Nyheter

Paret hentar surrogatison. Ingen hentar Bridget. Ho blei funksjonshemma

Over 100 nyfødde babyar født ved surrogati stranda i Ukraina då pandemien ramma. No får para hente barna. Men ingen hentar fire år gamle Bridget. Ho er sterkt funksjonshemma.

– Det er ein draum.

Andrea Diez held sonen Ignacio i armane. Ho har kome til Kiev, Ukrainas hovudstad, for å hente heim guten ho og ektemannen Fernando Montero har fått ved hjelp av ei ukrainsk surrogatmor. Saman med ti andre par frå Argentina og Spania har eit av landets største surrogatifirma, BioTexCon, invitert til pressekonferanse.

Diez og Montero er begge 46 år, og har fleire mislukka fertilitetsforsøk bak seg i heimlandet, fortel dei til New York Times. Difor valde paret å bli foreldre med ukrainsk hjelp.

Ignacio blei fødd 29. april og har fram til no budd på ein hotellsuite saman med andre nyfødde barn ved surrogati. Sjølv har paret vore to veker i karantene i Kiev.

Andrea Diez og Fernando Montero er mellom dei første som får sleppe inn i Ukraina etter at landet har lempa på innreiserestriksjonane og det har byrja å gå fly att. Planen er at snart skal alle nyfødde vere henta heim.

Stranda i landet grunna korona

Ukraina er blitt verdas babyfabrikk. Hit kjem par frå alle kontinent å oppfylle draumen om eit barn - ved hjelp av surrogati. Landet har ei særs liberal lovgjeving, einaste strenge krav er at para som skal bruke ukrainske surrogatmødrer er heterofile.

I mars ramma koronapandemien også Ukraina. Strenge reiserestriksjonar og så godt som ingen internasjonal flytrafikk, viste fram resultatet av Ukrainas surrogatiindustri:

Vel 100 nyfødde stranda babyar. Para som hadde venta i ni månader på barna, kom seg ikkje til Kiev for å hente dei heim.

Eit av landets leiande surrogatifirma, BioTexCom, samla kring 50 babyar på hotellet dei driftar i Kiev. Her blei dei nyfødde stelte av barnepleiarar og sjukepleiarar i påvente av henting - og viste fram for heile verda.

God betaling freistar

Å vere surrogatmor er lukrativt for mange ukrainske kvinner. I Ukraina ligg snittløna på vel 8.000 kroner i månaden.

BioTexCom opplyser på eiga heimeside at prisen på surrogatiprogramma deira spenner frå vel 300.000 til 700.000 kroner. Albert Tochilovsky, som eig og driv BioTexCom omtalar verksemda som «medisinsk turisme».

Kvinnene som vel å bere fram andres barn, får ein eingongssum på 15.000 dollar - eller nesten 150.000 kroner - når barnet er fødd. Under graviditeten får dei 300-400 dollar per månad.

Betalar for legeutdanning

Olha Korsunova fortel New York Times kvifor ho takka ja:

– Eg fekk utdanning og kan gje sonen min alt han treng takka vere surrogatiprogrammet, fortel legen som no studerer obstetrikk, ein kirurgisk spesialitet; behandling av mødrer og fostre under graviditet og fødsel.

Ho er gravid for tredje gong med eit surrogatibarn. Hennar første, eit tvillingpar, bur i dag i Spania.

Sterkt funksjonshemma jente

Ukrainas posisjon som eit av verdas fremste surrogatiland har også retta søkelyset mot skuggesidene:

Barnet som ingen vil hente. Bridget.

Dokumentarprogrammet Foreign Correspondent, som blir vist på ABC, Australian Broadcasting Corporation, avslørte i fjor historia om det premature barnet som blei fødd i 2016, i veke 23.

Lenge svevde jenta mellom liv og død, men 18 månader gammal var det klart at ho ville overleve. Men ho var sterkt funksjonshemma, og vil ha behov for pleie livet ut.

Takka nei til å hente

Då sa ekteparet i USA som hadde gjort avtalen med surrogatmora nei, takk, me ønskjer ikkje å hente barnet, det er ulækjeleg. No bur Bridget, som ho heiter, på ein barneheim i byen Zaporizhzhya. ABC var i kontakt med paret, som ikkje ønskte å stille opp i dokumentaren. Men dei stadfesta opplysningane.

I samband med at Ukraina opnar opp etter pandeminedstenginga, har BBC vitja barneheimen og møtt Bridget. Som blir verande i Ukraina.

Barnesjukepleiaren Marina Boyko har pleia Bridget sidan ho var baby. Boyko har ei tydeleg melding til par som vil bli foreldre med hjelp av surrogati i Ukraina:

– Det kan ikkje vere slik at likar ein barnet, så hentar ein det, men likar ein ikkje barnet, så forlet ein det. Det er fullstendig feil, seier Boyko til BBC.

Barneheimen vonar nokon vil adoptere Bridget.

Kyrkjer krev surrogatistopp

– Det må bli slutt på praksisen der utlendingar hyrer inn ukrainske kvinner til å føde deira barn.

Kravet blir sett fram av Sviatoslav Shevchuk, erkebiskop i Ukrainas ortodokse kyrkje, og Mieczyslaw Mokrzycki, erkebiskop i Ukrainas katolske kyrkje, skriv The Catholic Weekly.

Dei to har konkrete krav til Ukrainas regjering:

– De må innføre ein familiepolitikk som gjer slutt på ordninga der ukrainske kvinner sel kropp og barn for at eigen familie skal overleve.

Dei kallar praksisen med surrogati for «ein demonstrasjon for forakt for menneskeverdet», og krev at det blir sett ein stoppar for at barn kan bli bestilt og produsert.

LES MEIR

---

Surrogati

  • India og Thailand var lenge store surrogatiland, men begge land har forbode kvinner å bere fram barn for utlendingar.
  • Ukraina er blitt eit av verdas viktigaste surrogatiland.
  • Her kan berre gifte, heterofile par bli foreldre.
  • Vilkåra er at det ligg føre medisinske grunnar eller at fleire prøverørsforsøk er gjennomførte utan suksess.
  • Surrogatiprogramma kostar frå 300.000 til vel 700.000 kroner per barn.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter