Nyheter

KrF-nestleiar vil endre valsystemet

Ingelin Noresjø (KrF) ønskjer å samle Stortings- og lokalvalet i Noreg. Ho meiner valkampen i år stadfestar problema med ordninga.

– Kvar einaste valkamp opplever vi at nasjonale saker tek fokus vekk frå lokale og regionale saker, men i år var det særs tydeleg, seier Noresjø til NRK.

KrF-nestleiaren vil bort frå valsystemet der stortingsval og lokalval er separate. I staden vil ho ha val på same tid – slik som ein mellom anna har i Sverige.

Til statskanalen seier ho at ho ikkje kjøper argumentet om at nasjonale saker vil overskugge dei lokale.

– Vi ser at vi ikkje klarer å skape engasjement rundt lokale saker uansett. Det er nettopp dette årets valkamp stadfestar, og då synest eg argumentet om å halde dei skilde ikkje held lenger.

LES OGSÅ: KrF tapte maktkampe i sør – tidlegere KrF-ordfører blir første Ap-ordfører siden 1946

Noreg stopper opp

Til Vårt Land seier Noresjø at det er spesielt to gode grunnar til å gå bort frå valordninga i dag.

– Det eine er fordi eg meiner det er betre for demokratiet. Det handlar om at ein får avgjerdsprosessar som strekk seg over fire år i staden for to år som i dag. På både stortingsnivå og fylkes- og kommunenivå blir ein redde for å gå inn i konfliktsaker. Det gjer at Noreg stopper opp litt annakvart år, meiner Noresjø.

Den andre grunnen er økonomisk.

– Det kostar å halde val. Det kostar fleire hundre millionar kroner. Dette er pengar vi kunne brukt på ein annan måte.

LES OGSÅ: Jonas Sayed (21) blir tidenes yngste ordfører i Norge for KrF

Innstilling over nyttår

Nokre av nedsidene ved å legge om kjenner ein allereie til, spesielt frå Sverige som samla vala på 1970-talet. Eitt av argumenta mot å samle vala er at lokale parti vil kunne tape oppslutning. Det seier Jan Teorell, professor i statsvitskap ved Lund Universitet i Sverige, til NRK.

Trass i nedsidene meiner Noresjø at dei positive sidene veg opp. Framover er dette ei sak ho vil jobbe med.

– Akkurat no er det eit tverrpolitisk utval som ser på valsystemet i Noreg. Dei kjem med si innstilling over nyttår. I 2021-22 skal det takast ei avgjerd om endring i valordninga, og no vil eg løfte debatten.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter