Dei siste fem åra har Noreg tapt sju saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og er frikjent i to. Norsk barnevern har gripe inn i «retten til familieliv» i for stor grad, ifølgje Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
Professor: Det beste for barnet må komme først
Blant punkta Noreg får refs for er:
• At det ikkje er lagt opp til nok samvere mellom barn og biologiske foreldre.
• At overtakinga av omsorg har blitt for langvarig. Målet om tilbakeføring har ikkje vore tydeleg nok.
Dette blir ein del av den nye barnevernlova. Men UiB-professor meiner retten til familieliv ikkje må trumfe det beste for barnet.
– Det er ikkje rett-fram å tolke desse EMD-dommane, seier Marit Skivenes, som har forska på barnevern i mange år.
– No er Noreg ein spydspiss på barns rettar. Det er kjempeviktig, men det kostar litt.
I EMD sit dommarar frå ulike land med ulike utgangspunkt. Det kan kome i konflikt med dette norske utgangspunktet, trur Skivenes.
– Viss me samanliknar oss med aust-europeiske land, har dei ein annan måte å forstå familien på. I Noreg har me tradisjon for å fokusere barnet først. Den forskjellen er stor, seier Skivenes.

Ropstad: Me skal lære av dommane
Når barn blir utsett for overgrep eller mishandling, har norske styresmakter ansvar for å gripe inn med omsorg. Barnevernet kan hjelpe foreldra i kortare eller lengre periodar.
Men nettopp desse «lengre» periodane har Noreg blitt kritisert for i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).
– Hovudjobben vår no blir å gå igjennom desse for å sjå kva punkter me kan lære av. Menneskerettane er veldig viktige i arbeidet vårt med ny barnevernlov, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Vårt Land.
Han håpar ho er klar for Stortinget våren 2021.
Ønskjer sjekkliste for barnet
Professor Marit Skivenes har sett til land som liknar på vårt, og funne eit tiltak ho ønsker seg til Noreg: Ei sjekkliste for barns beste når ein skal ta val i barnevernssaker.
– Då må ein for eksempel svare på: «Kven har barnet nære relasjonar til?» eller «Korleis ivaretar ein barnets utdanning?». Slik blir det mindre opp til kvar enkelt saksbehandlar og dommar å vurdere barnets beste, seier Marit Skivenes.
Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier fokuset i norsk barnevern framleis skal vere på barnet.
– Heilt klart. Men det er ikkje motsett av å ha tilbakeføring til biologiske foreldre som mål der dette er mogleg, seier Ropstad.
FO: Treng fleire stillingar i barnevernet
– Det er positivt at departementet tar høyringsinnspel og EMD-signala på alvor, seier seniorrådgivar Anniken Barstad Waaler i Norges institutt for menneskerettigheter (NIM).
Arbeidet med den nye barnevernlova tar ekstra lang tid for å ta omsyn til dette. Det meiner NIM er klokt.
– Barnevernsfeltet krev komplekse vurderingar, seier Barstad Waaler.

Norges Institutt for menneskerettigheter (NIM) meiner eit komplisert felt som barnevernet krev god tid lovarbeidet. Foto: NIM.
Også barnevernet sjølv synest det er eit godt utgangspunkt.
– Det er viktig at me tar signala frå EMD. Det er uheldig om samveret ikkje er forankra i det beste for barnet, seier forbundsleiar Mimmi Kvisvik i Fellesorganisasjonen (FO).
Likevel meiner fagforeininga at det må mykje meir til for å styrke feltet.
– Me treng rom til å skreddarsy korleis me følger opp barna og familiane. Regjeringa må øyremerke midlar til fleire stillingar, seier Kvisvik.

Mimi Kvalsvik og dei barnevernstilsette i Fellesorganisasjonen (FO) krev eit større løft enn lovendring. Foto: FO.
Professor: Barnets stemme viktigare enn familiekritikk
Statsråden gler seg til den nye lova, og er sikker på den vil sikre gode tiltak tidleg.
– Eg har stor tru på å auke kompetansen, med mastergrad, til dei som jobbar i tenesta, seier Ropstad.
Når den nye lova kjem, håpar Marit Skivenes at regjeringa framleis lar barnets stemme klinge høgast. Det er viktigare enn familiekritikken frå EMD, meiner ho.
– Det er ei moralsk plikt å ta omsyn til akkurat kven denne guten eller jenta er, og la deira erfaringar spele ei viktig rolle, seier professoren.
– Noreg er i front for barns rettar. Eg håpar verkeleg det held fram slik.
LES MEIR:
• Krav på barnehage og AKS, selv om det er korona-stengt
• Regjeringen innfører mastergrad for barnevernarbeidere
• Barn i krise i kø hos barnevernet
---
Noreg i EMD
- Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) ligg i Strasbourg i Frankrike.
- Domstolen dømmer etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
- EMD er sett saman av ein dommar for kvar stat som er med i konvensjonen. I 2019 var det 47 dommarar.
- Dei siste fem åra har EMD tatt 36 norske saker opp til behandling. Barnevernet er dømt i sju saker, og frikjent i to.
- Noreg har brote artikkel 8 i Menneskerettskonvensjonen (EMK), som handlar om retten til famlieliv.
- Kjelde: Store Norske Leksikon og Høgsterett.
---