Nyheter

Pensjonskutt trugar kyrkjebarnehagar

Kunnskapsminister Guri Melby (V) kuttar kraftig i pensjonstilskotet til private barnehagar, 350 millionar over to år. Små kyrkjebarnehagar som slit vil bli lagt ned eller selt til barnehagekonsern.

– Pensjonskutt betyr tøffare tider for kyrkjelydsbarnehagane, seier Jens A. Bjelland, politisk seniorrådgjevar i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.

– Me er budde på å overta fleire av desse barnehagane, opplyser Lasse Rosten i barnehageselskapet Solkollen, som driv med utvida formålsparagraf.

LES NLM åpner for å frata medlemskap til de som «lever i strid med Guds ord»

To utvegar: Nedlegging eller sal

KA ser to utvegar for dei mange små barneganane som blir drivne av kyrkjelydar i Den norske kyrkja, andre kyrkjesamfunn eller er frittståande kristne barnehagar.

– Fleire blir lagt ned, anten fordi dei slit økonomisk eller så blir dei selt til store barnehageselskap, seier Bjelland.

Kyrkjelydseigde barnehagar har pensjonsavtalar tilsvarande kommunale barnehagar. Difor er utgiftene til pensjon monaleg høgare enn i andre private barnehagar - difor har dei fått pensjonsstøtte frå staten.

LES Ingen som vil ha ­Bach-preludium som inngang i bryllup. De vil ha «You raise me up»

Går i minus i dag

Det er i forslaget til statsbudsjett for 2021 at kunnskapsminister Guri Melby (V), som også har ansvaret for barnehagane, sender sjokkmeldingar inn i private barnehagar som driv med kristen formålsparagraf:

«Private barnehagar har i snitt lågare pensjonsutgifter enn det dei får tilskot for. Derfor foreslår departementet å redusere pensjonstilskotet deira frå dagens 13 pst. til 11 pst. av kommunens lønnskostnader frå 1. januar 2021. For å gi private barnehagar med mindre økonomisk handlingsrom noko betre tid til å tilpasse seg inntektsbortfallet, foreslår regjeringa å innføre ei overgangsordning med gradvis reduksjon i pensjonstilskotet for einskildståande barnehagar», skriv Kunnskapsdepartementet og Melby i budsjettforslaget.

Som ein direktekonsekvens kuttar regjeringa 215 millionar i pensjonsstøtte neste år, medan 135 millionar så blir kutta i 2022 - totalt 350 millionar kroner.

Forslaget er tufta på ein rapport som viser at 94 prosent av dei private barnehagane får meir i pensjonstilskot enn dei bruker, medan dei resterande 6 prosentane går i minus.

Mangfaldet blir svekka

KA fortel at kyrkjelydsbarnehagane og andre einskildståande, kristne barnehagar tilhøyrer dei 6 prosentane som kjem til å få det tøffare økonomisk når pensjonspåslaget på driftstilskotet blir redusert frå 13 til 11 prosent. Einskildståande kristne barnehagar slepp kutt i 2021 og får 12 prosent i 2022, før dei skal over på ny sats, 11 prosent, frå og med 2023.

I eit budsjetthøyringsnotat til Stortingets utdanningskomité opplyser KA at dei organiserer 56 kyrkjelydsbarnehager: «Mange av disse som sliter økonomisk, og mange blir nedlagt.»

I lys av budsjettforslaget seier arbeidsgjevarorganisasjonen at regjeringa i røynda gjev kyrkjelydar to år på å selje barnehagane sine til «kommersielle aktørar».

– Det gjev mindre mangfald i sektoren, ikkje meir, slik kunnskapsminister Guri Melby og resten av regjeringa elles seier at dei ønskjer seg, meiner politisk seniorrådgjevar Bjelland i KA.

Bankar på hjå barnehageselskap

Selskapet Solkollen er eigd av Norges største barnehagekonsern, Læringsverkstedet. Etter oppkjøp rommar Solkollen i dag 21 barnehagar. Den siste blei innlemma i mars i år. Ein kyrkjelydsbarnehage i Den norske kyrkja.

Lasse Rosten, prosjektutviklar og konseptansvarleg i Solkollen, fortel at berre før sommarferien banka fire-fem kristne barnehagar på hans dør med spørsmålet «vil de overta?». Blir pensjonskuttet ein røyndom, vil det kome fleire, er Rosten viss på.

– Me ønskjer å redde flest mogleg, det sit djupt i ryggmergen vår. Men heller ikkje Solkollen kan redde alle barnehagar som no må bu seg på kraftige pensjonsstøttekutt.

Svekka forlik

Både Bjelland i KA og Rosten i Solkollen meiner det vil vere leit om barnehageforliket frå 2003 – der SV allierte seg med Frp og sikra barnehageplass til alle gjennom eit storstilt samarbeid mellom private og offentlege utbyggjarar – blir svekka av ei Høgre-styrt regjering.

LES MEIR OM BARNEHAGAR

---

Tilskot

  • Tilskotet til pensjon i private barnehagar er i dag på 13 prosent av lønnsutgiftene i dei kommunale barnehagane.
  • I forslaget til statsbudsjett for 2021 blir nivået kutta ned til 11 prosent.
  • Einskildståande barnehagar får ei overgangsordning: 13 prosent i 2021, 12 prosent i 2022 og 11 prosent frå og med 2023.
  • Med desse kutta sparar regjeringa 350 millionar kroner.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter