Nyheter

Klarsignal for Diakonhjemmets storutbygging

Reguleringsplanen for Diakonhjemmet er no vedteken av bystyret i Oslo. Men sjukeheim kan dei framleis ikkje bygge.

Diakonhjemmet hage er eit utviklingsprosjekt på eit 40 måls stort område på Steinerud i Oslo. Det skal bli bustadar, barnehage, campus for høgskular, parkområde, omsorgsbustadar og sjukeheim.

Det vil seie: Der er eit område som er regulert til sjukeheim, men sjukeheimen kan ikkje byggast enno.

Måtte vente på ESA-avklaring

Etter at Diakonhjemmet, Kirkens bymisjon og Diakonissehuset Lovisenberg vann konkurransen om å få drive fire sjukeheimar i Oslo i fjor sommar, fekk dei ikkje underskive kontrakt med ein gong. Oslo kommune måtte venta på EØS-tilsynet ESA, som skulle avklare om regjeringa kan gi norske kommunar lov til å ha anbodsrunder der berre ideelle får delta.

– Vår nye sjukeheim er tenkt som ein del av ei større utbygging og utvikling på Diakonhjemmet. Politikarane gjer sitt beste, men det er krevjande for heile satsinga at avklaringa tek så lang tid, sa administrerande direktør ­Ingunn Moser til Vårt Land i november i fjor.

LES MEIR OM BAKTEPPET HER: Rødt lys fra ESA lammer politikere og ideelle aktører

Vil bygge, må konkurrere på nytt

Før jul i fjor, vart konkurransen som Diakonhjemmet vann, avlyst. Dei ventar no på at det skal kome ein ny anbodsrunde over sommaren, der dei må konkurrere om bygging og drifta av sjukeheimen på nytt. Moser er takksam og glad for at reguleringsplanen er vedteken, sjølv om ho tykkjer det er synd at sjukeheimskonkurransen har tatt lang tid.

– Kva konsekvensar får det at de må vente endå lenger?

– Det har konsekvensar for byen, fordi det er ei forseinking av tilbod om sjukeheim. Vi skulle gjerne ha bygd ut, men det er lite vi kan gjere akkurat no. Vi skal gjere vårt beste for å vinne konkurransen igjen, seier Moser.

– Det har vore utruleg spanande heilt fram til siste slutt. No skal vi gjere det vi kan for at dette blir til glede for heile byen vår, seier administrerande direktør ved Diakonhjemmet, Ingunn Moser.
Ingunn Moser er administrerande direktør ved Diakonhjemmet. Foto: VID

Takkar alle involverte

I februar kom nyheita om at regjeringa forskriftsfestar at stat, fylker og kommunar kan skjerme konkurransar om å tilby helse- og sosialtenester slik at berre ideelle aktørar får delta. Med den nye forskrifta ynskjer regjeringa å prøve handlingsrommet i EØS-avtalen.
Om Oslo kommune tør å skjerme sjukeheimskonkurransen igjen, med ein viss risiko for å bli klaga inn for ESA-domstolen, er endå ikkje klart. For 12. mars stengte samfunnet ned som følgje av koronaviruset.

Ingunn Moser takkar uansett alle som har arbeidd for å få vedtaket for prosjektet som heilskap på plass.

– Dette er eit stort vendepunkt for Diakonhjemmet. Det har vore utruleg spanande heilt fram til siste slutt. No skal vi gjere det vi kan for at dette blir til glede for heile byen vår, seier direktøren.

– Vi gler oss til å kome i gang.

LES MEIR:

Gir klarsignal for å skjerme ideell omsorg

---

Fakta:

---

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter