HYPOKONDERLEGENS RÅD:

Psykiater: – Alle bør ha litt helseangst no

– Dei som ikkje har helseangst og ikkje vil ta omsyn til andre, er farlege, meiner psykiater Ingvard Wilhelmsen.

Wilhelmsen er ein røynd psykiater som i ei årrekkje har arbeidd med helseangst. Sidan koronasmitten kom til landet og festa seg i folkesetnaden, blir Wilhelmsen kontakta av folk som strevar med helseangst.

Han seier det er heilt naturleg å kjenne på litt angst no når talet på koronasmitta stig - og samfunnet stengjer ned:

Folkehelseinstituttet (FHI) melder torsdag at totalt er 621 stadfesta smitta i Norge. Samanlikna med dagen før er dette opp 163 smitta. Og no spreier viruset seg utan at helsestyresmaktene klarar å finne alle smittekjeldene.

Stenger ned Norge

Torsdag blei det klart at alle skular og barnehagar i Norge blir stengde, det same blir høgskular og universitet, treningsstudio og badeland, hotell og restaurantar. På kultursektoren blir konsertar, utstillingar, teater og andre arrangement avlyste eller utsette.

Difor skriv Wilhelmsen ut følgjande resept:

– Dei som ikkje kjenner på litt helseangst no, bør gå i terapi.

 

Avlyste foredrag

Ingvard Wilhelmsen har sidan 1995 drive Norges einaste klinikk for hypokondrar. Klinikken er ein seksjon av Medisinsk Poliklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

No er han lukka. Sjukehuset opnar ikkje dørene for denne typen pasientar i desse koronatider.

I tillegg til klinikkjobben er Wilhelmsen ein etterspurd foredragshaldar om helse og angst - og han skriv bøker om emnet. Hans siste har tittelen Det er ikke mer synd på deg enn andre.

Men no har legen god tid. Foredraga hans er avlyste eller utsette. Grunna korona.

Farlege egoistar

Om det som no utspelar seg på den globale scenen; ein pandemi som veks om omfang time for time, seier psykiateren:

– Me har aldri opplevd noko slikt som dette før. Difor skal me kjenne på helseangsten. Det er denne som held oss i live. For når me er ottefulle, følgjer me råda som styresmaktene sender ut.

Wilhelmsen seier at dei som ikkje kjenner eit snev av angst slik tilhøva er no, er farlege: For dei vil ikkje følgje råd og ta omsyn til andre.

Legeråd: Lev sunt

Han ber nordmenn om ikkje å slite seg ut ved å hente fram suter som pregar livet døgeret rundt, for slikt er til inga nytte.

– Me må tåle å leve med risiko. Det me gjennomlever no blir ei kollektiv øving på å tåle det utrygge.

For å vere best rusta til å møte farane som følgjer med koronapandemien, har psykiateren eitt svært handfast råd: Styrk immunforsvaret.

Det gjer du ved å vere utkvilt. det betyr igjen at du må ete godt, sove godt, trene og slappe av. Og ikkje gruble.

Difor har Ingvard Wilhelmsen ein bonus til alle som følgjer koronaråda hans og ikkje blir smitta: Det er alltid bra å vere i god form.

 

Funksjonar er oppe

Regjeringa innfører frå og med torsdag nye, strenge tiltak for å hindre koronasmitte, men vil sikre at samfunnskritiske funksjonar kan haldast oppe. Desse er:

Styring og kriseleiing.

Forsvar.

Lov og orden.

Helse og omsorg.

Redningsteneste.

IKT-tryggleik i sivil sektor.

Natur og miljø.

Forsyningstryggleik.

Vatn og avløp.

Finansielle tenester.

Kraftforsyning.

Elektroniske kommunikasjonstenester.

Transport.

Satellittbaserte tenester.

Apoteka.

LES MEIR:

---

Lege

  • Ingvard Wilhelmsen er utdanna lege, spesialist i indremedisin, fordøyingssjukdommar og psykiatri.
  • Professor emeritus ved Universitetet i Bergen.
  • Har vore overlege ved Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.
  • Har sidan 1995 drive ein klinikk for hypokondrar, som er ein seksjon av Medisinsk poliklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.
  • Etterspurt foredragshaldar, særleg om tema helseangst.
  • Har gjeve ut fleire bøker, Det er ikke mer synd på deg enn andre, Kongen anbefaler – holdninger for folket, Livet er et usikkert prosjekt.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter