Nyheter

Norge kan ende opp med å ikkje hente brannofre frå Moria

Instruksen Justisdepartementet har sendt Utlendingsdirektoratet seier at det skal plukkast ut «asylsøkere som befinner seg i Hellas». Han nemner ikkje Moria eller einslege mindreårige.

– Me kan godt ende opp med at ingen brannoffer frå Moria får kome til Norge, seier Karin Andersen (SV), leiar i Stortingets kommunalkomité – og legg til:

– Instruksen frå regjeringa er utforma slik at han skal hindre einslege mindreårige afghanske gutar å få kome til Norge.

Torsdag sende justisminister Monica Mæland (H) Utlendingsdirektoratet detaljane i oppdraget med å hente ut asylsøkjarar frå Hellas til Norge: «50 personer som oppfyller kriteriene skal tilbys relokalisering til Norge.»

Justisdepartementet: Ikkje mindreårige

I instruksen blir UDI pålagt å velje ut familiar - frå Syria. Instruksen opnar ikkje for einslege mindreårige.

I greske leirar sit det rundt 4.000 einslege asylsøkjarar under 18 år, opplyser FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). I ei kunngjering fredag seier UNHCR at «mange av dem er i fare for å bli utnyttet eller utsatt for vold, samtidig som de lever ekstremt trangt på de egeiske øyene eller som hjemløse på det greske fastlandet». Storparten av dei 4.000 er unge gutar frå Afghanistan, har Vårt Land fortalt tidlegare i år. På øyane Lesvos, Samos, Chios, Kos og Leros bur det nesten 24.000 flyktningar og migrantar i overfylte leirar.

Stiller fem kriterium

Moria blir ikkje nemnd i instruksen. Departementet skriv berre at som «følge av brann og evakueringer på Lesvos 9. september 2020 er forholdene for asylsøkere i Hellas ytterligere forverret».

Oppdraget kom i mai

Sjølve Hellas-oppdraget blei formulert 26. mai: «Forutsatt at minst åtte–ti andre land i Europa realiserer sine uttak, vil regjeringen bidra og hente sårbare barn og familier, med stor sannsynlighet for opphold, fra leirene i Hellas», sa Mæland i ei kunngjering kort tid før Stortinget skulle behandle eit forslag frå SV om å hente 1.500 barn frå leirar i Hellas.

Mæland nekta å konkretisere tidspunkt og kor mange.

Brann ned i to rundar

Vårt Land fortalde sist veke at sju EU-land hadde fysisk henta einslege mindreårige frå leirar i Hellas. Dermed var Solberg-regjeringa og justisminister Mæland eitt land unna å oppfylle eige minstekrav; åtte land.

Så braut det ut brann i Moria-leiren på Lesvos natt til onsdag, og store delar av leiren brann ned. Natt til torsdag tok ein ny brann resten av Moria.

KrF og Venstre: Hente «frå Moria»

Onsdag morgon gjekk regjeringa ut og fortalte at Norge forserer uthentinga frå Hellas:

– Arbeidet med å hente barn frå Moria startar no, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land.

Det same sa Venstres talsperson i saka, næringsminister Iselin Nybø.

Statsminister Erna Solbergs (H) nemnde ikkje Moria:

– Vi har vedtatt at vi skal hente 50 personer fra Hellas, primært barnefamilier, og at de skal få sin asylsøknad behandlet i Norge. Dette avgjorde vi etter at vi så bildene, sa ho til Dagbladet onsdag.

Vil ta sårbare barnefamiliar

Fredag ber UNHCR Norge om å «gjøre mer enn relokalisering som en engangsløsning og nødtiltak». FN etterlyser tiltak som «sørger for en mer samordnet europeisk respons».

Torsdag sa statssekretær Hilde Barstad (H) i Justisdepartementet til NTB følgande: «Vi har sagt at de som skal komme til oss, må ha behov for beskyttelse og dermed for å få bli i Norge. Vi ønsker derfor å ta imot sårbare barnefamilier fra Syria.»

LES MEIR OM BRANNEN I MORIA

Kva skjer no med flyktningane på Lesvos? Vårt Land gjev deg svar om Europas flyktningpolitikk

Flertall sier de vil hente flere asylsøkere fra Hellas

---

Fakta:

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter