Religiøse leiarar ber om fred i eit splitta USA
Fleire hundre religiøse leiarar vil arbeide for fred og forsoning i etterkant av det amerikanske presidentvalet.
Det har vore uro, protestar og opptøyar fleire stader i USA under presidentvalet. Minneapolis er ein av byane der politiet måtte arrestere protestantar. No oppmodar amerikanske, religiøse leiarar til fred og forsoning.
NTB
Onsdag ettermiddag er enno ikkje resultatet av det amerikanske presidentvalet klart. Sitjande president Donald Trump har allereie erklært siger i ein tale i Det kvite huset, noko stemmeoppteljinga ikkje viser. Den sterke splittinga i det amerikanske samfunnet har vore synleg lenge, og no oppmodar ei brei samanslutting av religiøse leiarar om å arbeide for fred og forsoning i landet.
Fleire stader har det vore tillaup til valdelege spenningar i opptakta til valdagen, og over 800 religiøse leiarar har ifølgje det kristne magasinet Sojourners stått klare til å møte valbasert uro og vald med ikkje-valdelege nedkjølingstaktikkar.
– Når vi forstår at kjelda til styrken vår ikkje ligg i å bruke våpen, møte vondt med vondt eller hat med hat, men i å strekke oss mot den djupe kjærleiken, blir vi sette i stand til å endre verda, seier pastor Traci Blackmon i United Church of Christ.
Bestill abonnement her
KJØP