Nasjonalistisk parti får stille i kyrkjevalet
Partileiaren i Alternativ för Sverige vil styre Den svenske kyrkja tilbake på «rett kurs» med ein tydeleg nasjonalistisk og konservativ profil.
Gustav Kasselstrand
Janerik Henriksson / TT
For første gong får det nasjonalistiske partiet Alternativ för Sverige stille i det svenske kyrkjevalet. I september neste år skal dei 5,8 millionar medlemmane i Sveriges største trussamfunn velje kven som skal styre kyrkja fram til 2025. Her ønskjer altså Alternativ för Sverige å vere med.
– Den svenske kyrkja er kommen bort frå røtene sine, seier partileiar Gustav Kasselstrand til svenske Dagen.
Det nasjonalistiske partiet Alternativ för Sverige (AfS) sprang ut av Sverigedemokraterna for litt over to år sidan. Partinamnet dreg sterke vekslar på det tyske partiet AfD, Alternative für Deutschland, og politikken er heller ikkje heilt ulik. Ikkje minst kjempar partiet for ein restriktiv innvandringspolitikk.
Bestill abonnement her
KJØP