Eksplosjon i søking til sjukepleia – diakonal høgskule mest attraktiv
Mange fleire vil ta sjukepleiarutdanning i år. Då blir det kniving om plassane, spesielt på éin skule.
Yrket sjukepleiar har fått ein renessanse i krisetida, trur instituttleiar. Noregs mest eksklusive utdanning høyrer til sjukehuset kor Tone Sundal jobbar på hospice. (Arkivfoto frå 2018).(Foto: Erlend Berge)
Aldri før har så mange ønskt seg ein studieplass. Krisetida har spesielt løfta eitt felt: helsefaga.
Etter ein nedgang i søking i fjor, har sjukepleiarutdanninga auka med 5,8 prosent i år. Og hos nokon er pågangen enorm.
Desse har det trongaste nålauget