Nyheter

Støre om ny 22. juli-bok: – Me har hatt berøringsangst

TERROR: Jonas Gahr Støre seier Arbeidarpartiet har hatt berøringsangst for å konfrontera tankane som låg bak angrepa 22. juli. – Det skal me rista av oss, seier han.

– No går me mot tiårsmarkeringa av det gruvsomme som skjedde 22. juli. Då er eg oppteken av at me snakkar sant om det som skjedde, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til Vårt Land.

Han har lese den nye boka «Arbeiderpartiet og 22. juli» av historikar Hallvard Notaker. Boka skildrar korleis Arbeidarpartiet vart delt i to i synet på oppgjeret etter terrorangrepa.

Dåverande partisekretær Raymond Johansen ønska ei konfronterande linje, både mot høgreekstreme idear, men også mot Frp. Han vart ved fleire høve stansa av Jens Stoltenberg.

Som partileiar og statsminister ønska Stoltenberg ei meir samlande tilnærming. Han vektla at angrepet var retta mot Noreg og demokratiet.

Hyllar Oslo-biskop Veiteberg

Til Vårt Land seier partileiar i Ap Jonas Gahr Støre at den nye boka er «eit grundig og viktig, men også vondt, arbeid».

- Eg fryktar at me ikkje snakkar om dette vanskelege som var: At me vart ramma av eit attentat. Når Erna Solberg seier 22. juli var eit angrep på heile Noreg, heile demokratiet, oss alle, så er ikkje det feil. Men det er heller ikkje heile sanninga.

Kari Veiteberg fotografert for Vårt Land Forlag ifb. med ny bok der hun besvarer spørsmål hun har fått fra ungdom

Jonas Gahr Støre viser til Oslo-biskop Kari Veiteberg som ein av dei som «snakka sant» om 22. juli.

- Kari Veiteberg sa at det var eit angrep på AUF, Arbeidarpartiet, solidaritetstanken og antirasismen. Me må snakka sant om kor gjerningsmannen kom frå og kva han ville øydelegga.

Meiner det var riktig å endra talen til Johansen

I boka kjem det fram at Støre, som då var utanriksminister, kom med innvendingar til eit taleutkast som Raymond Johansen hadde skrive.

Støre protesterte mot det han såg som ei samanlikning mellom Siv Jensen og høgreradikale Gert Wilders. Formuleringa i talen vart sletta.

Støre seier i dag at dette var ein riktig strategi.

– Det meiner eg me handterte riktig. Den breie samlinga me hadde hausten 2011 som nasjon, var riktig.

– Skulle du ønska at du i større grad hadde konfrontert dei tankane som låg bak terrorangrepet?

– Eg skreiv ei bok i 2014 med eit stort kapittel om det. Eg opplever at eg sat ord på det. Men me i Arbeidarpartiet har hatt berøringsangst. Det skal me vera ærleg på. Og me skal rista det av oss.

Han peiker på at det i tida etter terroren ikkje var enkelt for partiet å snakka om desse tinga.

– Me har møtt stemmer ute i samfunnet som har slått tilbake mot oss når me nemner 22. juli og seier at me «trekker 22. juli-kortet».

Han nemner spesielt episoden der Per Sandberg frå Frp uttalte frå talarstolen på Stortinget at «er det nokon som har spela offer etter 22. juli, så er det til dei gradar Arbeidarpartiet». Sandberg beklaga raskt uttallinga.

– Det trykket mot oss gjorde at me trakk oss tilbake, seier Støre i dag.

Var vanskeleg å reisa til Utøya

Han peiker på at partiet i åra etter angrepet også brukte mykje tid på å bearbeide sorg og traume.

– Det er som ein familie: Me må ta vare på kvarande. Det har me drive med desse åra. Dei som har gjort det mest av alle og som fortener honnør for det, er AUF.

Støre, som sjølv ikkje har bakgrunn frå AUF, fortel at han etter angrepet 2011 synest det var vanskeleg å reisa til Utøya.

– Det var ein periode at eg kjente at eg grua meg til å ta båten over. Å kome over til øya med desse grusomme hendingane. Men no blir eg oppløfta når eg ser dei nye bygga og krafta i at dei har teke Utøya tilbake. AUF har fylt den med ungdom, politikk, leik og sommar og samstundes eit verdig minne.

Støre om boka: – Viktig for vår eigen sjølvforståing

Boka «Arbeiderpartiet og 22. juli» er skriven på oppdrag frå Ap, men partiet har ikkje fått godkjenne manus før publisering. Forfattar Hallvard Notaker er hyra inn av Aschehoug forlag og ikkje partiet.

Han har fått tilgang til store mengder nytt materiale, som e-post- og sms-korrespondanse og notat, og har gjort ei rekke intervju.

– Eg såg det som nødvendig å få gjennomført dette prosjektet fordi Ap skal gjera sin jobb med å dokumentera det som har skjedd. Me ville setta ein av våre beste og mest truverdige historikarar til å gå gjennom kva som skjedde i tida frå 2011 til 2013. Det trur eg er viktig for vår eiga sjølvforståing, seier Støre.

Ny bok om 22. juli

  • Boka «Arbeiderpartiet og 22. juli» er skriven av historikar Hallvard Notaker.
  • Den er ei samla og uavhengig framstilling av partiets rolle frå 22. juli-angrepa i 2011 til stortingsvalet 2013.
  • Boka viser at hausten 2011 var Ap-toppane Jens Stoltenberg og Raymond Johansen på kollisjonskurs om korleis utfordra Frp og høgreekstremisme.
Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter