Trus- og livssynssamfunn treng føreseielegheit for å kunne planlegge for høgtida som kjem. Talet på 50 deltakarar på gudstenestar ligg an til å gjelde òg gjennom advent og jul.
Det kom fram i eit møte som fleire trusorganisasjonar, barne- og familieministeren og helsedirektøren hadde på fredag.
– Trus- og livssynssektoren ba om føreseielegheit og eit samarbeid for å lage mest mogleg presise reglar for vårt bruk. Dette fekk me gehør for, seier direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet til KA.no.
– Derfor blir det no sett ned ei hurtigarbeidande gruppe, seier ho.
Dei går i gang med arbeidet denne veka.
LES ÒG: Ut mot koronaavgjørelse: – Et uttrykk for liten respekt for kirken
Fastmonterte seter finst ikkje i kyrkja
No skal trus- og livssynssektoren jobbe fram tilrådingar rundt utandørsarrangement, og bruk av kyrkjene, spesielt med tanke på desember.

Definisjonen på kva som er eit «fastmontert sete» – som avgjer om det kan vere 50 eller 200 personar på eit arrangement – blir ikkje endra på, ifølgje regjeringa. Dei siste vekene har fleire kristne organisasjonar forsøkt å få styresmaktene til å endre krava til ei «fast seteplassering».
Men så lenge smitta er høg i samfunnet, blir krava ståande.
– Det er det klare signalet i møtet. Sjølv om dette legg begrensningar for innandørs julegudstenestar, gir det samtidig føreseielegheit, slik at lokalkyrkja kan planlegge gode og tilpassa aktivitetar for desember, seier Marit Halvorsen Hougsnæs i arbeidsgivarorganisasjonen KA.
Vil foreslå utandørsopplegg
Ut frå begrensningane ein har no, jobbar Kyrkjerådet og KA (arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder) med tilrådingar for situasjonen. Snart kjem det konkrete forslag til ulike opplegg utandørs i juletida.
– Kyrkjerådet og KA forventar at det kan kome tilrådingar om bruk av munnbind, sang, rørsle i kyrkjerommet og andre uavklarte spørsmål i tida framover. Me vil kome tilbake med meir informasjon om dette når dei nye tilrådingane kjem, seier Ingrid Vad Nilsen.
LES MEIR:
• Får norske kirkegjengere lov til å synge «Deilig er jorden» til jul?
• Departementet konkluderer: Kirkebenker er ikke «fastmonterte seter»
• Full forvirring om kirkebenk-definisjon – trossamfunn etterlyser klarhet
---
Fakta:
---