Nyheter

Betalt ut 365 millionar i vaksineerstatning

Ti år etter at nesten halve Norge blei vaksinerte mot svineinfluensa, får Norsk pasientskadeerstatning (NPE) framleis søknader om erstatning. 365 millionar er betalt ut til no.

– Det finst ikkje vaksiner som ikkje har biverknader, men vaksiner er dei legemidla med færrast biverknader, forklarar medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk til Vårt Land.

Verda er råka av ein dødeleg pandemi. 4,2 millionar er smitta, snart 285.000 er døde. Derfor arbeider forskarar på høggir i laboratorium verda rundt. Dei skal finne ein vaksine mot korona - og det raskt. For å sikre arbeidet skal EU samle inn 85 milliardar kroner. Statsminister Erna Solberg (H) har gjeve 2,1 milliardar kroner frå Norge.

Madsen opplyser at det blir arbeidd med rundt 80 koronavaksineprosjekt, verda over:

– I alt arbeid med å utvikle gode vaksiner, er det viktig med utprøving. Ein må prøve på så mange og så lenge at ein kan vere sikker på at alvorlege biverknader er svært sjeldne. Men på eit tidspunkt må ein setje ei grense, og seie at no er det utprøvd, elles vil ein aldri få ut vaksiner.

Første pandemi i det 21. hundreåret

Medan verda ventar på koronavaksinen, arbeider Norsk pasientskadeerstatning (NPE) framleis med etterverknadane av den førre store, norske massevaksineringa. 2,2 millionar nordmenn sa ja til å bli vaksinerte med Pandemrix i influensasesongen 2009-2010.

Bakgrunnen for massevaksineringa var at Verdshelseorganisasjonen (WHO) i juni 2009 slo fast at verda var råka av ein pandemi - den første i det 21. hundreåret. Månaden etter bad WHO medlemslanda om å vaksinere alle innbyggjarar same haust.

Ein vanleg sesonginfluensa smittar mellom 5 og 20 prosent. I 2009 frykta helsestyresmaktene at halve Norge ville bli sjuke av det nye viruset. Regjeringa kjøpte difor inn 9,4 millionar dosar av Pandemrix-vaksinen mot svineinfluensaen.

LES OGSÅ: Millioner av mennesker mangler det viktigste mot korona: Såpe og vann

Rekordmange meldingar om biverknader

Kort tid før vaksineringa starta opp, varsla helsepersonell at dei sa nei til vaksinering. Dei frykta biverknadane. Helsestyresmaktene svarte med det NTB omtalte som ein «informasjons- og overtalelseskampanje». I ei undersøking Aftenposten fekk utført i oktober 2009, sa berre ein av fem at dei kom til å ta svineinfluensavaksinen.

Året etter melde Statens legemiddelverk at innrapporteringa av biverknader var rekordhøg i 2009. 800 kom etter vaksinering med Pandemrix, og 200 av desse igjen blei definerte som alvorlege.

825 søknader om erstatning

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er ein statleg etat underlagt Helsedepartementet, og er heimla i eigen lov, pasientskadeloven. I 2009 tok NPE på seg erstatningsansvaret for vaksinen Pandemrix. Sidan har NPE fått 825 søknader og betalt ut 365,3 millionar kroner i erstatning, viser ein oppdatert oversikt per første kvartal 2020.

Tala fortel at det er fatta vedtak i 771 saker. Av desse har 617 fått avslag og 154 medhald. 26 saker er framleis under arbeid. Oppsummert: Ein av fem har fått Pandemrix-erstatning.

LES OGSÅ: Merethe Thomassen: – Jeg ikke har blitt et bedre menneske av covid-19. Tvert imot, jeg har blitt en reddere, sintere og mer egoistisk utgave av meg selv.

Fekk sjukdommen narkolepsi

Gjennomgangen av utbetalingane frå NPE avdekkjer at to tredelar av medhaldssakene gjeld barn og unge, der dei fleste har fått narkolepsi etter vaksinen.

«Narkolepsi er en kronisk søvnsykdom med symptomer som økt søvnighet og anfall med unormal søvntrang på dagtid», forklarar Norsk helseinformasjon.

I 2017 la Folkehelseinstituttet fram ein rapport der ein konkluderte slik: «En ny norsk studie bekrefter at risikoen for narkolepsi var økt etter vaksinasjon med Pandemrix under influensapandemien i 2009/2010.»

Totalt er det til no betalt ut erstatningar til 123 personar som har fått påvist narkolepsi som følgje av Pandemrix-vaksinen.

Mange avslag til ME-sjuke

ME er den andre sjukdommen mange søkjer erstatning for å ha utvikla. Men svært få har fått medhald, opplyser NPE.

Dei skriv at «I mange av desse sakene har personar fått avslag fordi ein ser at tilstanden med ME har oppstått før vaksinasjonen, og at det er andre meir sannsynlege årsaker til ME enn vaksinen». Dei sju som har fått medhald, fekk symptom på sjukdomen kort tid etter vaksinasjonen.

Kjem søknader framleis

Direktør Rolf Gunnar Jørstad i NPE seier dei har brukt mykje ressursar på Pandemrix-sakene.

– Ei god handtering av desse sakene hjå oss er ei viktig brikke i ein god vaksinasjonspolitikk, der ein kan få erstatning om vaksinen har ført til plager, fortel han til npe.no.

Storparten av erstatningssøknadane kom inn til NPE i åra 2012-2014. Men framleis tek NPE imot nye søknader, sjølv om foreldingsfristen kan ha gått ut for ein del av dei. Men, understrekar NPE, fristen for forelding blir utsett om personen ikkje har forstått samanhengen mellom vaksinen og skaden før det har gått ein del tid.

«Tilhøyrer eit unntak»

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk fortel Vårt land at vaksineprogramma i Norge har hatt få biverknader, og at dei mange som særleg fekk narkolepsi etter å ha fått Pandemrix i 2009-2010, tilhøyrer eit unntak.

– Desse tilfella er svært uvanlege.

Produsenten av Pandemrix, GlaxoSmithKline, opplyser til Vårt Land at vaksinen berre blei brukt i samband med pandemien i 2009-2010, for det må lagast ny vaksine til kvart nytt influensavirus.

LES MEIR:

• 19 organisasjoner ber statsrådene: Ikke gjør klima til koronataper

• Solberg-regjeringen har vraket alle forslag om bedre beredskap

– I en krisetid ser vi hvem som egentlig leder oss, skriver Une Bratberg

---

Vaksinering

  • Norge rulla ut eit massevaksineringsprogram i 2009, for å verne befolkninga mot svineinfluense.
  • 40 prosent blei vaksinerte med vaksinen Pandemrix.
  • Etter kort tid blei det meldt inn biverknader hos enkelte.
  • Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har betalt ut erstatning til personar som har fått kroniske sjukdommar, og helseskader.
  • NPE brukar medisinske spesialistar innanfor vaksinefeltet, nevrologi, infeksjonssjukdomar og indremedisin som sakkunnige i erstatningssakene.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter