Nyheter

– Innsamlingsstrategien var dropen

Fleire kristne organisasjonar i Sverige bryt også samarbeidet med TV-kanalen Visjon Norge.

I mars avslutta den svenske storkyrkja Livets ord samarbeidet med TV Visjon Norge. Årsaka var at de ikkje ville assosierast med «manipulative innsamlingsmetodar». Sidan har både Evangeliesenteret og Norea mediemisjon i Noreg trekt seg frå kanalen.

Fredag melde svenske Dagen at også pinsekyrkjelyden i Uppsala gjer det same.

Kritisk til innhaldet

Pastor i Uppsala Pingst, Dan Salomonsson, fortel til avisa at dei var i kontakt med Visjon Norge for halvtanna år sidan. Sidan då har dei vore i kontinuerleg dialog, der dei har kome med innvendingar mot innhaldet på kanalen.

– Vi er imot deira innsamlingsmetodar. Dropen for oss var då ein pastor tidlegare i år oppfordra sjåarar til å gi 2.020 kroner for å få Guds vern mot koronaviruset. Ein slik teologi stiller vi oss ikkje bak, seier Salomonsson til svenske Dagen.

TV Visjon Norge fekk massiv kritikk i februar etter at gjestepredikanten Dionny Baez fra Venezuela hevda at ei pengegåve kunne verne menneske frå viruset. Innslaget førte mellom anna til at Normisjon vil vurdere sitt samarbeid med kanalen.

Jan Hanvold, dagleg leiar i Visjon Norge, har tidlegare sagt at kanalen tek avstand frå at ein kan kjøpe frelse og vern. Når det gjeld koronapåstanden frå Baez, har Hanvold likevel hevda at det predikanten sa var «rein bibelsk lære».

– Slurvete teologi

Pinsekyrkjelyden i Uppsala har i om lag fire år hatt eit program på TV Visjon Norges svenske dotterkanal TV Vision Sverige. Det har handla om gudstenester i Sverige, i tillegg til dei har hatt eit intervjuprogram som har blitt sendt i både Noreg og Sverige. Pastor Dan Salomonsson har sjølv vore programleiar for det sistnemnde programmet. Han hevdar at det ikkje ligg personlege konfliktar bak avgjerda om å avslutte samarbeidet med kanalen.

– Dei arbeider profesjonelt med innspelingane og vi har blitt møtt på ein veldig god måte av dei som ordnar med teknikken. Vår innvending gjeld innhaldet i fleire program, seier pastoren til svenske Dagen.

– Alle kan gjere feil. Men dette er ein slurvete teologi, ein framgangsteologi, som vi ikkje støttar.

Uppsala Pingst skal no lage TV-program saman med TBN Nordic, som dei har samarbeidd med i fleire år.

– Det er viktig at den kristen bodskapen framleis når så mange som mogleg, seier Salomonsson.

Ynskjer tydelegare avstand

Svenske Dagen har snakka med evangelisten Carl-Gustaf Severin, som har vore ein av Visjon Norges profilar i nokre år. Han er også kritisk til somme innslag.

– Eg skulle ynskje at Jan Hanvold tok tydelegare avstand frå ein del overdrivingar, seier han til avisa, og siktar spesielt til innsamlingsmetodane til TV-kanalen.

Severin har ikkje bidrege til nye program på kanalen på ei stund. Det er uklart om samarbeidet vil halde fram.

– Ikkje sensur

Ifølgje Jan Hanvold er Visjon Norge tverrkyrkjeleg og at dei prøver å betene alle sine partnarar på best mogleg måte.

– I Visjon Norge skal vi ikkje drive med sensur. Vi skal sjølvsagt følgje Vær Varsam-plakaten, men kvar og ein skal få forkynne det den enkelte står for, sa han til Vårt Land nyleg.

Ifølgje Hanvold produserer Visjon Norge 60 prosent av innhaldet som blir vist på kanalen, medan resten kjem frå samarbeidspartnarar.

LES MEIR:

• MIN TRO med Jan Hanvold: Slik vart Jan Hanvold Noregs mest kontroversielle TV-predikant

Hanvold: «Vi får ta hverandre i handa, vi da, vi som ikke tror på koronavirus»

---

Fakta:

---

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter