Nyheter

Bispedøma spør ikkje om ekteskapssyn i jobbintervju til prestestillingar

Ingen bispedømeråd følgjer kyrkjerådsleiar Raaum si oppfordring om å undersøke synet på likekjønna ekteskap i jobbintervju.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum sa til Aftenbladet tidlegare i juli at ein i kvart bispedøme burde jobbe for teologisk breidde og mangfald blant prestane i synet på homofilt ekteskap.

For å sikre mangfaldet meiner kyrkjerådsleiaren at det kan vere lurt at dei ulike bispedømeråda spør presten på jobbintervjuet korleis ho eller han stiller seg til likekjønna vigsel og tar dette i betraktning i tilsettingsprosessen.

Også leiar for bispedømerådet i Oslo, Gard Sandaker-Nielsen, synst at det er eit relevant spørsmål.

«Ja, det er opplagt relevant å vite om en kandidat ønsker å vie alle par og hvordan vedkommende forholder seg til uenighet og mangfold i kirken», skriv han i ein e-post til Vårt Land.

Kan ikkje avvise

I 2017 kom det ein liturgi på plass i norske kyrkjer om vigsel av likekjønna par. Det blei samstundes klart at det skal vere rom for begge syn på samkjønna ekteskap og prestar har høve til å reservere seg mot å vie homofile.

Det finst kyrkjer i dag kor ingen prestar ønskjer å vie homofile. Ei kyrkje kan likevel ikkje avvise vigsler. Viss det ikkje er tilgjengelege prestar som er opne for å vie homofile er det opp til prosten å hente inn ein ekstern prest som kan stå for vigsla.

For å sikre mangfald blant prestane i synet på homofilt ekteskap meiner kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum at det kan vere lurt at dei ulike bispedømeråda spør presten på jobbintervjuet korleis ho eller han stiller seg til likekjønna vigsel. Foto: NTB scanpix

Etter at Vårt Land har ringt rundt til intervjuansvarlege i bispedømeråda over det ganske land, kjem det fram at det ikkje finst noko råd som spør om dette eksplisitt i ein intervjusituasjon. Ingen av bispedømeråda meiner det er av interesse. Fleire bispedøme fortel at dei bevisst held seg unna det.

– Me er bevisste på å ikkje stille det spørsmålet. Me held oss til Kyrkjemøtet sitt vedtak og ser ikkje dette som relevant for tilsettingsprosessen, seier seniorrådgivar ved personale i Tunsberg bispedøme Eli Irene Fjose.

Ulik praksis

Andre bispedøme fortel at dei ikkje spør, men at det i samtala med jobbsøkaren ofte kjem fram av seg sjølv.

– Me plar ikkje å spørje om det, men det hender det kjem fram i løpet av samtala kor vedkomande stiller seg teologisk. Men det er ikkje eit fast spørsmål om det, nei. Me er meir opptekne av om dei kan samarbeide med andre som har eit anna syn enn seg sjølv, seier stiftsdirektør i Oslo bispedøme Elise Sandnes.

– Eg har gode erfaringar med å spørje om ekteskapssyn for å sikre breidde i presteskapet, seier Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Erlend Berge

Kyrkjerådsleiar Kristen Gunleiksrud Raaum registrerer at det finst ulik praksis, idet ho blir presentert med resultata frå ringerunden. Ho fortel om ei utvikling i tilsettinga av nye prestar.

– Dette blir mykje mindre tematisert enn for nokre år sida, noko eg tolkar som eit resultat av ei større breidde i teologisk syn. Samstundes har eg gode erfaringar med å spørje om dette for å sikre breidde i presteskapet, seier ho.

Ho trur at det at dette ikkje blir lagt vekt på eller spurt om i tilsettingsprosessen, er eit uttrykk frå bispedøma si side om at dei ikkje ønskjer at det skal bli ein gjennomgåande konfliktsak. Ho fortel at mange prestar ikkje ønskjer å gå ut med sitt syn då dei har opplevd at det blir brukt mot dei.

Vil sikre teologisk bredde

Ideelt sett ønskjer ho ein situasjon der presteskapet er breitt samansett når det kjem til ulike teologiske spørsmål, og at det ikkje skal bli opplevd som farleg å stille spørsmål om teologisk profil.

– Kan det vere ønskjeleg å kvotere inn prestar med ein teologisk profil som manglar i dei ulike bispedøma?

– Du får meg ikkje til å seie at det er naudsynt med kvotering. Eg meiner dersom ein skal skape teologisk breidde så må ein sjekke det ut gjennom tilsetting. Det er slik breidde kan skapast, seier ho.

Teologisk breidde er ein av mange faktorar som det er ønskjeleg med mangfald i, ifølgje kyrkjerådsleiaren.

– Me ønskjer breidde på mange ulike område, til dømes innanfor kjønn og alder. Teologisyn er berre ein av dei faktorane med ønskjer breidde i. Korleis dette blir vektlagt i tilsettingsprosessen finst det ulik praksis på, seier ho.

LES MEIR:

• Nominasjonskomiteens liste: Bare fire vil ta omkamp om likekjønna vigsel

• Likekjønna vigsel: Kyrkjelydar får ikkje si nei

• Ueinige: Betent vigsel på grasrota

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter