Nyheter

Tala talar

Eit statsbudsjett er fullt av tal. Vårt Land gjev deg her eit utval. Som at arbeidet med det norske språket blir styrkt med 11,5 millionar kroner neste år.

USAs 43. president, George W. Bush jr, skal ved eit høve ha sagt:

– Det er heilt klart eit budsjett. Det er fullt av tal her.

Det er det norske statbudsjettet også; side opp og side ned med tal.

Vårt Land har plukka ut nokre for deg.

500

Dette betyr endringa av skattesatsane:

Har du ei inntekt på 300.000-400.000 kroner i året, blir skattekuttet på 300 kroner.

Tener du 500.000-600.000, får du eit kutt på 500 kroner.

Ligg lønna over 1 million kroner i året, får du i snitt eit skattekutt på 3.400 kroner neste år.

1,1

Barnetrygda aukar med 300 kroner i månaden 1. september neste år, og gjeld for barn opp til fylte seks år. Utvidinga kostar 413 millionar kroner i 2021, heilårseffekten ligg på 1,1 milliardar kroner.

3,8

Norge skal kjøpe inn koronavaksine - om han er klar - for 3,8 milliardar kroner.

25

Prisane på alternativ behandling, kosmetisk kirurgi og kosmetisk behandling stig med 25 prosent som følgje av at ein må betale moms på avgiftene.

Det blir 25 prosent dyrare å gå til alternativ behandling. Foto: Cornelius Poppe.

140

Budsjettet til Forsvarets etterretningsteneste er nesten dobla under Solberg-regjeringa, neste år får tenesta 140 nye millionar kroner.

825

NAV får 825 millionar kroner ekstra til arbeidsmarknadstiltak som skal hjelpe personar utanfor arbeidslivet ut i jobb.

11,9

Arbeidet med det norske språket blir styrkt med 11,5 millionar kroner.

700

Det statlige selskapet Nysnø Klimainvesteringer får 700 millionar kroner som skal investerast i verksemder som utviklar ny, klimavenleg teknologi.

2.062

Elbileigarar må måtte betale ei trafikkforsikringsavgift etter same sats som for motorsyklar, 2.062 kroner i året.

Elbileigarar må betale ei splitter ny statleg avgift. Foto: Heiko Junge/Ntb.

5,3

Private kyrkjebygg kan søkje støtte frå ein pott på 5,3 millionar kroner.

6,5

Norge får eit nytt tilsyn neste år, Dagligvaretilsynet blir etablert og det kostar 6,5 millionar kroner.

30

Avgifta på lettbrus går ned med 30 prosent - frå 1. juli.

35

Kommunehelsetenesta får 35 millionar kroner til digital helsestasjon.

120

Ordninga med fritidskort for barn får tilført 120 nye millionar neste år, dermed vil regjeringa bruke til 180 millionar kroner på utprøving av ordninga..

25

Ordninga med billegare SFO blir utvida med 25 millionar kroner.

SFO blir billegare for nokre familiar. Foto: Gorm Kallestad.

691

Til opprydding av norsk atomavfall brukar regjeringa 691 millionar kroner.

100

Statens kunstnarstipend blir styrkt med 100 millionar kroner.

500

Politiet får 400 nye stillingar, noko som kostar 500 millionar.

5.000

Arbeidsgjevar kan gje deg ei skattefri gåve for inntil 5.000 kroner neste år, opp frå 2.000 i dag.

110

Det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo skal stå klart i 2025, på neste års budsjett får museet 110 millionar kroenr.

Vikingskipene skal få nytt hus. Foto: Terje Pedersen/Ntb.

5,9

Norsk Rikskringkasting får 5,9 milliardar kroner.

1,6

Flypassasjeravgifta kjem tilbake, staten hentar inn 1,6 milliardar kroner.

100

Kriseramma ekspressbusselskap får ei hjelpepakke på 100 millionar kroner.

70

Gamle kyrkjer skal sikrast, arbeidet får 70 millionar kroner.

51,3

To krisetelefonar, Kirkens SOS og Mental Helses krisetelefon, får 51,3 millionar kroner.

LES MEIR OM STATSBUDSJETTET 2021:

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter