Nyheter

Aksjonskrav til utanriksministeren: Hent barn ut av Moria

Nordmenn bombarderer utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) med e-postar som krev at ho aktivt hjelper flyktningbarn i Hellas: «Ingen flere barn bør lide på din vakt!»

– Kom hit og sjå sjølv, Ine.

– Evakuer sårbare mindreårige, Erna.

Karin Andersen (SV) kunne ikkje lenger sitje i Norge og be regjeringa handle. Difor er leiaren i Stortingets kommunalkomité på Lesvos for å møte dei som er stua inn i ein av Europas verste flyktningleirar, Moria. Ein gong dimensjonert for 3.000 personar. Snart husar han 20.000 flyktningar og migrantar. Her er det mangel på alt; husvære, mat, helse.

– Dette er nok av det verste eg har sett - og eg har sett mykje som er ille, fortel Andersen til Vårt Land på telefon frå Moria.

Sidan sundag har stortingsrepresentanten og SV-topp Karin Andersen vitja Moria-leiren på Lesvos. Han husar snart 20.000 flyktningar og migrantar, men er berre dimensjonert for 3.000.

Stortingsrepresentant og SV-topp Karin Andersen er på vitjing i Moria-leiren på Lesvos. Leiren er dimensjonert for 3.000 menneske, men husar snart 20.000 flyktningar og migrantar. Foto: Privat

«Folk går til grunne»

Ho ristar i Europas og med det Norges flyktningpolitikk:

– I Moria går folk til grunne, ganske enkelt. Og det skjer medan Norge nesten ikkje mottek flyktningar. Me har pengar, me har kapasitet, så her bør regjeringa trø til. Hjelpeorganisasjonar bør få norsk støtte direkte slik at fleire kan få det betre her på Lesvos - og dei mest sårbare, særleg einslege mindreårige, kan hentast til Norge.

Karin Andersen ber utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) gjere som henne; reise til Lesvos og sjå med eigne augo kva som møter flyktningane som kjem seg over frå Tyrkia.

– Til våren skal eg tilbake, saman med resten av Stortingets kommunalkomité. Fleire må sjå kva som skjer her på Lesvos, seier Andersen.

Same dag som SV-toppen landa på Lesvos, kom det 300 flyktningar og migrantar i gummibåtar.

 

Frivillig i Moria-leiren

Artist og sjukepleiar Marthe Valle er heilt samd:

– Akkurat som leiaren i Stortingets kommunalkomité reiser til Lesvos for å sjå kva forferdelege tilhøve flyktningane må leve under, bør utanriksministeren gjere det same, seier Valle til Vårt Land.

Som sjukepleiar har Valle vore frivillig i Moria-leiren ved fleire høve. Der arbeider ho på ein helseklinikk som prøver å plastre dei verste såra.

Starta epostaksjon før jul

Idet Norge glei inn i julemodus, gjekk Valle og barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk, som også har jobba i Moria-leiren, ut med ein kampanje for å hjelpe gruppa dei to meiner er mest sårbar, dei mange barna i Moria. Helsearbeidarane ber nordmenn om å sende ein e-post med ein ferdig formulert bodskap til utanriksminister Søreide:

«Vi krever at du som utenriksminister tar initiativ til en felleseuropeisk løsning for å evakuere alle barnefamilier og enslige mindreårige fra Moria. Dette er en humanitær krise som bare kan løses politisk. Ingen flere barn bør lide på din vakt!», lyder sluttappellen i e-posten.

E-postaksjonen Valle og Brubakk starta i desember er blitt utvida. No ber dei nordmenn om å bli med på ein spleis: Samle inn pengar til ein Lesvos-billett til utanriksminister Ine Eriksen Søreide, så ho får vitja Moria-leiren.

– Oppslutninga om innsamlinga er god, seier Valle.

Fotograf Knut Bry støttar epost-aksjonen. Her fotografert utanfor Moria-leiren på Lesvos.

Fotograf Knut Bry støttar e-post-aksjonen. Her fotografert utanfor Moria-leiren på Lesvos. Foto: Privat

FN-krav: Evakuer leirane på øyane

Valle og Brubakk støttar seg på Europarådets menneskerettskommissær Dunja Mijatović. Etter eit besøk i Moria i november melde ho at det menneska i leirane på dei greske øyane ikkje treng no er eit nytt toppmøte om flyktningkrisa, men handling: «Det dei har desperat behov for, er at dei politiske leiarane sluttar å sjå vekk, og endeleg set i verk tiltaka som alle veit om, men ingen ser ut til å omfamne.»

– Tilhøva i Moria går no frå vondt til verre, og alle lovnadane om å flytte folk frå øyane og inn til fastlandet og betre tilhøve, er tome ord, seier Valle.

I september gjekk FN ut og kravde evakuering av Moria-leiren etter at ei afghansk kvinne og eit lite barn omkom i ein brann. Hellas si nye, konservative regjering har lova å sende folk til fastlandet, men førebels har berre eit fåtal blitt flytta.

A migrant boy stands barefoot between tents after a rainstorm outside the Moria refugee camp on the northeastern Aegean island of Lesbos, Greece, Wednesday, Sept. 25, 2019. Authorities on the Greek island of Lesbos have partly reopened the country's largest refugee camp to newly arrived migrants despite acute overcrowding. (AP Photo/Michael Varaklas)

Saman med barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk har sjukepleiar og artist Marthe Valle teke initiativ til e-post-aksjonen «Evakuer barna fra Moria». Foto: Michael Varaklas/NTB scanpix

Appell frå Oslos biskop

Når det kjem til oppmodinga om å evakuere barn og barnefamiliar, peikar både Karin Andersen og Marthe Valle på aksjonen Vatikanet og pave Frans gjennomførde før jul. Gjennom ein såkalla «humanitær korridor» kan særleg sårbare flyktningar få kome til Italia, Frankrike og Andorra. Med hjelp av denne politiske avtalen kom 33 personar seg ut frå Moria i desember.

«Sånn kan det gjerast (...) Kva ventar vi på, her i Norge?», skriv Oslo-biskop Kari Veiteberg på eiga Facebook-side.

Regjeringen: Ønsker «europeisk løsning» for Moria-leiren

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H) ønsker ikke selv å svare på Vårt Lands spørsmål om hva som er hennes svar på epostaksjonen – og om det vil komme et initiativ fra henne om å evakuere barn fra Moria. Søreide lar statssekretær Jens Frølich Holte (H) svare, per e-post:

– Vi erkjenner de store utfordringene Hellas står overfor på migrasjonsfeltet og vi bidrar til at disse kan løses, skriver han og forteller at Norge har siden 2012 har gitt Hellas 57 millioner euro via EØS-støtten. pengene går til «styrking av greske myndigheters evne til å håndtere flyktninger og migranter på en best mulig måte», og til «styrking av en sivil asyladministrasjon i Hellas og til kapasitetsbygging for det greske mottaksapparatet for flyktninger og migranter».

– Vi forstår at myndighetene nå ønsker å øke kapasiteten på fastlandet, for å avlaste situasjonen på øyene og det er positivt. Bistanden fra Norge er et betydelig bidrag for å avhjelpe forholdene i Hellas, skriver Holthe.

Besøkte Hellas

Holthe forteller at han var selv i Hellas i november og hadde møter med greske myndigheter om migrasjon.

– Situasjonen er krevende, men det norske bidraget verdsettes av asylmyndighetene. En stor del av den norske støtten har vært fokusert på sårbare grupper av migranter, inkludert enslige, mindreårige asylsøkere. Støtten skal bidra til å styrke greske myndigheter og frivillige organisasjoners kapasitet til å takle utfordringene knyttet til migrasjon på langt sikt.

Norge vil ikke handle på egenhånd

Holthe understreker at Norge ikke kommer til å handle på egenhånd:

– Regjeringen mener det er nødvendig med felleseuropeiske løsninger på europeiske migrasjonsutfordringer, og arbeider for en bindende og permanent ansvars- og byrdedelingsmekanisme der alle europeiske land deltar.

Les meir:

---

Hellas

  • I mars 2016 blei EU og Tyrkia samde om å stengje flyktningruta mellom Tyrkia og Hellas, og talet på flyktningar og migrantar som kom til fem greske øyar aust i Middelhavet gjekk kraftig ned.
  • I 2018 byrja folk på nytt å kome seg over til øyane i større grupper, for Tyrkia slepper fleire over havet. I fjor kom det heile 60.000, melder Aegean Boat Report.
  • Hellas får omfattande økonomisk støtte frå EU - og Norge - for å halde flyktningane og migrantane i landet, og ikkje sleppe dei nordover i Europa.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter