tal kom denne veka, og her hamnar Noreg på 158.-plass.
Indeksen måler berekraftig menneskeleg utvikling. Berre seks land gjer det dårlegare enn Noreg på denne indeksen: Kanada, USA, Australia, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait og Singapore.
Bestill abonnement her
KJØP