Nyheter

Fredag fell dommen mot Arne Viste, han risikerer fengsel og millionbot

Tiltalt for grove brot på utlendingsloven.

Klokka ti fredag morgon blir dommen forkynt i Stavanger tingrett. For to veker sidan blei straffesaka avslutta i Oslo tingrett. Påtalemakta la ned påstand om eitt års fengsel på vilkår, ei bot på 1,5 millionar kroner og inndra 3 millionar frå han privat.

Vistes forsvarar ba om full frifinning – eller sekundært mildast mogelege straff.

Arne Viste er tiltalt for «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

LES MEIR: Arne Viste møtt med jubel

Gjev jobb til utlendingar utan lovleg opphald i Norge

Gjennom Plog gjev Viste vikarjobbar til utlendingar med endeleg avslag på asylsøknaden, og som er såkalla ureturnerbare; Norge får ikkje sendt dei tilbake til heimlanda, for desse nektar å ta imot.

Påtalemakta meiner Viste medvite bryt utlendingsloven ved at han gjev jobb til utlendingar utan lovleg opphald i Norge. Viste sjølv meiner han etterlever paragraf 110 i Grunnloven: «De statlige styresmaktene skal legge til rette for at ethvert arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsvirksomheten sin. Den som ikke selv kan forsørge seg, har rett til stønad fra det offentlige». Difor ønskjer han å bruke straffesaka til å vise at Grunnloven står over utlendingsloven.

Tiltalen omfattar 29 utlendingar som har jobba i Plog

Fredag får me vite om tingretten følgjer påtalemaktas reknestykke, som ser slik ut:

Bot: Å ha éin arbeidstakar i arbeid som ikkje har lovleg opphald i landet, gjev i Oslo politidistrikt ei bot på 50.000 kroner til arbeidsgjevar. Tiltalen omfattar 29 personar.

Inndraging frå Plog: Vikarbyrået har hatt ei brutto inntekt på vel 10 millionar kroner i perioden 2016-2018.

Inndraging frå Arne Viste: Plog har vel 1,4 millionar på konto, og har gjeve 1,5 millionar kroner i gåve til organisasjonen Mennesker i Limbo, som har sett pengane på konto. Dermed har påtalemakta dekning for å inndra 3 millionar kroner frå Viste.

Dommen blir forkynt i Stavanger tingrett fordi denne er næraste tingrett for Arne Viste, som bur i Sola kommune.

LES MEIR: Biskop-leia organisasjon har fått 1,5 millionar kroner frå Vistes firma

Har samla inn 150.000 kroner til rettssakfond

Viste varsla allereie før straffesaka i tingretten starta, at han ser for seg å anke dommen heilt til Høgsterett, for han ønskjer ei prinsipiell avklaring av Grunnloven versus utlendingsloven.

Viste og kona er aktive i IMI-kirken i Stavanger, og kyrkjelyden har samla inn pengar til Vistes rettssaker:

– Det har vore kjempeviktig for oss å stå så tett me kan med Arne i den kampen han kjempar, sa Egil Elling Ellingsen, pastor i IMI-kirken, til Vårt Land etter at runden i tingretten var over.

Gjennom kollekt har kyrkjelyden i Stavanger samla inn nær 150.000 kroner som dei har plassert i eit fond til Viste.

LES OGSÅ:

• Salen var full da Vårt Land viste filmen Disco. Her kan du høre paneldebatten etter visningen. – Overflaten fanges ganske bra, men jeg syns det er en gansk glossy utgave av oss, sa Andreas Hasseløy fra Hillsong.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter