I Haram kyrkje går no vindkraftdebatten inn i kyrkjebøna
Vindkraft: Sterke meiningar for og imot vindkraft set preg på Haramsøya. – Vi vil bidra til forsoning og tek temaet inn i kyrkjebøna, seier soknepresten.
Forsoning: Sokneprest i Haram, Magne Bildøy, fortel at dei no tek inn tematikken rundt vindkraftdebatten i kyrkjebøna. – Vi vil bidra til fred og forsoning, seier han.
Privat
Sist sundag vart fylgjande tekst fletta inn i kyrkjebøna i Haram kyrkje i Ålesund, og den vil vere gjeldande framover:
«Gode heilage Ande, takk for ditt nærvær. Takk for at Den heilage Ande skaper liv i vår verd. Takk for at di kraft er som vinden, berre langt sterkare. Vi ber om forsoning mellom menneske som er mot og for vindkraft. Takk for engasjement for urørt natur, og for nærområdet som vi lever i. Takk for ei forvaltning av naturen som gir næringsinntekt og eit levedyktig lokalsamfunn. Lær oss å leve i samfunn med deg og med kvarandre. Gud, vi bed».
Ber om forsoning