Nyheter

Asylsøknader sett på vent - intervju avlyst, nemndmøte utsett

Nesten 500 har søkt asyl i Norge i år. Men Utlendingsdirektoratet (UDI) har avlyst alle asylintervju. Utlendingsnemnda (UNE) avgjer berre saker der nemndleiar åleine kan fatte vedtak.

– Dette er nedbrytande, for dette er menneske som allereie har levd lenge med utryggleik om framtida. No blir alt endå meir uvisst, seier generalsekretær Ann-Magrit Austenå i Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS).

Europas og med det Norges grenser er stengde, men framleis kjem det asylsøkjarar til landet. Sist veke søkte ti personar om vern i Norge. Samla har 496 søkt asyl i januar, februar og dei fire første vekene av mars.

Sendt til nasjonalt senter

Alle som kjem no, blir sendt til Ankomstsenter Østfold. På dette nasjonale senteret blir dei automatisk plasserte i karantene i 14 dagar. Her har UDI eigne bueiningar for asylsøkjarar som kan vere eller er smitta med covid-19.

– Per no har me ingen smitta, opplyser informasjonsrådgjevar Vibeke Schjem i UDI.

Sist veke blei to testa etter mistanke om korona. Testane var negative.

Avlyser asylintervju

«Alle asylintervjuer er avlyst», fortel UDI på eiga heimeside. Smitteverntiltaka til helsestyresmaktene hindrar fysiske møte.

Dette betyr at ingen asylsøkjarar får starte på prosessen med å avklare retten til vern eller opphald i Norge - dei må sitje på mottak eller Ankomstsenter Østfold og vente:

«Vi vet ikke nå hvilken betydning dette vil få for ventetiden på søknader vi har til behandling, men det er sannsynlig at det vil føre til lengre ventetider for noen saker», melder UDI, og legg til at etaten arbeider med internettintervjuløysingar.

NOAS etterlyser informasjon

- På den eine sida kjem det færre asylsøkjarar til Norge, men samstundes stoppar sjølve søknadsprosessen noko opp, seier avdelingsdirektør Borghild Fløtre i UDI.

Konsekvensen er at få eller ingen som får avslag, blir sendt ut av landet, og at få eller ingen som får opphald, blir busette i ein kommune. Per 23. mars budde det 2.500 asylsøkjarar på mottaka.

– No er god informasjon frå UDI viktig, seier Austenå i Noas.

– I situasjonar som dette går rykte, og folk blir ekstra stressa.

Kapasiteten blir utvida

På fleire asylmottak bur folk tett, og transporten mellom mottaka er redusert. Difor har UDI auka kapasiteten. På sju mottak er kapasiteten utvida, ikkje for å innlosjere fleire, men for å få lenger avstand mellom dei som bur der. I tillegg har UDI forlenga fire driftskontraktar som skulle blitt avslutta i mai og juni. No har driftsselskapa fått forlenga avtalene med seks månader.

Slik skal UDI sleppe å flytte asylsøkjarar til nye mottak. Direktoratet seier dei er ekstra merksame på einslege mindreårige som bur på mottak. Desse er mellom 16 og 18 år. Dei under 16 bur på barnevernsinstitusjonar.

Utset alle nemndmøte

Alle som får avslag på asylsøknaden i Norge, klagar UDI-avslaga inn for Utlendingsnemnda. Som ein konsekvens av smitteverntiltaka til helsestyresmaktene har UNE avgjort at alle nemndmøte og forvaltningssamtalar blir utsette, førebels ut april.

– Me har lytta til signala frå helsestyresmaktene, seier avdelingsdirektør i Øyvind Havnevik i UNE.

Konsekvensen er at asylsøkjarar som ventar på klagehandsaminga, må vente lenger.

Men nokre saker blir likevel handsama. UNE opplyser at dei prioriterer dei sakene der nemndleiar åleine kan fatte vedtak etter at sekretariatet har førebudd dei.

Kjem ikkje til Norge

Norge skal i år ta i mot 3.000 kvoteflyktningar, eller overføringsflyktningar. Men fordi grensene er stengde og flytrafikken minimal, må 750 flyktningar som skal til landet vente i leirar i utlandet. Inntil vidare får dei ikkje reise til Norge.

NB! Artikkelen er oppdatert med ferske tall 30.mars 2020 kl.11.

LES MEIR

Russiske Jehovas vitner har fått asyl i Norge

---

Fakta:

  • I fjor kom det 2.305 asylsøkjarar til Norge.
  • Hittil i år har det kome:
  • 226 i januar.
  • 173 i februar.
  • 87 dei tre første vekene i mars.
  • Per 23. mars budde det 2.500 asylsøkjarar på mottaka.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter