Nyheter

Kyrkjereform med språklege følgjer

Før regionreforma låg sokna med nynorsk liturgi stabilt på 30 prosent. No har det brått endra seg.

Ottar Grepstad

Forfattar, språk- og litteraturvitar

Dei siste 25 åra har Den norske kyrkja gjennomført ei stille regionreform med språklege følgjer. Nær 200 sokn forsvann, og for første gong på mange tiår fall prosentdelen sokn med nynorsk liturgi.

Kring 1900 var der bort imot 1000 sokn i kyrkja. Så mange kommunar var der aldri i det 20. hundreåret. Det toppa seg med 747 kommunar frå 1931. Medan kommunar blei slått saman, delte kyrkja seg meir opp og hadde på det meste i 1996 heile 1369 sokn og kapell. 20 år seinare var 103 av dei borte, og dei siste fem åra forsvann 86 til. Prostia var like mange – 96 i 1996, 95 i 2020.

Reform i det stille

Det stod strid om regionreforma i offentleg forvaltning 2015–2019, då 19 fylke blei til 11 og 428 kommunar blei til 356. Iallfall i første omgang fekk dette lite å seie språkpolitisk. No som før krev kvar fjerde kommune no nynorsk frå staten.

Kyrkja gjennomførte ei regionreform som få merka seg. På soknenivå fekk den reforma språklege følgjer. Det går fram av ny dokumentasjon eg no legg fram i boka Språkfakta 2020. Av 1180 kyrkjesokn i 2020 var liturgien på bokmål i 860 sokn og på nynorsk i 320 sokn. Ei fordeling med 30 prosent nynorske sokn og 70 prosent bokmål var forma alt før 1940. Sokn med nynorsk liturgi utgjorde 34 prosent av alle sokna i 1979 før talet stabiliserte seg kring 30 prosent. No har det brått endra seg. I 2020 hadde 27 prosent av sokna liturgi på nynorsk, og dei sokna var å finne i 7 av 11 bispedøme og 8 av 11 fylke.

Mellom 1996 og 2020 blei 78 sokn med nynorsk liturgi slått saman med andre. Det same skjedde med 113 sokn som hadde bokmålsliturgi. I absolutte tal er det dobbelt så mange nynorsksokn i 2020 enn i 1920-åra og i prosent like mange som kring 1940, men retninga nedover i prosent er tydeleg.

LES OGSÅ: «Hva slags kirkedemokrati ønsker vi oss?»

Ein del av demokratiseringa

Mange prestar var mot både liturgi og salmar på nynorsk, men frå slutten av 1920-åra aksepterte dei fleste ei språkdelt kyrkje. Den protestantiske kyrkja har dermed lenge hatt ein klar språkpolitisk praksis. Liturgispråket blei bestemt ved lokale avgjerder etter folkerøystingar like frå 1908, medan prestane heldt preikene på det språket dei ville. Relativt sett er nynorsk meir brukt i dette kyrkjesamfunnet enn elles i Noreg, lite i den katolske kyrkja og etter kvart jamt meir i lekmannsrørsla.

Frå 2017 er som kjent den gamle ordninga med statskyrkje oppheva. Den norske kyrkja er frå då av eit sjølvstendig rettssubjekt utanfor staten, men fører vidare etablert regelverk og praksis for liturgispråk. Fram til dette skiljet var reglane for kyrkjespråk i all hovudsak dei same like frå 1892. Då vedtok Kirkedepartementet at kvart kyrkjesokn gjennom folkerøysting avgjorde om liturgien og kyrkjehandlingane skulle vere på nynorsk eller bokmål. Presten stod i preikene fritt til å bruke det språket han – og mange tiår seinare ho – ville. Mange stader førte det til at presten forretta på eitt språk og preika på eit anna. Så vidt eg veit, har kyrkja sjølv enno ikkje endra dei gamle reglane om språk.

Gjennom slike folkerøystingar like frå 1890-åra blei språkval integrerte i den norske kvardagen. Innbyggjarar måtte ta stilling til bruk av nynorsk og bokmål, eller fekk høve til det. I meir enn 50 år blei det halde lokale folkerøystingar i kyrkjelydane om ein skulle ta i bruk dei nynorske Blix-salmane, om Nynorsk Salmebok skulle innførast, og frå 1908 om liturgien skulle vere på nynorsk eller bokmål. I Språkfakta 2020 er hovudtal frå 1312 slike folkerøystingar mellom 1892 og 1954 dokumenterte. Seks av ti folkerøystingar blei haldne på Vestlandet, men det var folkerøystingar i alle fylka.

11 millionar biblar

Striden om bruk av nynorsk eller bokmål kom tidlegare i kyrkja enn i folkeskulen, men varte mykje lengre i skuleverket. Til tonefølgje av motstandsfanfarar mot samnorsk røysta folk i Nord-Noreg og på Austlandet nynorsk ut att av folkeskulen i 1950- og 60-åra. I same tidsrommet roa språkstriden seg i kyrkja, der dei demokratiske prosessane skapte meir ro enn dei same prosessane gjorde i skulen. Medan bruken av nynorsk blei halvert i skulen, heldt bruken i kyrkja seg på det same høge nivået. I både Stavanger, Bjørgvin og Møre bispedøme utgjorde dei nynorske kyrkjesokna ein like stor eller større del i 2020 enn i 1996.

Den språklege stabiliteten viser att i salstal for Bibelen. Ein av dei stiligaste tabellane i Språkfakta 2020 er den som inneheld årlege salstal for Bibelen og bibeldelar på nynorsk og bokmål like frå 1899. Tala dei første åra gjeld rett nok dansk, ikkje bokmål. Den tabellen kunne berre lagast fordi Bibelselskapet i alle dei år førte nøyaktig statistikk, og det gjorde selskapet lenge før staten tok til å skilje mellom nynorsk og bokmål i offisiell statistikk.

Frå 1899 til 2019 selde Bibelselskapet 10,7 millionar eksemplar av heile Bibelen, Det nye testamentet og bibeldelar. For å vere heilt nøyaktig: 10.715.012 eksemplar. Av dette var 1,7 millionar eksemplar eller 16 prosent på nynorsk. Den prosentfordelinga har vore ganske uendra i mange tiår, og nynorskprosenten er høgare enn på mange andre område.

Den katolske kyrkja

Både Jarle Bondevik og Berge Furre poengterte i 1990-åra at Ivar Aasen fullførte reformasjonen i Noreg ved at Bibelen kom på nynorsk. Somt har også endra seg i den katolske kyrkja. I 2013 blei den katolske messa for første gong lesen på nynorsk i St. Olavs kirke i Oslo. Tekstane var henta frå den første nynorske utgåva av messeboka Missale parvum. Etter mindre rettingar og justeringar i 2017 venta ein i 2020 på godkjenning av Paven. At den protestantiske kyrkja fremja det språklege mangfaldet både her til lands og rundt om i verda, gjorde nok sitt til at det ikkje var omstridd å omsetje den katolske messeboka til nynorsk.

LES MEIR:

Formann i Høgnorskringen: «Ein norskdansk bokmålssong kann ikkje vera nasjonalsong for Noreg»

Lars Petter Sveen: «Eg har inga løysing på korleis gjere nynorsk lettare for folk flest. Ikkje regjeringa heller»

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter