Nyheter

Politiet fann rabbinar med 50 kvinner i fangenskap

Israelsk politi har arrestert rabbinar i Jerusalem, mistenkt for å halde rundt 50 kvinner og barn i fangenskap.

Rabbinaren er i 60-åra og blir av politiet mistenkt for alvorlege lovbrot, mellom anna seksuelt misbruk av både kvinner og barn, melder avisa Haaretz og BBC. Mannen held til i eit ultra-ortodokst strok i Jerusalem.

Politiet skriv i ei kunngjering at dei mistenkjer han for å drive eit «lukka fellesskap» der 50 kvinner og ei gruppe barn blei haldne isolerte frå familiane sine, og for å «arbeide under slaveliknande kår».

Dreiv eit teologisk seminar

– Me veit at han tok pengane deira og held dei der mot sin vilje, seier polititalsmann Micky Rosenfeld til nyhendebyrået Associated Press.

Mannen blei arrestert måndag saman med åtte kvinner som skal ha samarbeidd med han. Offisielt dreiv rabbinaren eit teologisk seminar i Jerusalem.

Kvinne gjekk til politiet

Politiet gjekk til arrestasjon av den religiøse leiaren etter at ei kvinne som hadde studert ved seminaret melde frå om kva ho hadde opplevd, skriv avisa. Før pågripinga måndag hadde politiet etterforska saka i to månader, skriv ynetnews.com.

Rabbinaren blei også arrestert i 2015, men blei sett fri fordi kvinner som budde saman med han vitna til hans fordel, skriv Haaretz.

Nektar for alt

Avisa opplyser at mannens forsvarar fortel at rabbinaren nektar for alle skuldingar – og at kvinna som gjekk til politiet gjorde så fordi det var konfliktar mellom kvinnene på seminaret og familiane deira.

Ein domstol i Jerusalem har avgjort at mannen skal varetektsfengslast fram til tysdag. To av kvinnene er også plasserte i varetekt då politiet mistenkjer dei for å samarbeide med rabbinaren.

LES MEIR

---

Fakta:

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!


Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter