Nyheter

Noreg skrik etter sjukepleiarar. Likevel får ikkje Lovisenberg utdanne fleire

Me manglar tusenvis av sjukepleiarar, og behovet blir stadig større. Men rigide reglar for praksis hindrar den populære høgskulen Lovisenberg, som gjerne vil ta imot fleire for framtida.

Hadde Noreg hatt full dekning av sjukepleiarar, ville 5.600 fleire jobba i yrket no. Ser me fram mot 2035, kan Noreg vere i beit for 28.000. Det viser ein rapport SSB ga ut i fjor.

Men sjølv om sjukepleia er blant dei mest populære studia i år, er det mange som ikkje kjem inn. Det uroar Lovisenberg diakonale høgskole (LDH), som vil lage plass på skulebenken til fleire.

Det strame systemet stoppar studentar

Ønsket om fleire studentar har LDH hatt i mange år. I koronatida har det blitt enno sterkare.

– Pandemien viser at sjukepleiarfaget er ein nøkkel for å levere komplette og gode helsetenestar, seier rektor Lars Mathisen.

Difor vil høgskulen møte framtidas behov med større kapasitet. Men utvidinga blir stoppa av ein flaskehals: praksisen.

Når studentane er ferdige med utdanninga, finst det ei slags liste over kva dei må kunne. Krava kjem både frå ei nasjonal forskrift og reglar frå EU. Studentane må oppfylle detaljerte kriterium.

– Men talet på praksisplassar, som me treng for å få til dette, har avgrensa høvet vårt til å ta imot fleire, seier Mathisen.

Samansett problem: Kvalitet, reglar og kommunar

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) kjenner dette att. Han veit at mangelen på praksis er eit hinder for å utvide talet på plassar.

– Sjukepleia er populær og viktig. I denne regjeringsperioden har me sett av pengar til 200 fleire studieplassar til bachelorutdanninga i sjukepleie, seier statsråden til Vårt Land.

Asheim trur praksisplass-problemet har fleire grunnar: Naudsynte krav om fagleg kvalitet, norsk og internasjonalt regelverk og at ikkje alle kommunar har lagt godt nok til rette for praksis.

– Desse problemstillingane strekk seg over fleire felt. Derfor samarbeider me tett med Helse- og omsorgsdepartementet for å finne gode løysingar, seier statsråden.

Kan unntaket bli normalen?

Pandemien skapte utfordringar for studentane som allereie går sjukepleie. No har regjeringa letta på reglane for at praksisen deira likevel skal bli godkjent.

Desse erfaringane meiner rektor Mathisen at ein må ta med vidare. Kanskje kan ein godkjenne praksis på ein ny måte etter dette.

– Før har det vore mange kvantitative krav til kva studentane må igjennom. No kan me i større grad fokusere på kva dei lærer.

Ved Lovisenberg prøver dei å få til praksis som vanleg. Men der det ikkje går, får studentane rettleiing frå høgskulen i sine eigne jobbar for få praksisen godkjent likevel.

Lovar løft for høgare utdanning

Lovisenberg har gitt innspel og ønsker til det reviderte nasjonalbudsjettet, som blir lagt fram 12. mai.

Ministeren for høgare utdanning vil ikkje love noko konkret, men:

– Me kjem med kraftfulle tiltak på utdanningssida denne våren. Ein av tinga me vurderer, er kapasiteten. Detaljane må me kome tilbake til, seier Asheim.

Når LDH-rektoren ser inn i framtida, skimtar han forandring og digitalisering. Derfor må dei nye sjukepleiarane få eit godt grunnlag – men òg bli løysingsorienterte og fleksible. Dagens rigide krav står dels i vegen for det, meiner han.

– Praksisen bør vere friare for at me skal kunne lære studentane å bli gode på omstilling. Blir praksiskrava meir fleksible, kan me kanskje utdanne fleire av dei sjukepleiarane me treng, seier Mathisen.

– Pandemi-situasjonen har gjort at me enno tidlegare har fått erfare at fridommen fungerer.

LES MEIR:

Syn på samliv splittar folkehøgskular

– Ikkje hent heim demente foreldre, åtvarar Marthe Skogheim

Denne dama har kjempa for arbeidsvilkåra til sjukepleiarane

---

Sjukepleiestatus

  • Noreg manglar 5600 sjukepleiarar (Nav 2019).
  • I 2035 kan talet bli 28.000 (SSB 2019).
  • Rundt 1 av 10 søkarar til høgare utdanning i 2020 hadde sjukepleie som førsteval.
  • Lovisenberg diakonale høgskole (LDH) er skulen med flest søkarar per studieplass.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter