Nyheter

I Brasil viser presidenten fortsatt tommel opp trass dystre tal

Brasil er det landet i Latin-Amerika som er hardast ramma av koronaviruset. Men presidenten meiner økonomisk krise er verre enn «ein lita influensa».

– Kva så? Eg sørgjar over dei døde, men kva vil du eg skal gjere?

Det svarte Brasils president då han vart konfrontert med dystre koronatal i slutten av april.

Brasil er det åttande hardast ramma landet i verda. Fredag 8. mai vart 751 dødsfall registrert på eitt døgn. Totalt har over 10.000 menneske mista livet­ i landet. Over 155.000 menneske er stadfesta smitta. Det er truleg berre ein brøkdel av tilfella­ som vert fanga opp av styresmaktene. Forskarar meiner­ det reelle talet er 15 eller­ 20 gonger­ så høgt fordi så få blir testa for viruset.

– Mitt mellomnamn er Messias, men eg kan ikkje utføre mirakel, heldt presidenten fram.

Økonomi trumfar liv og helse

Torkjell Leira er forfattar og Brasil-kjennar, som nylig kom med ei bok om regnskogen. Han kallar situasjonen i landet «veldig dramatisk». Medan talet på smitta no går ned i mange land, aukar det framleis i Brasil. Helsesystemet fleire stadar er i ferd med å kollapse.

For eit par dagar sidan innførte kongressen og høgsterett i landet tre dagars landesorg for dei døde. Frå presidenten og regjeringa, er det stille.

– Presidenten har gjort veldig lite for å hindre spreiinga av viruset, og mykje for å forverre situasjonen, seier Leira.

Han viser til fleire døme: Presidenten har vore ute i gatene og helst på tilhengjarar. Han har fleire gongar gitt støtte til demonstrasjonar mot restriksjonane i landet. Og han har kalla koronaviruset ein lita influensa mange gongar, trass at medisinsk ekspertise i Brasil har sagt det motsette.

– Kvifor gjer han dette?

– Det er vanskeleg å finne eit godt svar på det. Om eg skal tolke han positivt, så vektar han Brasils økonomi veldig tungt. Det trumfar argumentet for liv og helse, mykje meir enn vi er vande med her.

I tillegg viser han til Bolsonaros anti-vitskaplege og svært liberalistiske verdssyn.

– Han forkastar til dømes at klimaendringar er menneskeskapte. Det er som med mange andre høgrepopulistiske statsleiarar: han trur ikkje på det vitskapen seier. Derfor trur han heller ikkje på det legevitskapen seier om dette viruset, seier Leira.

Ifølgje Leira har Bolsonaro gjentekne gongar vist at han har eit kynisk syn på liv og menneskerettar.

– I det menneskesynet, er det ikkje så farlig om 10.000 eller 100.000 døyr av viruset. Det er noko ein må rekne med. Det er veldig vanskeleg å forstå.

RIO DE JANEIRO, RJ - 24.03.2020: QUARENTENA NO RIO DE JANEIRO_COVID 19 - Movement in the streets of the North Zone of Rio de Janeiro during the quarantine against the new corona virus. (Photo by Carlos Elias Junior/Fotoarena/Sipa USA)(Sipa via AP Images)
Sidan slutten av mars har det vore forbode å bruke strendene i Rio de Janeiro. Biletet viser folk på handletur i den nordre delen av byen i april. 

Fast grunnfjell – mindre tillit

Ifølgje Leira har pandemien forverra ei politisk krise som har prega Brasil lenge. Jair Bolsonaro vann med 55 prosent av stemmene under presidentvalet for halvtanna år sidan, utan å ha erfaring frå regjeringsnivå. Sidan det har oppslutninga gått raskt nedover, men det er framleis mange som støttar han. Leira forklarar det med at han har eit grunnfjell av tilhengjarar som er med han uansett. Leira trekk ei linje til president Donald Trump i USA.

Samtidig har Bolsonaro mykje mindre tillit i befolkninga generelt no enn då han vart valt.

I regjeringa, har koronakrisa utløyst tumultar. For ein månad sidan fekk helseministeren i landet sparken, fordi han var ueinig med Bolsonaro om handteringa av koronaviruset. Og for to veker sidan gjekk justisminister Sérgio Moro av på dramatisk vis.

– Det var eit stort nederlag for Bolsonaro og hans regjering. Moro var ein av dei store stemmesankarane og eit symbol mot korrupsjon, fortel Leira.

Fleire byar stenger

Bolsonaro har ikkje innført nasjonale tiltak under koronapandemien. Men domstolane har bestemt at guvernørar og ordførarar har rett til å stenge ned sine byar, dersom det er behov for det.

I løpet av den siste veka har fleire store byar i landet innført strenge restriksjonar. Rundt 1,5 millionar menneske i Maranhãos hovudstad São Luís er blitt bedne om å halde seg heime og ikkje forlate bustaden med mindre det er høgst nødvendig. Parkar er stengde og det er ikkje lov å trene utandørs.

São Luís er den første storbyen i Brasil som innfører nedstenging, som foreløpig skal vare fram til 16. mai. Om du forlèt huset ditt utan gyldig grunn, må du ut med 360 dollar i bot.

Thiago Firmino sprays disinfectant on an alley to avoid the spread the new corona virus at Santa Marta slum in Rio de Janeiro, Brazil, Friday, April 10, 2020. Firmino, who works as a tourist guide in the favela, helped organize a group to buy sanitization equipment with donated funds and are now disinfecting the alleyways of the favela. (AP Photo/Leo Correa)
Thiago Firmino sprayar desinfeksjonsmiddel i ei gate i Santa Marta-slummen i Rio de Janeiro.

– Må endre kurs, eller gå av

The Lancet – eit av verdas eldste og mest anerkjende medisinske tidsskrift – skildrar president Bolsonaro som «det største trugsmålet» mot Brasils evne til å handtere koronapandemien.

– Han treng å endre kurs, eller så må han gå av, står det i tidsskriftets leiarartikkel denne veka.

Omtrent 13 millionar brasilianarar bur i såkalla «shantytowns», der det nærast er umogleg å følgje retningslinjer om hygiene og avstand til andre. Ifølgje The Lancet er også urbefolkninga i landet svært utsett. Styresmaktene har lenge oversett ulovleg gruvedrift og hogst i regnskogen.

– Vi risikerer no at desse arbeidarane tek med seg koronasmitte til grupper som sjeldan har kontakt med andre, står det i tidsskriftet.

Åtvarar mot økonomisk krise og sosialt kaos

Fredag åtvara finansminister Paulo Guedes om at Brasils økonomi står i fare for å kollapse.

– Innan 30 dagar kan det byrja å bli knapt i butikkhyller, og produksjonen kan bli ustrukturert, noko som kan føre til eit system som medfører økonomisk kollaps og sosialt kaos, sa Guedes.

Fredag kunngjorde styresmaktene i Brasils mest folkerike stat, Sao Paulo, at obligatorisk karantene vil gjelde ut mai.

Restriksjonane vil få svært negative økonomiske konsekvensar for landet, trur Torkjell Leira.

– Dei vil ikkje ha dei same tiltakspakkane som her. Det er arbeidarar og selskap som vil kjenne det mest på kroppen. Dei er ikkje i nærleiken av å ha vår velferdsstat eller våre trygdeordningar.

Når vi ser tilbake på denne perioden om eitt år, kan det hende vi ser at Noreg gjekk for langt i den eine retninga, trur Leira.

– Men vi vil sannsynligvis sjå at Brasil gjekk altfor langt den andre vegen.

---

Korona i Latin-Amerika

  • Det første tilfellet av smitte i Latin-Amerika, var 26. februar 2020 i byen Sao Paulo i Brasil. Den 61 år gamle mannen hadde nyleg besøkt Italia.
  • 7. mars døydde ein 64 år gammal mann i Buenos Aires, Argentina, av koronaviruset. Det var det første, registrerte koronadødsfallet på kontinentet.
  • Styresmaktene i ei rekke land har innført restriksjonar for å hindre smitte av koronaviruset, mellom anna portforbod og karantene.
  • Hittil er 5.208 stadfesta smitta i Argentina, 125. 218 i Brasil og 29.420 i Ecuador. Sistnemnde er blant dei hardast råka landa i Latin-Amerika.
  • Kjelde: as-coa.org

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter