Trur vi kan lære av pandemien

Korleis finn vi meining midt i koronapandemien? Det vil forskarar ved MF vitenskapelig høyskole finne ut av.

Gry Stålsett, førsteamanuensis i religionspsykologi, er éin av fleire forskarar som har bidrege til ei ny spørjeundersøking, som skal undersøke dei eksistensielle aspekta ved koronapandemien.
Publisert Sist oppdatert

– Vi har ein unik situasjon i vår samtid til å stoppe opp og reflektere. Vi erfarar at vi kan setje inn dramatiske tiltak som verkar. Det kan påverke opplevinga av vår individuelle fridom som vi har kjent den til no, korleis vi erfarar fellesskap og tilhøyrsle, og kva vi tenker om framtida.

Det seier religionspsykolog Gry Stålsett. Ho leier eit prosjekt som skal utforske eksistensielle aspekt ved koronapandemien. «Livsmening og erfaringer med koronakrisen» er ein studie som vil finne ut kva kjelder folk har til meining i krisetider. Ved hjelp av ei spørjeundersøking på nett, håper dei å nå ut til flest mogleg.

– Utfordra til å sjå nærare på kvardagen

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP