Nyheter

Danmark: Skal straffe mottakarar

I Danmark blir det straffbart å motta donasjonar som underminerer menneskerettar - og alle gåver over 10.000 danske kroner skal rapporterast.

Uavhengig av kva farge det er på den danske regjeringa, vil danske politikarar stramme inn lovverket for kven som skal få lov til å gje økonomisk støtte til trus- og livssynssamfunn.

«Underminerer demokrati»

I fjor vår blei den borgarlege, Venstre-leia regjeringa samde med Dansk Folkeparti om å utforme ein politikk som skulle ramme både utanlandske personar og organisasjonar.

Blei det avdekt at desse, gjennom donasjonar, «motarbeider eller underminerer demokrati og grunnleggjande fridoms- og menneskerettar», så skulle dei hamne på ei forbodsliste. Dermed ville det bli forbode for danske trussamfunn, organisasjonar og foreiningar å motta støtte frå desse gjevarane.

Grensa for å rapportere donasjonar blei sett til 20.000 danske kroner.

Skal vedta lov om straff

No går den snart eit år gamle sosialdemokratiske regjeringa eitt langt steg vidare. Socialdemokratiet er blitt samde med fire opposisjonsparti om å gjere det straffbart å motta donasjonar frå utanlandske gjevarar som «motarbeider eller underminerer demokrati og grunnleggjande fridoms- og menneskerettar».

Forslaget om å innføre straff blir lagt fram for Folketinget i april. På heimesida til Utlændinge- og Integrationsministeriet, fortel statsråd Mattias Tesfaye (S) kven han ønskjer å ramme med lovinnstramminga:

– Eg tek sterk avstand frå ekstreme krefter i danske moskear. Det er eit reelt problem dersom organisasjonar som ønskjer å undergrave grunnleggjande demokratiske verdiar får gje donasjonar.

Grense blir senka

Tesfaye vedgår at lovforslaget ikkje løyser alle problem, men at «det er eit viktig steg på vegen».

Dei fem partia er også samde om å senke grensa for donasjonar som skal rapporterast til styresmaktene ned til alt over 10.000 danske kroner.

LES MEIR

Regjeringa og Frp strammar til mot islamske gjevarar

Dansk moské fekk 6,5 millionar frå Saudi-Arabia

Radikal moské søkjer om å få byggje barnehage

SV: Pengestøtte frå autoritære regime til norske trossamfunn er ein uting

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter