Nyheter

Regjeringa har endeleg funne hus for rom

I 2015 gav regjeringa den ­nasjonale minoriteten rom ei kollektiv oppreising. Først over fem år seinare blir kultursenteret Romano kher eit permanent senter.

– Ein gledas dag.

Linda Hofstad Helleland er oppstemt. For statsråden gler seg vegne av alle norske rom, ein nasjonal minoritet som tel opp mot 900 personar. Endeleg skal dei få sitt eige hus, ei permanent løysing skal bli røyndom berre ein kjem seg over i 2021.

– No er kontrakten signert, snart skal dei få starte arbeidet med å etablere kultur- og ressurssenteret, som blir eit signal om at rom har ei framtid i Norge, fortel Helleland til Vårt Land.

I hennar portefølje i Kommunaldepartementet ligg ansvaret for urfolk og nasjonale minoritetar, som Norge har fem av: Jødar, kvenar, skogfinnar, romani og rom. Sistnemnde var lenge omtalt som sigøynarar, no heiter det rom.

Kultur- og ressurssenteret har namnet Romano kher, som er romsk og tyder «huset til romaane». Sidan 2017 har det halde hus i mellombelse lokale i Gamlebyen i Oslo. No skal det inn i romslegare lokale i bydelsbydelen Ryen, som ligg litt lenger aust i hovudstaden.

– Opninga blir tidleg i 2021, fortel Helleland.

– Kva slags funksjon skal senteret ha?

– Senteret skal ta vare på romsk kultur, samstundes som det viser fram romsk kultur. Slik blir senteret ein møtestad mellom minoritet og majoritet.

Oslo 20200124. 
Nøkkeloverrekkelse i Kommunal- og moderniseringsdepartementet mellom Nikolai Astrup (H) og Linda Hofstad Helleland (H) i oslo fredag.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Linda Hofstad Helleland (H) er distrikts- og digitaliseringsminister, og har også ansvaret for urfolks- og minoritetspolitikken til regjeringa. Foto: Fredrik Varfjell/NTB scanpix

Ingen ville leige ut

Historia bak senteret er sår. «Orsak», sa statsminister Erna Solberg (H) i 2015, på den internasjonale romdagen 8. april. Regjeringa, på vegne av Norge, gav den ­nasjonale minoriteten ei kollektiv oppreising: pengar til å etablere eit nasjonalt kultursenter.

Men ingen utleigarar ville huse Romano kher.

Arbeidet med senteret starta i 2017. Med hjelp frå eigedomsmeklarar søkte ein etter høvelege lokale. Om lag 30 utleigarar melde seg med tilbod etter annonsering. Men då dei høyrde kven som skulle bruke lokala, trekte dei fleste seg, fortalde Vårt Land i 2018.

Ingen sa det rett ut: «vi vil ikkje leige ut til rom». Men dei sa det likevel. Kommunaldepartementet sette statens eige eigedomsselskap på jobben: Finn eit permanent lokale. No har Statsbygg løyst oppdraget.

– Kvifor tok det over fem år å realisere Romano kher, Helleland?

– Fordommane mot rom er større enn me trur. Det uroar meg. Samstundes har eg tru på at møteplassar som dette er viktige tiltak for å motverke fordommar.

Oppreising til ein minoritet

Romsk kultur- og ressurssenter er tufta på ei oppreising: «Jeg beklager den rasistiske ekskluderingspolitikken som ble ført – i tiårene både før og etter andre verdenskrig. Jeg beklager også de fatale følgene denne politikken fikk for norske rom under Holocaust. Regjeringen vil også gi en form for kollektiv oppreisning, som også rom selv har etterspurt», sa statsminister Solberg i 2015.

Minoriteten, som i all hovudsak held hus i Oslo og Viken, blei raskt samde seg i mellom, dei ønskte «eit eige hus». I 2017 kom pengane, 13 millionar kroner, og regjeringa valde Kirkens Bymisjon som driftar av Romano kher.

Romsk kultur- og ressurssenter i Gamlebyen kirke.
Romsk kultur- og ressurssenter held mellombels til i nedlagde Gamlebyen kyrkje i Oslo. Foto: Erlend Berge.

Kyrkjelyd får forsamlingslokale

Kai-Rune Myhrer er dagleg leiar i Romano kher. Saman med frivillige og tilsette som er rom har dei etablert senteret. Som statsråd Helleland gler Myhrer seg storleg over å få flytte frå tronge, mellombelse lokale i Gamlebyen kyrkje i Oslo.

– No får me eit hus for heile minoriteten, seier han.

Det inneber at senteret også skal huse den romske kyrkjelyden, ein nabolagskafé og ei utstilling.

– Me skal invitere skuleklassar til senteret for at dei skal få kunnskap om rom i Norge, seier Myhrer.

Romano kher driv i også Brobyggertjenesten. Her arbeider rådgjevarar med romsk og ikkje-romsk bakgrunn med alt frå haldningsskapande arbeid til å gje individuell samfunnsvegleiing til norske rom.

LES MEIR OM NORSKE ROM:

---

Rom

  • Stortingsrepresentant Trine Skei Grande (V) tok i 2012 opp mangelen på dokumentasjon på uretten mot og forfølginga av rom. Statsråd Rigmor Aasrud (Ap) svarte at Stoltenberg-regjeringa ville gå inn i saka.
  • Holocaustsenteret leverte i 2015 rapporten Å bli dem kvit - Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom. Han viste fram ein systematisk statleg diskrimineringspolitikk.
  • 8. april 2015 ba statsminister Erna Solberg om ­orsaking og varsla at rom ville få kollektiv oppreising.
  • Rom-organisasjonane blei samde om at dei ønskte eit kultur- og ressurssenter.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter